Utanriksminister Espen Barth Eide er på besøk i Ukraina. Natt til tysdag har det vore russiske angrep mot Kyiv – noko utanriksministeren fekk erfart.
– Vi både høyrde eksplosjonar og var delar av natta i tilfluktsrom i kjellaren. Det er konstante angrep frå Russland, ein må alltid vere på vakt, seier Eide til NRK.
Hovudstaden blei angripe med russiske rakettar. Også byen Kharkiv blei råka av russiske angrep – fire personar blei drepne.
Måndag møtte Eide Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj. Dei snakka om «den akutte situasjonen» i verda.
– For oss er det som skjer i Ukraina er det aller mest dramatiske. Denne krigen avgjer også vår framtid, seier Eide.
Ifølgje Eide er Zelenskyj takksam for den umiddelbare energi- og budsjettstøtta frå Noreg.











English (US)