Mannen er dømt til fengsel i ni år.
Aktor bad om ni års forvaring, med ei minstetid på seks år, for mannen da saka gjekk i Oslo tingrett i starten av desember.
Retten meinte likevel ikkje at krava til forvaring var oppfylte.
Han har erkjent straffskuld, ifølge forsvarar Helene Elness.
I tillegg er mannen dømd til kontaktforbod mot dei fornærma i saka.
Han er også dømd til å betala i underkant av ein halv million i erstatning til dei fornærma.
– Det er jo ein lang straff, men den er han innstilt på å ta for å gjere opp for seg.
Det seier mannens forsvarer, Helene Elness, til NRK.
– Han håper at han no er ferdig med rettsrundene og at han kan sette i gang med soninga, seier Elness.
Gjekk til angrep med villmarkskniv
Mannen i 20-åra gjekk ifølgje tiltalen til angrep på ekskjærasten, ei kvinne i 20-åra, med ein over 14 cm lang villmarkskniv da ho var på jobb i butikken Smak av Italia på Vulkan.
Ho vart påført fleire livstruande knivstikk både i kroppen og hovudet, men overlevde blant anna fordi fleire tilsette i butikken greip inn.
Ein av dei fekk knivskadar både på hendene og i låret, og vart innlagt på sjukehus.
I tillegg fekk mannen som gjekk til angrep sjølv alvorlege skadar og hamna i koma.
Det gjorde at dei to som avverja angrepet fekk først status som sikta, men politiet slo seinare fast at dei handla i naudverje og la bort saka.
– Eg vil også takke dei tilsette, fordi dei greip inn. Dei redda livet til dottera mi. Utan dei hadde ho ikkje overlevd, sa faren til kvinna til NRK i fjor.
Publisert 19.12.2025, kl. 09.36 Oppdatert 19.12.2025, kl. 09.57















English (US)