Dyrkar tobakk i Finnmark: – Når folk tenker tobakksplanter, da tenker dei jo Sør-Amerika

2 days ago 12



Finnmark er kjend for lang og hard vintersesong, og korte somrar som gir kortare vekstsesong enn i sør. Det hindrar ikkje Peter Knutsen frå Alta i å dyrke tobakk som skal bli til snus.

– Det verkar som det er eit gøy påfunn at det gror her. Når folk tenker tobakksplanter, da tenker dei jo Sør-Amerika, seier Knutsen.

Ifølge klimaforskar ved Meteorologisk institutt, Reidun Gangstø, har vekstsesongen auka i Finnmark med rundt to veker dei siste 30 åra. Sesongen vil kunne auke med ein månad fram mot 2050.

– Ein reknar med at vekstsesongen vil auke med éin månad fram mot midten av hundreåret, og så kan sesongen bli to til tre månadar lengre fram mot slutten av hundreåret, forklarar Gangstø.

Satse for fullt

Sola skin over radene med tobakksplanter på Heimdal gard i Alta. Hobbygartnaren Knutsen har fått låne jord til tobakksdyrking. Det skal bli til snus.

– I år blir det 400 planter. No driv eg og kona og byggjer eit drivhus for å oppbevare plantene. Og kanskje kona får plass til nokre blomar i tillegg.

I fjor valde Knutsen å så eigen råtobakk til snus, men ei frostnatt skada avlinga hans.

Det vart 4,5 kilo med ferdig snus.

Sjølv om fjoråret ikkje kom med så mykje, har Knutsen stor tru på avlinga i år.

– Eg reknar med at vi får til 35 kilo. Det er artig å halde på med. Vi er alle med. Eg har fem ungar med på å sette ut planter.

Tobakk i Finnmark

Blada frå tobakksplantene blir samla inn om hausten. Etter ein lengre prosess vil dei bli til snus.

Foto: Thomas Bergvoll Alstad / NRK

Meir utfordrande i nord

Kva har dette med å klimaendringa å gjere?

Knutsen sjølv kan ikkje seie om det er ein direkte samanheng, men fortel at det har vore tobakksdyrking i Noreg sidan 1600-talet.

– Eg veit ikkje kor langt nord det har vore dyrking av tobakk, men de er ikkje så mange i Alta. Vi prøvar og det gror, seier Knutsen.

Tobakk på Heimdal gård

Knutsen veit det har vore dyrka tobakk i Noreg i fleire år. Tobakksplanta Rustica veks godt hos han, mens dei to andre sortane som han har, Burley og Virginia, er meir utfordrande å dyrke i kaldt klima.

Foto: Thomas Bergvoll Alstad / NRK

Han trekker fram lysforhold som ein av de største fordelane, men at det ikkje er nok.

Vi har jo ein veldig kort vekstperiode her oppe, kontra i sør. Der kan dei sette det ut i mars. Medan vi har berre tre månadar på oss.

Overraska Eli Kari

Det er ikkje berre Knutsen som har dyrka fram avling som ein kanskje ikkje vil tru veks i Alta eller Finnmark. Sivert Krudtå fekk merksemd i fjor for å ha sendt halvtanna kilo eple til Eli Kari Gjengedal i TV 2 etter ein diskusjon om akkurat det.

Ho trudde ikkje på det, og det skjønar eg. Men eg lova å sende ei pakke med eple til henne, og det gjorde eg. Så ho fekk ei overrasking, seier Krudtå.

Men han hadde ikkje trua sjølv då ein kompis fekk seg epletre for ti-elleve år sidan.

– Eg sa til han «Er du galen, mann? Eple i Alta?!» Men så gjekk det nokre år og eg fann ut at eg også kan prøve, seier Krudtå.

Sivert Krudtå

Sivert Krudtå frå Alta er ein av fleire som har fått eple i hagen sin. Bak han er det fullt av blomar på epletreet.

Foto: Thomas Bergvoll Alstad / NRK

Har merka ei endring

Krudtå er heilt sikker på at klimaendringane er årsaka til at han får eple i hagen.

– Eg trur nok vi kjem til å få Oslo-temperaturar om 10–20 år, seier han.

Klimaforskar ved Meteorologisk institutt, Reidun Gangstø forklarar at det tar litt lengre tid før klimaet i Finnmark og i Oslo kan bli samanliknbare.

Når det gjeld dyrkingsforholda i Alta, kan ein ikkje samanlikne dei med fruktområda i Hardanger. Vi har kortare vekstsesong i nord, og det er oftare frost og lengre vinter. Så det er jo vanskelegare å få gode avlingar der, seier Gangstø.

Reidun Gangstø

Reidun Gangstø, klimaforskar ved Meteorologisk institutt seier at det er uvanleg å kunne dyrke eple så langt nord.

Foto: Helge Tvedten / NRK

Ho forklarar at vekstperioden i Alta og Finnmark har auka dei siste 30 åra med to veker. Og at han vil auke meir framover.

Ikkje nødvendigvis betre forhold

Gangstø trekker også fram at sjølv om at det blir varmare om hausten så endrar ikkje lysforholda seg, dermed blir ikkje nødvendigvis vesktforholda betre på hausten.

Varmare haustar og meir haustnedbør kan også påverke kor herda plantene blir før vinteren kjem. Varmen vil også gi ei anna utfordring for dei som dyrkar i nord.

– Ein får større risiko for styrtregn som kan skade både avlingar og infrastruktur og gi meir erosjon og avrenning. Og så gir det auka risiko for skred og flaum, seier Gangstø.

I fjor vart fleire fruktbønder i Hardanger råka av eit kraftig uver som skada avlingane.

Klimaforskaren opnar for at det vil vere høve til å dyrke meir varmekjære arter i nord også framover, men seier også at ein bør forsøke å redusere utsleppa for å redusere dei negative endringane.

Noreg har som mål om å halvere klimagassutsleppa innan 2030. Om alle dei planlagde tiltaka skjer vil vi oppnå 55 prosent kutt i nasjonale klimagassutslepp i 2033.

Håpar det blir ein del

Tilbake i hagen til Krudtå er epletre i full blomstring. Men det er for tidleg å seie noko om kor mykje eple som kjem.

– Vi får håpe på at det blir nokre kilo. Det ser jo lovande ut, seier Krudtå.

Han har allereie planar for nokre av epla.

– Dei sender eg til Eli Kari. Det har eg lovd henne, og det skal eg halde.

Sivert Krudtå

Krudtå håpar det blir ein god del frukt i år også.

Foto: Thomas Bergvoll Alstad / NRK

Publisert 27.06.2024, kl. 20.52

Read Entire Article