Sidan 2009 har norske idrettsutøvarar kjempa om å bli den ultimate meisteren:
Mesternes mester.
Men det finst også ein annan måte å skrive seg inn i historiebøkene på. Nemleg ved å ta rekordar.
Sjølv om det alltid er nye øvingar i kvar sesong, er det heldigvis nokre gode, gamle klassikarar som går igjen.
Og kanskje får også du lyst til å teste deg sjølv i dei ulike øvingane? Vi utfordrar deg til å slå rekordane!
90-graderen
Som du sikker har skjønt handlar det her om å sitje i 90-grader inntil ein vegg lengst mogeleg.
Og det er Øystein Pettersen som har rekorden på 60 minutt (!).
For dei som har prøvd denne pininga av ei øving, veit at det ikkje tar lange tida før mjølkesyra meldar seg. Men Pettersen heldt ut.
Rekorden sette han i sesong 13 i 2022.
Tidlegare rekordhaldarar:
- Ida Njåtun: 48 minutt, sesong 13, 2022 (var over den gamle rekorden til Koss, men vart slått av Pettersen i same program)
- Johann Olav Koss: 40.04, sesong 12, 2021
- Linn-Kristin Riegelhuth Koren: 37.09, sesong 13, 2022 (vart slått av Pettersen og Njåtun i same program)
- Bjørg Eva Jensen: 33.01, sesong 9, 2018
- Tor Arne Hetland: 22.13, sesong 4, 2012
Jerngrepet
Øvinga går ut på at deltakarane skal halde seg fast i eit jernrøyr lengst mogleg.
Det er roaren Nils Jakob Hoff som har rekorden med ei tid på 05:24.
Tidlegare rekordhaldarar
- Magnus Midtbø: 04:18, sesong 12, 2021
- Astrid Lødemel: 03:21, sesong 4, 2012
Kronidioten
Øvinga går ut på at deltakarane skal springe så mange lengder som mogleg over og under hindra i ulik høgde.
– Eit brutalt premiss, seier kommentator Johan Remen Evensen.
I 2023 var det crossfit-utøvaren Kristin Holte (37) som skulle vise seg å vere sterkare enn alle andre! Den nye rekorden er på heile 40 rundar og 4 hinder.
Tidlegare rekordhaldarar
- Magnus Midtbø: 40 runder + 3 hinder, sesong 12, 2021
- Helene Olafsen: 40 runder + 1 hinder, sesong 8, 2017
- Anders Jacobsen: 39 rundar, sesong 8, 2017
- Thor Hushovd: 37 rundar, sesong 7, 2016
Skranken
I øvinga «skranken» er det om å gjere å bruke hendene til å halde seg oppe lengst mogeleg.
Kickboksar Andreas Lødrup (38) tok rekorden i 2023 med ei tid på 17:19:06!
Tidlegare rekordhaldarar:
- Aksel Lund Svindal: 17:04:28, sesong 12, 2021
- Ingvill Måkestad Bovim: 16:13, sesong 11, 2020.
- Helene Olafsen: 10:48, sesong 8, 2017
Tyngdekrafta
Tyngdekrafta består i å bere stadig fleire sandsekkar fram og tilbake mellom to stativ. Etter ti rundar ber herrane på 120 kilo og kvinnene 90 kilo.
Den nye rekorden vart tatt i sesong 14 i 2023 av ingen ringare enn ro-legenda Olaf Tufte (47). Han heldt ut heile 101 lengder med tunge sandsekker over skuldrene.
Tidlegare rekordhaldarar:
- Nils Jakob Hoff: 82 lengder, sesong 13, 2022
- Aksel Lund Svindal: 71 lengder, sesong 12, 2021
- Kjersti Buaas: 64 lengder, sesong 11, 2020
- Bjørn Maaseide: 59 lengder, sesong 7, 2016
Krampetrekning
Namnet på øvinga reflekterer kva for smerter dette går ut på. «Krampetrekning» er nemleg ei mageøving som går ut på å liggje på ryggen og løfte opp beina. Sit-ups deluxe!
I 2016 var det den tidlegare ishockeyspelaren Roy Johansen (63) som tok rekord i denne øvinga. Han hadde ei tid på heile 14:36 minutt!
Rekorden i øvinga «krampetrekning» har stått i åtte år.
Vil den bli slått i år?
Kva for ein rekord trur du blir slått i år?
Kven av deltakarane trur du tar rekord?
Mesternes mester ser du på NRK 1 kvar fredag og når du vil i NRK TV.
Publisert 01.01.2025, kl. 16.43