– Ei auke i drivstoffprisar påverkar alt anna i økonomien. For ein kenyanar er det mykje vanskelegare å absorbere ei prisauke enn det er for ein nordmann, seier Churchill Ogutu.
Olje og drivstoff er blitt eit knapt gode over heile verda etter at Hormuzsundet vart strupa for trafikk, og prisane skaut i vêret.
Churchill Ogutu er økonom, og godt oppdatert på effektane av høge drivstoffprisar i Kenya.
Foto: Vegard Tjørhom / NRKOgutu er ein kenyansk økonomiekspert som NRK møter i Kenyas hovudstad. Han snakkar om det både dei fleste kenyanarar og nordmenn snakkar om for tida: Skyhøge drivstoffprisar.
Store variasjonar i kjøpekraft
Frå 1. september har drivstoffet i Noreg blitt dyrare, etter fleire månader med lågare statlege avgifter enn normalt.
Når nokre land subsidierer drivstoff kan det bidra til at forbruket og etterspørselen held seg oppe. Dermed held også prisane seg oppe.
– Kor stort utslaget blir, er ikkje klart. Men det er klart at energiprisane aukar, seier økonomiprofessor Kalle Moene på Universitetet i Oslo.
I Kenya rammar dei høge drivstoffprisane innbyggjarane hardt.
Foto: Vegard Tjørhom / NRKNoreg er ikkje åleine om å subsidiere drivstoff. Med i overkant av 5,6 millionar innbyggjarar er drivstoffbruket vårt ganske lite i global samanheng.
Men også USA, som er verdas største økonomi, held prisane kunstig låge. Endå lågare er prisane i oljestormakter som Angola, Libya, Venezuela Saudi-Arabia og ikkje minst Iran.
Å samanlikne prisar og inntektsnivå på tvers av mange ulike land opnar for mange moglege feilkjelder. Men med omtrentlege tal får ein likevel ein peikepinn på skilnadane mellom arbeidstakarar i ulike land.
Medan nokre land har billig drivstoff, så er det ein del andre land som slit med å halde prisane låge. I Kenya forsøker dei å skjerme innbyggjarane sine mot dei høge drivstoffprisane ved å vidareføre eit avgiftskutt dei innførte i sommar. Enn så lenge er avgiftskuttet planlagd fram til midten av oktober.
Mindre løn - mindre drivstoff
Men trass dette avgiftskuttet, som har ført bensinprisen i Kenya ned mot 15 kroner literen, har ein vanleg kenyanar råd til langt mindre drivstoff enn ein nordmann. Grunnen til dette er lønningsnivået.
Om Ola eller Kari Nordmann bruker ei heil dagsløn på bensin, må ein vanleg kenyanar bruke minst 21 dagslønner for å kjøpe den same mengda bensin.
Ei anna samanlikning kan vere å sjå kor mykje av ein person si inntekt som vil gå med om ein skal fylle 40 liter bensin. Ei utrekning frå GlobalPetrolPrices viser at ein kenyanar må bruke 37 prosent av løna, medan ein nordmenn må bruke 1,6 prosent av løna.
Moene er kritisk til at norske politikarar gjorde drivstoffet i Noreg billigare, fordi han meiner det kan føre til auka forbruk, som kan presse opp prisane på verdsmarknaden og ikkje er bra for miljøet.
– Men kunne ein hjelpt nordmenn med drivstoffprisane på ein anna måte?
– Ja, det kunne ein lett ha gjort. Viss eit selskap for eksempel har høge drivstoffutgifter, kunne ein støtta dei med det forbruket dei hadde i fjor. Då stimulerer ein ikkje til auka forbruk i år. Det ville vore betre for miljøet, for folk i Kenya og omtrent det same for oss i Noreg, svarer han.
Må tilpasse livet
Alle dei som NRK snakkar med i Kenyas hovudstad har endra vanane sine dei siste vekene på grunn av høge drivstoffprisar.
– Me må verkeleg tilpasse oss. Du må stå opp tidleg slik at du kan gå lengre og ta mindre kollektivtrafikk, kanskje må fleire også kutte frå to til eitt måltid om dagen. Me får same løn som før, men prisane er høgare. Og livet må fortsette, seier Beatrice Watako.
Beatrice Wakoto går mykje meir enn før for å spare pengar.
Foto: Vegard Tjørhom / NRKNRK møter ho gåande langs ein av byens travlaste vegar. Ho sparer nokre shilling ved å gå eit stykke før ho set seg på bussen.
Motorsykkelsjåfør Samuel Ngunjiri sukker oppgitt. Han er ikkje blant dei i Nairobi som har investert i el-motorsykkel, så han må kjøpe drivstoff.
– Me som jobbar i transportsektoren er ekstra hardt ramma. Inntekta blir veldig låg. Så du må tilpasse deg veldig mykje, fordi rekningane i kvardagen er like høge og familien han forventingar. Så ein må redusere dei fleste utgifter for å få ting til å gå opp, seier Ngunjiri.
Drivstoff er viktig for å frakta varer. Difor fører høge drivstoffprisar til at mykje anna i samfunnet også blir dyrare.
Foto: Vegard Tjørhom / NRKHan pleier å spørje passasjerar om litt ekstra tips, men får som oftast til svar at dei ikkje har råd - for også dei møter høgare levekostnader.
– Auka i drivstoffprisar fører også til at produksjon og transport av matvarer er dyrare, som også har ført til ei betydeleg auke i matutgifter for kenyanarar, seier økonomiekspert Ogutu.
Forstår at politikarane vil at politikken skal synast
Kalle Moene meiner me snakkar for lite om dei globale konsekvensane av lokal politikk.
– Det er blitt meir og meir typisk å ikkje snakke om dei globale konsekvensane av lokal politikk. Ein er på ein måte seg sjølv nok, meiner Moene.
– Samtidig har jo mange nordmenn bilar som treng drivstoff. Politikarane har jo lyst til å hjelpe dei?
– Det forstår eg godt. Dei vil gje det på ein synleg måte. Å subsidiere er mykje meir synleg enn å gje ei pengestøtte som gjer at folk kan kjøpe omtrent det same som før, svarer han.
Drivstoffkrise før valkampen
Kenya er ingen stor oljeprodusent, men også i afrikanske «oljeland» er det anten høge drivstoffprisar eller omfattande subsidiar. Kapasiteten til å gjere olje om til drivstoff er ganske liten sør for Sahara fordi det lenge har vore få oljeraffineri i regionen.
Behovet for import er difor stort, og når drivstoff er ein internasjonal vare må ein ut på marknaden der etterspurnad styrer prisen.
Men ulike land handlar ofte i litt ulike marknadar. Linken mellom bensinprisen i Kenya og Noreg er ikkje direkte. Kenya har stat-til-stat avtaler med Saudi-Arabia og Emiratane, medan Noreg er del av ein europeisk marknad.
Likevel: Utfordringane som Iran-krigen skaper for skipstransport påverkar prisane over heile verda.
Også i Kenya ønsker fleire at regjeringa skal trø endå meir til med subsidiar og avgiftskutt.
– Ja, det er klart at regjeringa må gjere noko for å hjelpe folk, fordi folket har det verkeleg ikkje enkelt, seier Beatrice Watako.
Kenya må også handtere enorm statsgjeld
Kenyanske styresmakter har allereie gjort tiltak for å få ned prisen. Då Hormuz-sundet stengde innførte dei raskt subsidiar, og avgiftene vart halvert frå 16 til åtte prosent. No sjekkar også landets finansdepartement om dei kan gjeninnføre subsidiar som vart fjerna i 2022.
Dette skjer mot eit bakteppe der landet er i djup gjeld. Noverdien av statsgjelda tilsvarer 65 prosent av landets brutto nasjonalprodukt, og det å innføre subsidiar er difor vanskeleg. Kreditorane ser ikkje positivt på at pengar heller går til å gjere varer billigare enn til nedbetaling av gjeld.
Samtidig skjer alt dette etter fleire år med uro på grunn av høge levekostnadar for folk, og det er berre eit år til landet skal gå til val.
Økonomiekspert Ogutu trur at nettopp valkampen vil føre til at kenyanske politikarar vil kjempe om å vere dei som foreslår flest tiltak for å halde drivstoffprisane så låge som mogleg.
– Fleire gonger når prisane har gått opp har eg sett at opposisjonen har vore frampå og forlanga fleire tiltak. Så fram mot valet er sjansane store for at me vil sjå at momsen held seg på 8 prosent, og ikkje blir sett opp igjen til 16 prosent, seier Ogutu.
Publisert 11.09.2026, kl. 05.31













English (US)