På ein støvete grusbane blir kamerunske talent dyrka fram
Du finn dei over heile Afrika: Fotballakademia der fotballgutar skal bli fotballmenn.
Draumen er Camp Nou, San Siro og Anfield.
Men dei takkar heller ikkje nei til Gjemselund, Fosshaugane og Nadderud.
Platini er oppkalla etter farens favorittspelar.
Kvar dag står han tidleg opp og trenar hardt for å gjere Platini-namnet kjent for ein ny generasjon fotballfans.
Som oftast trenar han to gonger om dagen. Men han må også gjere meir om han skal nå fotballdraumen.
Kylling finansierer proffdraumen. Etter trening serverer han middag til alle som vil kjøpe.
Pengane frå kyllingsal går til husleige, men også fotballutstyr.
For det finnest ingen stipend og i starten av proffsatsinga er det ingenting å tene på fotballen. Tvert imot, så må han betale for å kunne gå på akademi.
– Eg skal berre gjere dette ei lita stund, seier Platini, som har ein plan om å kunne leve av å sparke ball ganske så snart.
Dei fleste på dette fotballakademiet har flykta frå Kameruns engelskspråklege region. Der herjar ein konflikt.
No har dei funne tilflukt i hovudstaden Yaounde, der alt handlar om fotball.
Dei deler same draumen. Men det er eit skår i gleda.
Statistikken viser at berre nokre veldig få, kanskje ingen, vil klare å finne vegen gjennom det tronge nålauget.
15 år gamle Kofe er ein av dei som har flykta, og som no satsar alt på ei fotballkarriere.
Kofe peikar på kor han gjerne blir proff. Han drøymer seg bort når han ser på kartet faren har hengt opp i stova.
Han peikar på Brasil og Russland. Og når fingaren går mot Sverige spør NRK om Noreg. Og, joda, han drar gjerne dit også.
Kvar dag etter trening leitar han fram fotball på TV-en. Der studerer han verdas beste høgrebackar.
Han gjer alt han kan for å bli ein så god høgreback som mogleg.
Faren er Kofe sin største fan. Familien betaler for 15-åringen si fotballsatsing.
Og akkurat det kan vere tungt å tenke på, seier Kofe.
– Ja, eg kjenner på presset frå familien. For dei vil verkeleg sjå at eg lukkast.
Til slutt avslører han sin store dagdraum: – At eg spelar på Manchester City, og snakkar med litt med Erling Haaland.