Ein av fem klar for statsminister Listhaug

4 days ago 12



Frp går som ein rakett på målingane, og NRK har bede Norstat spørje folket kven dei meiner er best skikka til å vere statsminister dersom dei kan velje mellom Jonas Gahr Støre, Erna Solberg og Sylvi Listhaug.

Tala viser at Frp-leiaren melder seg på i kampen om å vere regjeringssjef.

Bilder av Jonas Gahr Støre, Erna Solberg og Sylvi Listhaug med tall fra statsministermåling desember 2024 med 28 % til Støre, 34 % til Solberg og 22 % til Listhaug.

Statsministermåling desember 24: Kven av Støre, Solberg og Listhaug meiner du er best skikka til å vere statsminister i Noreg? 16 prosent svarar «veit ikkje».

Statsministermåling desember 24: Kven av Støre, Solberg og Listhaug meiner du er best skikka til å vere statsminister i Noreg? 16 prosent svarar «veit ikkje».

Støre og Solberg har størst støtte, men Listhaugs tal er nesten like høge som oppslutninga til partiet hennar. I desembermålinga fekk Frp 27,7 prosent oppslutning.

Frp-leiaren sjølv insisterer likevel på at statsministerjobben ikkje er det viktigaste for henne:

– Eg synest ikkje det er så interessant å diskutere desse posisjonane. Politikken er uansett det viktigaste.

Men ho seier også det Frp har understreka fleire gonger i haust:

– Vi har som alltid sagt, som utgangspunkt, at det er naturleg at det største partiet får statsministeren.

Dersom ein skal ta henne på ordet, ville det bety at eit Frp med valresultat som liknar dagens målingar ville gått inn i regjeringsforhandlingar med krav om at ho skal styre landet.

Berre støtte frå sine eigne

Blant folk som no vil stemme Frp er støtta til statsminister Listhaug stor.

Tre av fire Frp-veljarar vil ha Frp-leiaren som regjeringssjef.

Men tanken om statsminister Listhaug står ikkje særleg sterkt når ein spør dei som ikkje stemmer Frp.

Blant Høgre-, Venstre- og KrF-veljarar er det nesten ingen som svarar at Listhaug er den beste kandidaten.

Sittande statsminister Støre har støtte frå færre veljarar enn Høgres Erna Solberg.

Han er bak henne både når veljarane har tre statsministerkandidatar å velje mellom og når dei berre har to.

Bilde av Jonas Gahr Støre og Erna Solberg med tallene fra statsministermålingen i desember 2024. Viser 28 % til Støre og 46 % til Solberg.

Statsministermåling desember 2024: Kven meiner du er best skikka til å vere statsminister i Noreg? Støre eller Solberg? 27 % svarar «veit ikkje».

Statsministermåling desember 2024: Kven meiner du er best skikka til å vere statsminister i Noreg? Støre eller Solberg? 27 % svarar «veit ikkje».

Støtta til Støre er på det svakaste for året i november og desember, og denne månaden har diskusjonen om hans leiarframtid for alvor starta.

Trøysta for Støre er at han ikkje får mindre støtte av at Listhaug er med i kabalen. Støre får 28 prosent i begge målingar, mens det er Solbergs tal som blir svekka av at Listhaug er alternativ.

Dei 1000 som vart ringde opp, vart først spurde om synet på Solberg og Støre. Deretter fekk dei spørsmålet på nytt med Listhaug som ekstra kandidat.

– Vi ser eit klart skifte når vi spør om Sylvi Listhaug i tillegg, og dette handlar i all hovudsak om at Frps veljarar byter preferanse når dei får henne som alternativ, seier Mads Motrøen, ansvarleg for politiske målingar i Norstat.

Nasjonalt partibarometer desember 2024

Kva ville du stemt om det var stortingsval? Oppslutning samanlikna med november.

PartiOppslutningEndring
27,7%

+2,4
20,7%

−0,3
16,8%

−0,7
6,9%

−2,4
6,8%

+1,5
4,8%

+0,4
4,7%

−0,7
4,2%

+1,3
3,9%

+0,4
3,7%

−1,7
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Basert på 1000 intervjuer gjort i perioden 10.12.24–14.12.24. Feilmarginer fra 1,1–3,4 pp. Kilde: Norstat

Publisert 20.12.2024, kl. 06.03

Read Entire Article