– Eg prøver å sjå på det vesle hjulet, men eg føler det kanskje ikkje alltid stemmer.
Maren Andrea Bratthaug brukar gjerne brødskalaen når ho kjøper brød på matbutikken. Det vesle «hjulet» seier noko om kor grovt eit brød er.
– Det står i alle fall at det er halvvegs grovt. Det er nok for meg, seier Bratthaug.
Maren Andrea Bratthaug går ikkje for det aller grovaste når ho handlar brød.
Foto: Helene Hjelseth HolenMen det er ikkje alltid lett å vite om det vi puttar i handlevogna er bra for oss.
Nesten ein av tre synest det er vanskeleg å vite kva slags brød som er sunne.
Det kjem fram i ei undersøking gjort av Norstat for NRK.
Vi har samla ernæringsfysiologens tips til å finne eit sunt brød nedst i saka.
Ifølgje kostråda frå Helsedirektoratet bør vi ete meir av desse.
Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK– Ikkje fornøgde
Vi nordmenn et for lite grovbrød, ifølgje Helsedirektoratet.
– Vi har ein jobb å gjere, seier helsedirektøren når ho høyrer resultatet av undersøkinga til NRK.
Foto: Marius Revold / NRKKvart år kjem dei med ein rapport som seier noko om korleis det står til med det norske kosthaldet.
I år viser den at vi bør putte fleire brødskiver i matpakka.
– Vi er ikkje fornøgde med utviklinga når det gjeld å ete fullkorn og grovt korn, seier Helsedirektør Cathrine Lofthus.
Ho vil nemleg at kvar og ein av oss skal ete minst 90 gram fullkorn kvar dag, eller rundt 4 grove brødskiver.
Men vi et i snitt berre 56 gram kvar dagleg.
Vi et også færre brødskiver enn før, viser ein nordisk kosthaldsrapport som kom i desember.
– Konsekvensane er jo at vi får ei litt dårlegare helse i den norske befolkninga, seier Lofthus.
Det kan vere lurt å sjå på kor grovt eit brød er, seier ernæringsfysiologen.
Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK– Ekstrem brødforvirring
– Folk har begynt å tenke at dei skal kutte brødet, i staden for at vi fortsett å fokusere på kva slags brød vi bør velje, seier Tine Sundfør.
Ho er klinisk ernæringsfysiolog, og meiner folk undervurderer kor bra ei brødskive kan vere for kroppen.
– Å ete fullkorn dagleg, det er viktig for helsa vår. Det beskyttar mot dei aller største livsstilssjukdommane våre. Nemleg hjarte- og karsjukdom og kreft.
Sundfør trur at eit overdrive fokus på ultraprosessert mat har ført til at folk vel vekk brødskiva.
– Akkurat no er det ei ekstrem brødforvirring. Det har blitt, vil eg seie, for einsidig fokus på kor prosessert noko er, men så har vi mista det å tenkje på næringsinnhaldet i maten.
Ho forstår godt at folk blir usikre på kva som er sunt og ikkje.
– Når éin ting får veldig mykje oppmerksemd, også i sosiale medium, så blir trykket veldig sterkt. Det gjer at folk blir veldig forvirra. Og eg ser at eit av dei produkta det er mest forvirring rundt, det er brød.
Ultraprosessert eller ikkje?
Men kvifor er ein del av brøda vi finn i butikken å rekne som ultraprosesserte?
Sundfør forklarar at ein del av dei veldig grove brøda rett og slett treng litt hjelp for å heve skikkeleg.
– Det er lett å bake fine brød, fordi dei hever veldig lett, seier Sundfør.
Men for at dei grovaste brøda ikkje skal bli kompakte mursteinar, er det vanleg å tilsette litt ekstra gluten eller enzym som hjelper til med hevinga.
Da blir også ingredienslista litt lengre.
Slik finn du sunt brød
Korleis skal du vite at du vel «riktig» brød når du står der framfor brødhylla?
Ein kan jo gå seg litt vill i alt utvalet.
Sundfør åtvarar mot å kjøpe brød berre etter utsjånad. Ho peiker på eit freistande brød i matbutikken.
– Ikkje gå i fella, seier ernæringsfysiologen. Nokre brød ser nemleg grovare ut enn dei er.
Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK– Dette ser ganske grovt ut. Men les du på pakka, så er det berre 13 prosent grovt mjøl i.
Det er tilnærma loff, seier ho.
– Men det ser jo ganske lekkert ut, så det er lett å la seg lure.
Publisert 02.01.2026, kl. 06.03






















English (US)