Dømd for å la barna sjå knivdrapet på mor deira – lagmannsretten forkastar anken

1 month ago 23



Lagmannsretten er einig med tingretten i at det ut over tilståinga ikkje er noko formildande omstende ved handlingane til dømde på drapsdagen.

Dei er derfor einige med Trøndelag tingrett i at riktig straff er fengsel i 16 år.

Mannen anka skuldspørsmålet om grov mishandling i nær relasjon, for å la dei to barna sine vere vitne til at han knivstakk mor deira og deretter at ho forblødde.

Men både tingretten og lagmannsretten meiner det er skjerpande at mannen let barna vere vitne til knivdrapet på mor deira.

Etter lagmannsretten sitt syn er det klart at drapet blei gjort under særdeles skjerpande omstende.

Dommen frå lagmannsretten er einstemmig.

Dei skriv også at å la barna vitne drapet på mor si er ei alvorleg traumatisk hending, særleg når det blir gjort av far.

– Eg var veldig sint inne i meg

Det var dårleg stemning mellom tiltalte og kona då dei stod opp 26. august 2023. Dagen som enda med drap.

Det fortalde den dømde 27-åringen i tingretten.

Kona (24) og dei to små ungane var mykje hos familien hennar i denne tida. Dei budde også i Stjørdal.

Då han kom heim ut på kvelden, stod kona saman med søstera og mor si utanfor huset der dei budde.

Det blei ei ordveksling der søster til kvinna sa at det var vanskeleg å snakke med ein som var dum, utan at ho nemnde tiltalte ved namn.

– Eg var veldig sint inne i meg, sa tiltalte i retten.

Åstedet for drap i Stjørdal august 2023.

Drapet skjedde mens dei to barna til ekteparet var til stades i same rommet.

Foto: politiet

Saman med kona og dei to ungane deira gjekk dei opp i leilegheita.

Allereie på vegen opp trappa starta kona opptaket på mobiltelefonen sin.

Dermed blei lyden av drapet dokumentert av avdøde utan at tiltalte visste om det før fleire månader etterpå.

Tiltalte erkjente straffskuld i mars i år, då han fekk vite om mobilopptaket.

– Pappa kom med kniv

Tiltalte gjorde ikkje noko for å hjelpe kona etter at ho blei knivstukken. Det kan ikkje utelukkast at livet hennar kunne vore redda om ho hadde fått førstehjelp med ein gong, meiner retten.

Tiltalte sa i tingretten at han freista å skjerme barna ved å ta dei ut av leilegheita med ein gong. Han nekta derfor straffskuld for grov mishandling ved å ha late barna vere til stades.

Retten er ikkje i tvil om at barna såg det som skjedde med mora. Eit av barna har også snakka om dette etter drapet, ifølgje fleire vitne i rettssaka.

Dottera som er under skulepliktig alder, forklarte seg i tilrettelagd avhøyr tre dagar etter drapet.

Delar av videoavhøyret blei spelt av under rettssaka i tingretten. Ein tolk omsette det ungen seier til norsk.

Politikvinna har spesialutdanning i barneavhøyr. Ho startar med å seie at ho og barnet skal snakke om mamma og kva som skjedde den dagen.

– Pappa er fengsel, seier barnet og legg til:

– Han skal kome snart.

Litt seinare seier ho:

– Pappa kom med kniv, og så mamma hadde mykje blod, så ringde politi.

Jenta seier at faren fann kniven i eit skap. Ho seier også fleire gonger at ho veit at mamma er død.

Kona ville ut av ekteskapet

Like etter drapet køyrde tiltalte til politistasjonen i Stjørdal. Der ringde han politiet. Samtalen blei spelt av i retten.

Her høyrer me tiltalte seie at han står utanfor politistasjonen og at han har med seg dei to barna sine.

– Eg har drepe kona mi, seier tiltalte.

I tingretten fortalde fleire vitne frå mellom anna kommunen at avdøde ville ut av ekteskapet.

Flyktningkontakten skulle hjelpe kvinna med å få ein annan plass å bu for seg og barna. Men kona ville ikkje at mannen skulle vete om dette, fordi ho var redd for kva som kunne skje.

Tiltalte nekta i retten for både utruskap og at han visste at kona var gravid i 12 veke.

Tre dagar før drapet bad kona mannen om å køyre henne til Levanger på svangerskapskontroll. Han meinte ho kunne ta toget i staden.

Paret kom til Noreg for om lag fem år sidan. Begge er utanlandske statsborgarar frå eit land i Afrika. Dei hadde opphaldsløyve.

Politiets bilde av en blodig kjøkkenkniv. Kniven ble brukt i forbindelse med et drap. Kniven er 20 cm,
total lengde 34 cm.

Kvinna blei knivstukken med denne kokkekniven som låg på kjøkenet.

Foto: Politiet

Publisert 14.08.2024, kl. 09.40 Oppdatert 14.08.2024, kl. 09.57

Read Entire Article