Drapssikta på rømmen: Tidlegare dømt for dødeleg vald med TV

2 hours ago 3



Mannen som er sikta for drapet på ei kvinne i Grue i Innlandet sundag, er tidlegare straffedømt fleire gonger tidlegare.

No er mannen i 60-åra etterlyst. Politiet har sagt at dei ikkje meiner det er noko som tilseier at han utgjer nokon fare for andre.

Sidan han ikkje er pågripen, har han ikkje fått utnemnt nokon forsvarer, ifølge politiet. Det er derfor ikkje kjent korleis han stiller seg til drapsskuldingane.

Alle dei tidlegare dommane mot mannen i 60-åra ligg langt tilbake i tid.

Den nyaste dommen NRK har fått tilgang til, er frå 2005 – for 20 år sidan.

I dommen kjem det fram at mannen i 60-åra påførte ein annan mann så kraftige skadar at han døydde.

«Politiet er godt kjent med dommen frå 2005, og oppfattar den som relevant for den vidare etterforskinga i vår sak», skriv politiinspektør Henning Klauseie til NRK.

Kasta TV – mann døde

Mannen vart dømt til fem og eit halvt års fengsel. Han meinte sjølv at han handla i nødverje, altså i sjølvforsvar.

Den fornærma mannen vart utsett for omfattande vald, ifølge dommen. Obduksjonen viste at han hadde store skadar.

Ei kvinne i 40-åra vart funnen død heime hos seg sjølv laurdag.

Han hadde mellom anna skadar fordi mannen i 60-åra kasta ein 28 kilo tung TV på han, ifølge dommen.

– Dei avgjerande dødelege skadane kjem av fjernsynsapparatet som den tiltalte kasta mot avdøde. Dette førte til ribbeinsbrot, hol på lunga, bløding og pustevanskar slik at døden tredde inn i løpet av maksimum nokre minutt, står det i dommen.

– Svartna for han

Mannen i 60-åra, den dåverande ektefellen hans og den fornærma mannen var i same leilegheit, der dei skal ha drukke alkohol over lengre tid.

På eit tidspunkt sovna mannen i 60-åra. Då han vakna, oppfatta han at den fornærma prøvde å forgripa seg på den dåverande ektefellen hans.

– Han har forklart at det svartna for han, står det i dommen.

Retten var einig med mannen i at det var ein grad av nødverje til stades, men meiner at han gjekk altfor langt i valden.

I tillegg til å kasta ein TV mot den fornærma, brukte mannen òg kniv.

– Valdsutøvinga i denne fasen ber preg av privat avstraffing, utført med stor råskap, og står ikkje i noko rimeleg forhold til opptakten til hendinga, står det i dommen.

Veit ikkje kor den sikta er

Kvinna i 40-åra vart funnen død i sin eigen heim i Grue laurdag kveld.

Politiet sa sundag kveld til NRK at skadar på kvinna og funn på åstaden har styrkt mistanken om at det er snakk om eit drap.

Rosebukett og en gravlykt på en steintrapp

Utanfor åstaden ligg det blomar og gravlykter.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Mannen skal ha hatt ein sambuarrelasjon til kvinna.

I 2021 vart mannen i 60-åra sikta for kroppskrenking mot den same kvinna. Denne saka blei seinare lagd bort på grunn av mangel på bevis.

Politiet veit ikkje kor den drapssikta mannen er no.

– Politiet ber mannen om å melda seg, og oppfordrar samtidig personar som kan vita noko om kor han er, om å kontakta politiet, sa politiadvokat Marit Fiskerud Welo til NRK måndag.

Publisert 30.12.2025, kl. 10.30

Read Entire Article