Dette er konsekvensane av milliardgebyret for deg

1 month ago 30



Coop, Norgesgruppen og Rema har drive med ulovleg prissamarbeid gjennom hyppig bruk av prisjegerar, konkluderte Konkurransetilsynet i dag.

Kva betyr det eigentleg for deg som kunde?

Matforskar Ivar Pettersen og professor i strategi ved NHH, Lasse Lien, forklarar kva konsekvensar det kan få for handleturen din, og for daglegvarekjedene sjølve.

Kva betyr avgjerda frå Konkurransetilsynet?

Konkurransetilsynet meiner forbrukarane har hatt ei ulempe av at tilsette prisjegerar samanliknar prisane i daglegvarebutikkane, og at det medfører høgare prisar over tid. Det forklarar matforskar Pettersen.

– Det betyr at det blir nokon rettssaker framover for å få det avklart.

Kvifor er prisjegerane konkurranseskadeleg?

I ein perfekt marknad ville prisane vore heilstyrt av tilbod og etterspørsel. Men i det norske daglegvaremarknaden er det mykje som er annleis, seier strategiprofessor Lien.

Den norske daglegvaremarknaden er veldig konsentrert, der Coop, Norgesgruppen og Rema står for 95 prosent av marknaden.

Nettopp derfor har informasjonsdelinga mellom dei eit så stort skadepotensial, seier professoren.

Daglegvarekjedene brukar prisjegerar til å sjekka prisane i konkurrentane sine butikkar fleire gonger dagleg, viser kontrollane til Konkurransetilsynet.

Hyller i en dagligvarebutikk

Hyllene i butikkjedane har blitt sjekka av prisjegarar dagleg, ifølge kontrollane utført av Konkurransetilsynet.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Dersom du veit nøyaktig kva prisendringar dei to andre aktørane gjer, er det lite freistande å setta ned prisen, sidan dei andre då vil matcha priskuttet. Det drep fort insentivet til å legga seg under prisen til konkurrentane.

I tillegg kan kjedene testa ei prisauke og sjå om konkurrenten følg etter, og viss dei ikkje gjer det er det berre å setta ned prisen igjen, forklarar Lien.

– Dermed kan ein lettare setta prisane opp.

Altså kan det føra til auka prisar i butikkane.

Har kjedene faktisk snakka saman?

Ikkje nødvendigvis, er svaret frå professor Lien.

– Kjedene trenger ikkje nødvendigvis snakka saman for at dette kan øydelegga priskonkurranse, seier han.

Ved å bruka prisjegerar som brukar prisscannarar, får kjedene mykje presis informasjon om prisane til konkurrentane i sanntid.

Coop og Rema-poser

Norgesgruppen, som mellom anna eig Kiwi-butikkane, Coop og Rema er skylda av Konkurransetilsynet for å driva ulovleg prissamarbeid. Daglegvarene sjølv seier dei ikkje har gjort noko ulovleg.

Foto: Lise Åserud

Eigentleg er spørsmålet om kor mykje dette kan øydelegga priskonkurransen, seier professoren.

Dersom liknande hadde blitt gjort i andre bransjar, for eksempel bankbransjen, ville det hatt ein heilt annan effekt, seier han.

– Der er det så mange aktørar at ein vil dra fordel ved å legge seg under andre konkurrentar i pris.

Har me betalt for mykje?

– Det er vanskeleg å seie, seier matforskar Pettersen.

Han seier prisane i daglegvarebutikkane er eit spørsmål om kostnadar. Noreg er eit langt land med relativt få innbyggjarar, og dermed er det kostbart å driva med daglegvarer, forklarar matforskaren.

– Det er også kostbart å produsera mat i eit slikt land. Vi har eit høgare kostnadsnivå enn andre land. Det er makt i fleire ledd, seier han.

– Det er sterke bondeorganisasjonar, sterke industriføretak og sterke daglegvareaktørar. Men det er relativt avgrensa makt samanlikna med kostnadene ved å drive matproduksjon og matdistribusjon i Noreg.

Folk handlar på ein matvarebutikk. Grønsaker i eit kjøleskåp er lengst framme i biletet og i fokus. Bak ser ein dei som handlar med vogner og korger, ute av fokus.

Folk handlar på ein matvarebutikk.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Kva konsekvensar får bøtene?

Matforskar Pettersen seier avgjerda, dersom han blir ståande, blir ein eingongskostnad for daglegvarekjedene.

– Men det påverkar ikkje driftskostnadane til daglegvarekjedene på sikt, så eg forventar at dette får små konsekvensar for prissettinga framover.

Professor Lien trur det er lite sannsynleg at sjølve prisjegerane vil bli avskaffa.

– Det er ikkje ulovleg å ha folk løpande rundt for å sjekke prisane til konkurrentane, på same måte som ingenting kan hindra konkurrentar frå å gå på nettet og sjekke kva prisnivå den andre parten legg seg på.

Daglegvarekjedene seier sjølv at dei ikkje har drive med ulovleg prissamarbeid. Rema har allereie sagt at dei vil anka avgjerda.

– Dei store vinnarane her er nok forretningsadvokatane, som vil bli mobilisert noko kraftig for å hindra at desse bøtene går gjennom.

Vil bøtene føra til dyrare daglegvarer?

Lien trur kjedene vil vera ivrige på å ta igjen det tapte, noko han trur kundane vil måtta betala for.

– Med mindre konkurransen tvingar dei til å gjere noko anna, er det grunn til å tru at rekninga til slutt hamnar hos kundane, seier Lien.

Heller ikkje matforskar Pettersen trur denne saka vil føra til særlege endringar for daglegvareprisane.

Gebyret frå Konkurransetilsynet var opphavleg mykje høgare enn dagens gebyr.

Matbutikk Konsmo

Spar er eigd av Norgesgruppen, som nå må betala 2,3 milliardar kroner for ulovleg prissamarbeid med Rema og Coop.

Foto: Anne Torhild Nilsen

I 2020 varsla tilsynet eit gebyr på 21 milliardar til dei tre daglegvarekjedene med skuldingar om a dei hadde gjort direkte avtalar seg i mellom for å avgrensa konkurransen.

– Nå har dei redusert henne, men likevel er det krevjande å bevise at dette har hatt noko å seie for prissettinga, seier Pettersen.

Er dette siste ord i saka?

Det er det heilt sikkert ikkje, seier matforskar Pettersen.

– Det er ei såpass komplisert sak. Det er viktig at Konkurransetilsynet har tatt saka, men dei har tatt ein risiko for å kunna tapa i rettsinstansen, for det er ei krevjande bevisføring.

Han meiner uavhengig om saka fell i jorda eller ei, så er det rett av Konkurransetilsynet å prioritera ei sak som denne.

– Me må vere på vakt når me har så få aktørar på ein marknad, mot at dei samordnar seg og unngår ein konkurranse dei synest er ubehageleg, seier Pettersen.

Alle dei tre daglegvarekjedene meiner sjølv at prisjegerane har verka positivt på konkurransen. Norgesgruppen har sagt at dei vil halda fram med prisjegerane, og Reitan Retail som eig Rema 1000 har sagt at dei vil anka avgjerda.

Publisert 21.08.2024, kl. 19.14

Read Entire Article