E39 på Ålgård: Ny vurdering kjem laurdag

5 hours ago 3



E39 ved Ålgård er framleis stengd. Ei ny vurdering om når vegen skal opnast kjem laurdag føremiddag, opplyser Statens vegvesen.

– Vi har utført geotekniske grunnundersøkingar frå torsdag kveld til fredag ettermiddag. Undersøkingane gir grunnlag for at vi nå har tilstrekkeleg oversikt over grunnforholda, seier seksjonssjef Morten Hage i Statens vegvesen.

Vegen har vore stengd sidan torsdag kveld etter at ein 40 meter lang sprekk i asfalten vart funnen like ved Kongeparken på Ålgård.

– No overvaker vi grunnvasstanden og er avhengige av at den søkk. Samtidig gjennomfører vi kontrollmålingar og observerer skråninga for å sikre at det ikkje går føre seg bevegelsar. Tryggleiken kjem alltid først. Vi må vere helt sikre på at E39 er trygg før vi slepper trafikken på igjen, understrekar han.

Read Entire Article