Dette fekk ekspertane til å reagere: – Burde ikkje vore lov

4 hours ago 3



– Det burde ikkje vere lov å ha slike mål, seier Kristoffer Løkberg tydeleg engasjert under Cupen live-sendinga.

For da Luc Mares utlikna for HamKam på straffespark like før pause spratt ballen ut igjen frå målet. Ballen gjekk i nettet og deretter i stolpen som held nettet oppe.

– Det er så irriterande med dei stolpane som er plassert for nærme. Enten må nettet vere slappare, eller så må stanga vere lenger bak, seier Aleksander Schau.

Kampen pågår framleis og laga går ut i ekstraomgangar. Du kan følge kampen og få reaksjonar i Cupen live under her:

Få med deg alt av scoringer, dramatikk og mulige cupoverraskelser når studio følger hvert spark på ballen i fjerde runde.

Få med deg alt av scoringer, dramatikk og mulige cupoverraskelser når studio følger hvert spark på ballen i fjerde runde.

– Hata det

Det har blitt fleire mål i Ålesund, med to scoringar til kvart lag førebels, men særleg nettsus har det ikkje vore.

– Eg hata det på løkka og. I mi tid, så måtte du vakne tidleg nok for at det skulle vere mål ledig, og var det mogleg å velje bort det målet der du ikkje fekk nettsus, så gjorde du det. Du vil jo ha nettsus. Det er ein heilt eigen kjensle med nettsus, seier Løkberg.

– Eg er helt totalt einig. Nettsus er det optimale, legg fotballekspert i NRK Andrine Hegerberg til.

Sint Rekdal

Stillinga er 2–2 etter ordinær tid og kampen går no til ekstraomgangar.

Aalesund leverte ein skrell i 3. runde da dei slo ut Bodø/Glimt. Det såg også lovande ut mot HamKam.

Paul Ngongo sende heimelaget opp i leiinga etter ein dryg halvtime, men Mares sørgde for balanse i rekneskapen ved å score på straffespark rett før pause.

Tre Aalesund-spillere jubler etter scoring i cupen. De har på seg oransje og blå drakter.

LEIINGA: Paul Ngongo sende Aalesund opp i leiinga.

Foto: Marius Simensen / NTB

I andre omgang utnyttar Simen Haram at Alexander Nilsson er på bærtur i feltet. Kamma-keeperen forsøker å bokse ut eit innlegg, men bommar og Haram kan enkelt heade inn leiinga.

Men berre nokre minuttar seinare kontrar HamKam på Aalesund og William Osnes-Ringen sett inn 2–2.

Det førte til at Aalesund-trenar Kjetil Rekdal for første gong i kampen reiste seg og gjekk ned til teknisk sone og var tydeleg sint.

Publisert 20.05.2025, kl. 19.52 Oppdatert 20.05.2025, kl. 19.59

Read Entire Article