– Eg er meir uroa enn tidlegare år

1 month ago 28



15.000 i kø for å få studentbustad:

Studentar førebur seg allereie på å starte studieåret på sovesal i mangel på ein stad å bu.

 Håvard Sjursen / TV 2
SOVESAL: I Bergen er studentsamskipnaden klare til å ta i mot 100 studentar utan bustad. Foto: Håvard Sjursen / TV 2

Publisert 02.08.2024 19:59

Det nærmar seg semesterstart, og i år som i fjor er det stor rift om både studentbustadar og bustader på den private marknaden. 

Fredag kom nye tal frå studentsamskipnadane som viser at rekordmange studentar har fått studentbustad. 

Likevel er det over 15.000 som framleis står i kø. 

No førebur fleire seg på å måtte starte studieåret utan stad å bu. 

– I Bergen opna vi bookinga på sovesalar i går og vi har allereie folk som har booka plass, seier Amalie Lunde, nestleiar for studentsamskipnadrådet.

 Håvard Sjursen / TV 2
STOR PÅGANG: Amalie Lunde er nestleiar for studentsamskipnadrådet. Ho seier det er stort press på bustadmarknaden for studentar. Foto: Håvard Sjursen / TV 2

Uroa 

Studentsamskipnadane førebur seg alltid på å ta i mot studentar som ikkje har ordna stad å bu, til dømes gjennom lesesalar omgjort til sovesalar og avtalar med campingplassar rundt studiestadane. 

Lunde seier busituasjonen stort sett pleier ordne seg greitt for dei fleste, men legg likevel ikkje skjul på at ho er uroa. 

– Eg er meir uroa i år enn tidlegare år for korleis det skal gå for studentane, seier Lunde. 

Ho viser til at også den private leigemarknaden er pressa. 

– Ein ting er om studentane får bustad eller ikkje. Ein annan ting er kva dei blir nøydde til å godta. 

 Fride Sørensen / TV 2
SOVESAL: I fjor var denne tidlegare lesesalen i Sogn Studentby omgjort til sovesal for studentar. Liknande ordningar har ein i fleire byar. Foto: Fride Sørensen / TV 2

Ho fryktar at studentar står i fare for å måtte bruke heile studielånet på å betale husleige, eller at dei blir nøydde til å ta til takke med ein bustad med dårleg kvalitet.

– Det vil gå utover moglegheita dei har til å vere student, seier Lunde. 

– Enormt behov 

Sjølv om byggetakta har vore høg siste åra, meiner Lunde ein framleis ser at det er eit enormt behov for å bygge fleire studentbustadar. 

– Samskipnaden si rolle er mellom anna å påverke den private marknaden. Då må me kunne tilby bustadar med kvalitet til ein god pris, og vi må ha nok bustadar å tilby, seier Lunde.

– Det er ei utfordring. 

Her er køane størst

Oversikta viser tal på studentar på venteliste per 1. august.

15.675 studentar står framleis i kø. Det er 218 færre enn i fjor.

  • Studentsamskipnaden SiO (Oslo og Lillestrøm): 6860

  • Studentsamskipnaden på Vestlandet (Vestland fylke): 3407

  • Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim (opererer ikke med venteliste, men interessentliste): 1955

  • Norges arktiske studentsamskipnad: 804

  • Studentsamskipnaden i Agder: 654

  • Studentsamskipnaden i Stavanger: 600

  • Studentsamskipnaden i Ås: 584

  • Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge (Vestfold, Telemark og Buskerud): 383

  • Studentsamskipnaden i Innlandet: 145

  • Studentsamskipnaden i Molde: 139

  • Nord studentsamskipnad: 135

  • Studentsamskipnaden i Indre Finnmark: 9

  • Studentsamskipnaden i Volda: 0

  • Studentsamskipnaden i Østfold: 0

  • Kjelde: NTB

Ho etterlyser difor meir tilskot frå staten slik at dei kan klare å bygge fleire bustadar med høg kvalitet. 

 – Det er gledeleg at over 40.000 studentar no kan bu i studentbustadar, men me ser at det er ein svært pressa marknad rundt om i landet og at fleire plassar har mangel på bustadar. 

Leit privat

Lunde oppmodar studentar som framleis ikkje har bustad, til å framleis søke om plass og til å behalde plassen sin i køen.

– Håpet er ikkje ute. Ein ser vanlegvis mykje rørsle i august.

 Håvard Sjursen / TV 2
UROA: Amalie Lunde oppmodar studentar til å leite etter privat bustad, men fryktar dei må ta til takke med dyre bustadar eller bustadar med dårleg kvalitet. Foto: Håvard Sjursen / TV 2

I fjor tildelte samskipnadane om lag 4000 studentbustadar i perioden mellom 1. august og 1. september. 

Med tanke på at det er over 15.000 i kø, seier ho likevel at studentar må leite i den private leigemarknaden. 

– Alle vil ikkje få bustad hos studentsamskipnadane. 

Read Entire Article