Dramatisk før opptak: – Det var litt bittert

2 days ago 8



– Det var smertefullt, det var som å få ein bolt inn i kneet mitt, seier Jon Sindre Fjellvang.

Fjellvang har jobba med humor i NRK i fleire år, men er kanskje mest kjent for sine parodiar på Karpe.

Blant anna var han med på å skape, og spele i humordokumentaren «Karpe – ferdig, men ikkje kom og tørk» som kom ut i fjor.

Den siste tida har han jobba med ein ny film i same sjanger. Her spelar han Noregs, og for augeblikket kanskje verdas største fotballstjerne, nemleg Erling Braut Haaland.

Men tre dagar før opptak var Fjellvang maks uheldig.

– Eg innsåg at vi skulle ha ein del løpescener, og Haaland har ein spesiell måte å springe på. Så eg drog på ei fotballbane for å øve på det, fortel han.

På krykker

Men seansen gjekk ikkje som planlagt.

– Eg øvde på å gå som Haaland, tok nokre dragingar og lata som at eg scora. Rett etter at eg følte at «nå har eg det», så svikta kneet.

Hos legen fekk han beskjed om at menisken hans hadde roke.

– Og så hadde vi produksjonsmøte dagen etter, og da var dei slik: «Er vi klare for opptak, folkens? Alle har kontroll på det dei skal ha kontroll på?» Og da kom eg inn med krykker, og: «Ja, skal berre ta ein liten MR fyrst, og så er eg klar».

Jon Sindre Fjellvang sittande på ein stol med den eine foten på ei krykke.

HOS LEGEN: Jon Sindre Fjellvang innsåg alvoret da han var hos legen.

Foto: Kolbjørn Haugen

– Det blei jo dramatisk

– Det blei jo dramatisk, seier redaksjonssjef Christina Rezk Resar, på spørsmål om kva de tenkte da hovudrolleinnehavaren dukka opp på krykker.

– Fordi han skulle jo i utgangspunktet vere i god form, og det var ei rolle som kravde ein del springing. Det er faktisk ingen spøk å vere fotballspelar, fortset Resar.

Produksjonsteamet valde til slutt å utsette innspelinga eit par veker. I dei mest intense løpescenene måtte Fjellvang få hjelp av stand-ins.

– Eg synest det var litt bittert å ikkje få lov til å gjere spurtdelen i løpescenene. Vi har tatt i bruk nokre filmtriks, og så håpar eg at det ikkje synest så godt, seier Fjellvang.

Bildet av ein ung mann som ser utover med grøne vekstar i bakgrunnen.

IRONIEN: Fjellvang som skulle trene seg opp til å spele verdas største fotballstjerne vart plutseleg stoppa av ein av dei mest typiske fotballskadane.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Frelsaren

Filmen, som har fått tittelen «Landslagspausen», er ein humordokumentar om presset Erling Braut Haaland opplever før Noregs skjebnekamp i EM-kvalifiseringa.

Bakgrunnen for ideen var tanken på kva som skjer viss stjerna vi forventar så mykje av ikkje orkar meir.

– For vi er eit Noreg som er sultefora på meisterskap, og det ligg jo eit enormt press på at Haaland skal vere den som frelsar oss, legg Fjellvang til.

Jon Sindre Fjellvang som Erling Braut Haaland

TRANSFORMASJON: Jon Sindre Fjellvang som Haaland. For å bli mest mogleg lik stjernespelaren måtte Fjellvang ha på seg panneprotesar, kjeveprotesar og bli sminka tre timar for kvar gong.

Foto: NRK

Filmen har han skapt saman med Kolbjørn Haugen og Albert Holskjær, og han lovar at publikum kan forvente ein morosam film som ler av norsk media og av Erling Braut Haaland.

– Og ikkje minst av korleis vi som fans forheld oss til dette monsteret av ein fotballspelar, avsluttar Fjellvang.

Haaland har lagt om dietten 01:43

Publisert 28.06.2024, kl. 11.04

Read Entire Article