Ein tredje tenåring er arrestert for terrorplanar mot Taylor Swift-konsertar

1 month ago 18



Ein 18 år gammal irakisk statsborgar er pågripen i Wien, fortel den austerrikske innanriksministeren Gerhard Karner.

Det melder avisa Kurier.

Pågripinga skjedde som ein del av etterforskinga av angrepsplanane mot Taylor Swift sine konsertar i Wien.

Målet til tenåringane var å drepe seg sjølve og store delar av publikum på konserten anten torsdag eller fredag.

Erklærte truskap til IS

18-åringen er den fjerde mistenkte i etterforskinga. Han skal høyre til kretsen til den 19 år gamle hovudmistenkte, som blei pågripen i byen Ternitz på onsdag.

Ein 19 år gamal IS-sympatisør planla eit sjølvmordsangrep under Taylor Swift-konsert i Wien, opplyser etterretningstenesta.

Ein 19 år gamal IS-sympatisør planla eit sjølvmordsangrep under Taylor Swift-konsert i Wien, opplyser etterretningstenesta i Austerrike.

Foto: ROLAND SCHLAGER / AFP

19-åringen har røter i Nord-Makedonia og skal ha erklært truskap til ekstremistgruppa IS.

Det same gjorde den irakiske 18-åringen, så seint som 6. august.

Skulle drepe seg sjølv og andre

I heile går blei dei mistenkte avhøyrde i høg hastigheit, seier innanriksminister Karner.

Ifølge austerriksk politi har 19-åringen tilstått at han hadde planar om å køyre ein bil inn i folkemengda utanfor Ernst Happel Stadium, og mogleg bruk av kniv og machete.

– Han sa at han ville gjennomføre angrepet ved bruk av sprengstoff og stikkvåpen. Vi beslagla desse våpena, sa tryggings- og etterretningsdirektør Omar Haijawi-Pirchner på ein pressekonferanse på torsdag.

General view outside Happel stadium after Taylor Swift's three concerts in Vienna this week were canceled

Utanfor kosnerthallen Ernst Happel torsdag 8. august.

Foto: Elisabeth Mandl / Reuters

Politiet har beslaglagt kjemikaliar og teknisk utstyr i bustaden som dei trur var der for å lage ei heimelaga bombe, skriv avisa Kronen Zeitung.

I tillegg er ein 17 år gammal mistenkt pågripen. Ein 15-åring er også mistenkt.

Avlyste konsertar

Innanriksminister Gerhard Karner seier at risikoen for islamistisk terror i Europa har tatt seg opp etter krigen mellom Hamas og Israel.

Swift skulle etter planen halde tre konsertar i Wien på torsdag, fredag og laurdag denne veka.

Det var venta 65.000 menneske til kvar konsert.

Konsertane blei avlyste som følge av terrortrugselen.

Måtte avlyse konsert

Taylor Swift måtte avlyse konsertane i Wien som følgje av terrortrugslar.

Foto: AP

– Av omsyn til alle sin tryggleik, har vi ikkje anna val enn å avlyse dei tre planlagde konsertane, sa arrangøren onsdag.

Neste veke skal Swift spele konsertar seks kveldar på rad i London.

Politiet i landet seier det er ingenting som tilseier at terrortrugslane i Austerrike vil ha noko å seie for dei kommande konsertane i London, melder Reuters.

Interessert i utanriksstoff? Høyr utanriksredaksjonen sin podkast:

Publisert 09.08.2024, kl. 11.00 Oppdatert 09.08.2024, kl. 11.13

Read Entire Article