Dette førekjem meg så galskeleg, at det må vere tull og vas

9 hours ago 7



Der er nok av elende å ta fatt i her i verda, men nå vil eg halde meg til dei nære ting.

Frå 2027 skal norske kyr få metanhemmere i maten. Dette for å få ned klimautslepp frå landbruket. Foto: Jacob J. Buchard / Fædrelandsvennen

29.01 25 skreiv eg eit innlegg om metanhemmere.

Det vart aldri til at eg sende det til debattsidene, for det var andre tema som var viktigare då.

Så har det blitt liggjande heilt til eg fekk høyre, at nå er det vedteke i Stortinget at stoffet Bovaer skal tilsetjast i foret til kyrne, for å hindre metanutslepp!

Produsenten av dette stoffet opplyser at det gjev hudirritasjon, alvorleg augeskade, og truleg går utover fruktbarheita. Og bøndene må behandle det som giftstoff.

Og dette er vi villige til å gje kyrne våre?

Det har vore ein tendens dei siste åra til at vi må betre dyrevelferden.

Mykje er gjort, og nå er det endå snakk om at kua skal få ha kalven i 6-8 veker før dei vert skilde. Bonden taper kanskje litt inntekt, men kanskje ikkje så mykje, for å ha dyr i betre trivnad, er utan tvil meir lønsamt.

Så over til det eg skreiv i januar:

Metanhemmere, kva er det?

Vi har då høyrt at kyrne slepp ut så mykje metangass, både framme og bak, at det er med å øydelegg klimaet.

Ved å ha eit eller anna stoff i foret til storfe, så skulle det dempe dette utsleppet.

Men dette førekjem meg så galskeleg, at det må vere tull og vas. Myndigheiane kan då ikkje meine alvor ?

Dette ville eg prøve å finne ut litt meir om.

Det var berre å google ”metanhemmere”, så kom det opp den eine artikkelen etter den andre.

Det første eg fann var denne. Eg skriv det rett av:

”Innen 2030 skal landbruksnæringa redusere klimagassutslippene med 5 mill tonn CO2. MetanHUB er ett av prosjektene landbruket må lykkes med for å nå målet.

Kjos Gård på Jessheim og deres 55 kuer, er først ute i det innovative forskringsprosjektet. Her får kuene et fortilskudd som gjør at de raper mindre av klimagassen metan. Nå deltar også flere melkegårder i forskningsprosjektet.”

Merkeleg at nokre bønder stiller seg bak dette forslaget. Og planen er klar; dersom nokon vel å ikkje bruke det, så vert det trekk i mjølkeprisen.

Eit ambisiøst prosjekt, må vite som representerer framtidas matproduksjon.

Huff og huff.

Så lanserte Tine denne melka som ”fremtidsmelk fra Kjos gård”.

Det skulle sjølvsagt vere trygt for folk og dyr.

Når sunt bondevett taper for EUs laboratoriemat

Åpen

Men, kva såg vi?

Folk ville ikkje ha denne mjølka. Mange er medvetne om at vi får i oss altfor mykje tilsetningsstoff som det er. Tenk på alle E-stoffa som er med på å gjere maten vår haldbar, eller kunstig farge, eller kva som helst, for at vi som forbrukarar skal kjøpe meir og ete meir.

Men då ikkje ”framtidsmelka” fall i smak hos folk, slutta dei å kjøpe ho.

Kva gjorde Tine då?

Jau, dei blanda ho i den vanlege mjølka, den som ikkje var ”besudla” ennå.

Dei som er skikkelege helsefrikar, går då og kjøper melk frå Q-meieria, då den visst nok ikkje er forurensa, enn så lenge.

Og dette held dei på med fordi det reduserer metanutsleppet frå drøvtyggjarar med 10 %?

Nå må vi slutte med desse symbol- tiltaka!

I det store og det heile dreg det lite i den såkalla klimarekneskapen.

Det gjer kosten vår endå meir usunn, og dei stakkars kyrne som gjev oss mjølk, ost og smør; er vi sikre på at deira magar toler det?

Dei er skapt slik at dei kan ta næring utav grovfor. På den måten får vi mykje att av å dyrke gras, der ikkje så mykje anna kan vekse.

Vedtaket i Stortinget er gjort, og skal iverksetjast frå 2027.

Håper inderleg at vi, etter valet, får politikarar som har vet nok, og mot nok til å gjere om på vedtaket.

Vi har nok av symboltiltak når det gjeld klima. Stopp galskapen!

Read Entire Article