– Eg synest dekke nå er heilt prima. Det er mykje betre enn det me hadde tidlegare.
Stefan Mladenovic er kaptein på andredivisjonslaget Pors Fotball i Porsgrunn.
Det ser ut som ei vanleg fotballtrening på ein vanleg norsk kunstgrasbane.
Men innfyllet på matta skil seg ut.
Dei svarte og miljøskadelege gummikulene er nemleg byta ut med bjørkegranulat på både den nye treningsbana og hovudbana til Pors.
– Når det først er tørt på dette underlaget, blir det veldig tørt. Då kan det lugga ein del. Men når det blir vatna, er bana heilt topp å spela på, meiner Pors-kapteinen.
Pors-kaptein Stefan Mladenovic har blitt glad i å spela fotball på kunstgras dekt med bjørkeinnfyll.
Foto: Tom Ole Buaas / NRKHastar med alternativ
Små, svarte gummikuler.
Som festar seg på treningsbuksa.
I fotballskoen.
I gangen.
I klesvasken.
Alle som har tilbrakt litt tid på ein norsk kunstgrasbane kjenner seg igjen.
Gummigranulat er namnet.
90 prosent av dei om lag 50.000 kunstgrasbanane i Europa er dekt med dette.
I utgangspunktet eit perfekt innfyll på kunstgras, men den store slagsida er miljøkonsekvensane og utsleppet av mikroplast (sjå under).
I 2031 kjem forbodet mot gummigranulat.
Derfor blir det jobba på spreng for å finna gode alternativ.
Pors landa på bjørkeinnfyll. Det har same konsistens som gummi og oppfører seg på same måte, ifølge klubben.
– Så blir det spanande å sjå korleis det blir når kulda kjem til vinteren og korleis forholda blir då, seier Pors-trenar Magne Hesmyr Nilsen.
Norsk bjørk på kunstgras i Europa
Det er nok produsenten i Årdal i Ryfylke også spente på. Dei meiner dei har funne ei av løysingane på miljøkrisa for kunstgrasbanane.
– Me trur me har eit veldig godt produkt som kan ta mykje av marknaden. Potensialet er enormt stort.
Jonas G. Ravnås er dagleg leiar ved NorFill Sports og viser fram ein neve bjørkeflis.
I «bjørkefabrikken» går tømmerstokkar av bjørk gjennom ein omfattande prosess, som til slutt endar opp i små partiklar.
– Me har testa produktet over fleire år og har fått formell godkjenning av det internasjonale fotballforbundet Fifa, seier Ravnås.
I dag er bjørkegranulatet lagt på 30 banar i Norge, og NorFill Sports har tatt 20 prosent av den norske kunstgras-marknaden i 2025.
Produktet er også testa i Sheffield i England i eit prosjekt som er sponsa av Premier League og det engelske fotballforbundet.
Ryfylke-bedrifta samarbeider også med Norges Fotballforbund (NFF).
– Bjørkegranulat er eit godt produkt, spesielt før temperaturen blir for låg og banane risikerer å bli harde å spela på. Produktet er noko fleire av våre klubbar er fornøgde med, seier kommunikasjonsdirektør i NFF, Ragnhild Ask Connell.
Men per i dag finst det ikkje noko fullgodt alternativ til gummigranulat, ifølge NFF.
– Med tanke på speleigenskapar har gummigranulat utgjort eit fantastisk materiale, sommar som vinter, i heile Norge. Ikkje noko er foreløpig på dette nivået, seier Ask Connell.
Likevel står det ikkje på planane til bjørke-produsenten i Ryfylke.
– Me har også planar i fleire land i Norden, og har vunne vår første bane i Sveits. Me jobbar også aktivt mot Sverige og fleire andre marknader, seier Ravnås i NorFill Sports.
Det langsiktige målet er å produsera og selja bjørkegranulat til 1000 banar i året innan 2031.
Jonas G. Ravnås er dagleg leiar og ein av 14 tilsette ved NorFill Sports. Han seier produksjonen skal doblast, noko som vil gi fleire arbeidsplassar.
Foto: Magnus Stokka / NRK– Behov for fleire
Men mange alternativ er prøvd før.
Sand, kork, kokos, furu, olivenstein, maiskolbar, bark og kongler har blitt strødd over norske grasmatter.
Men eigenskapane til gummien er vanskeleg å erstatta.
– Kvifor skal ein då lukkast med norsk bjørk?
– For vår del har det handla om å utvikla eit produkt med ideelle fotballtekniske eigenskapar som samstundes ivaretar berekraftsperspektivet. Med godkjenningane me får, har me langt på veg bestått, meiner Ravnås.
Miljødirektoratet vil ikkje kommentera enkeltprodukt, men er generelt positive til at fleire nå utviklar alternativ til gummigranulat på norske kunstgrasbanar.
– Det finst alt nå fleire alternativ til plast, og me vil trenga fleire for å dekka behovet, seier seksjonsleiar Mathieu Vulemans.
Han understrekar at klubbar som alt har lagt banar med gummi, vil kunna halda fram med å bruka dei – også etter forbodet i 2031.
Men då må dei ha sett i verk tiltak etter ei nasjonal forskrift.
Forbodet gjeld å rehabilitera eller legga nye banar med gummigranulat.
– Dei nordiske landa har også blitt einige om å laga eit felles prosjekt for å testa ulike alternativ, seier Vulemans.
Jonas G. Ravnås i NorFill Sports viser produksjonen av bjørkeinnfyll til kunstgrasbanar.
Foto: Magnus Stokka / NRKAuka tilskot
Men dei miljøvenlege alternativa har lenge vore meir kostbare for klubbane og kommunane. Der gjer at mange framleis går for gummigranulat.
Sjølv om ein stor del av meirkostnadane blir kompensert gjennom statlege støtteordningar i form av spelemidlar frå Norsk Tipping.
– Me er litt dyrare enn gummigranulat pris mot pris, men med dei statlege støtteordningane blir me rimelegare enn gummi i 2026, seier Ravnås i NorFill Sports.
Nyleg informerte også regjeringa om at dei aukar tilskota for kunstgrasbanar utan gummigranulat.
– Eg er glad for at me nå tar grep saman for meir miljøvennlege idrettsbanar, sa statsminister Jonas Gahr Støre då handlingsplanen blei lansert.
Fotballens Miljøfond er også oppretta for å sikra plastfrie fotballbanar innan 2031, og 350 millionar kroner er sett av til føremålet.
Slik ser kunstgrasmatta til Pors ut med dekke av bjørke-granulat.
Foto: Tom Ole Buaas / NRKLitt dyrare – enn så lenge
For Pors Fotball blei ikkje bjørkeinnfyllet dyrare enn gummi for treningsbana (sjå faktaboks). Men for stadionbana blei bjørk 260.000 kroner dyrare enn gummi ville blitt.
Med auka støtte for 2026 viser klubben sine utrekningar at dei faktisk ville gått 600.000 kroner i pluss på treningsbana dersom dei hadde venta med oppgraderingane til neste år.
– Argumentet frå enkelte klubbar om at ein ikkje har råd til å byta til organisk innfyll, held ikkje mål. Med dei nye satsane frå 2026, er dette ei gunstig ordning, seier styremedlem Per Kjetil Sørensen i Pors.
Han poengterer likevel at det ikkje finst støtteordningar for vedlikehald, og at klubbane må ta høgde for ekstra kostnadar her når dei vel organisk innfyll som bjørk.
Publisert 26.11.2025, kl. 16.39


















English (US)