Drapsmann nekta å gje frå seg foreldreansvaret - no har Høgsterett avgjort saka

5 hours ago 4



Faren i 20-åra får ikkje lenger foreldreansvaret for barnet sitt.

Det slår Høgsterett fast i dag:

«I den konkrete saken kommer Høyesterett til at vilkårene for å frata far foreldreansvaret klart er oppfylt. Far har gjennom drapshandlingen vist at han ikke har de forutsetninger som skal til for at det er til barnets beste at han har foreldreansvaret. Det er stor risiko for at barnet, som er et sårbart barn, vil ta skade bare av kjennskapen om at far kan ta avgjørelser for det».

Det er tredje gong saka blir behandla i retten, og no er det sett eit endeleg punktum.

Dei fem dommarane meiner det beste for barnet er at faren ikkje lenger har formelt foreldreansvar.

Sjølv har faren argumentert med at han ønskjer å sikre at barnet ikkje misser tilknytninga til opphav, språk og kultur.

Han har også lagt vekt på at det er han som er barnet sin biologiske far.

Behandling i Høgsterett

Saka gjekk for Høgsterett rett før påske.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Følgde sjølv rettsaka

Småbarnsfaren sat sjølv på bakerste benk og følgde med rettsforhandlingane i Høgsterett rett før påske. Då var han på permisjon frå fengselet og var i følgje med fleire vakter.

Mannen er dømd til fengsel i 21 år for å ha drepe og valdtatt kona si i Molde i 2021.

Barnet deira flytta i fosterheim rett etter drapet, og etter kort tid miste mannen retten til å ha samvær med barnet sitt. No får han heller ikkje ha noko formelt foreldreansvar.

Det betyr at han ikkje lenger vil ha rett til å bestemme for barnet i saker som val av skule, endring av namn, samtykke til adopsjon og inn- og utmelding i trus- og livssynssamfunn.

NRK kjenner identiteten til barnet, men utelèt opplysningar om kjønn og alder av omsyn til vedkomande.

Person funnet død i Molde.

Kriminalteknikarar på staden der drapet skjedde i Molde hausten 2021.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Betyr noko også for andre saker

Det går fram av Lov om barnevern § 5–8 at domstolen kan frådømme foreldreretten dersom det ligg føre særlege grunnar.

Dei fleste slike saker blir avgjort i tingretten eller lagmannsretten.

Høgsterett kom tidlegare i år til at det var viktig å avklare kva betydning det har for foreldreansvaret at far har drepe mor.

Avgjerda i dag vil difor bety noko også for andre liknande saker:

«Høyesterett legger til grunn at i tilfeller der den ene forelderen har drept den andre, vil drapshandlingen utgjøre særlige grunner som kan gjøre det nødvendig å frata foreldreansvaret for å ivareta barnet. Det kan ikke utelukkes at det i enkelte tilfeller kan være til det beste for barnet at gjerningspersonen beholder foreldreansvaret, men drapshandlingen innebærer en slik alvorlig tilsidesettelse av barnets behov at det i praksis skal en del til før det vil kunne bli resultatet».

Norges Høyesterett

Noregs Høgsterett har no tatt stilling til saka.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Publisert 14.05.2025, kl. 10.07 Oppdatert 14.05.2025, kl. 10.22

Read Entire Article