Drapssikta foreldrepar på Sunnmøre blir ikkje tiltalt

4 hours ago 2



Sommaren 2022 vart ei mor og ein far frå Sunnmøre sett i varetekt. Ei veke før hadde deira fem månadar gamle baby døydd.

Først vart dei sikta for vald eller medverknad til vald mot sin eigen son. Etter kvart vart siktinga utvida til drap, eller medverknad til drap.

Politiet har etterforska saka i over to år. No har riksadvokaten avgjort å legge bort saka.

Slik som bevisa er i saka, så er det ikkje grunnlag for tiltale mot nokon av dei, seier statsadvokat i Møre og Romsdal, Inger Myklebust.

Dei har gjennomført mange etterforskingsskritt i saka. Blant anna har dei gjennomført ein rekonstruksjon heime der paret budde, for å finne ei forklaring på kva som skal ha skjedd med sonen deira.

Statsadvokaten seier dei mellom anna ikkje har funne noko sikker dødsårsak.

– Det er ingen sikker dødsårsak, men barnet hadde mange skader. Mange brotskadar, seier ho.

Planlagde å drepe far

Sommaren 2023 tok saka ei ny vending. Nesten eitt år etter at foreldra vart sikta. Mor vart saman med ein venn arrestert av politiet, og sikta for å ha planlagt å drepe far.

Denne saka vart lagt vekk av politiet i Møre og Romsdal allereie i sommar.

Fekk hjelp frå barnevernet

Foreldra skal ha fått hjelp frå barnevernet etter at barnet vart fødd. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sette i gang eit tilsyn av barnevernet etter at politiet begynte å etterforske saka.

I tilsynet såg dei på kva hjelp og oppfølging barnet og familien fekk. Og statsforvaltaren konkluderte med at barnevernet gav forsvarlege tenester.

Publisert 23.12.2024, kl. 12.43 Oppdatert 23.12.2024, kl. 12.56

Read Entire Article