Detaljen som gjer Warholm unik: – I ein heilt eigen klasse

1 month ago 32



Karsten Warholm har gjort eksplosivitet og råskap til eit varemerke. Men bak brølinga og slaga mot brystet, ligg det detaljar TV-sjåaren ikkje får med seg.

Før OL-sesongen har Warholm identifisert svakheitene sine saman med trenar Leif Olav Alnes. Og på spesielt eit område har dei gått nådelaust til verks. Gull er enda ein gong målet.

– Vi prøver alltid å finne marginane. Det er det vi jaktar heile tida. Det er jobben vår, seier Warholm, frå treningsleir i spanske Nerja tidlegare i mai.

Karsten Warholm

FOKUS: Karsten Warholm på plass i Nerja, der dei siste sesongførebuingane blir gjorde.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Tala avslører: Her må Warholm bli betre

Undervegs i eit løp må han gjere taktiske vurderingar i løpet av millisekund. Her er topplokket like viktig som den gjennomtrente kroppen.

Hovudet blir kopla på, og forskjellen på gale og rett val kan vere enorm. Og det er mot slutten av løpet, når mjølkesyra er i ferd med å ta over kroppen, at det er enklast å trakke feil.

Warholm og Alnes er einige: Det er på dei siste hundre meterane 28-åringen har mest potensial for forbetring.

Under Diamond League-finalen i fjor kom Rai Benjamin susande forbi på oppløpet.

NRK har analysert kor lang tid Warholm og Benjamin brukte mellom hekkane i løpet. Nordmannen leidde allereie frå første hekk, og jobba opp eit forsprang på 0,6 sekund midtvegs i løpet.

Warholm leidde også over siste hekk, men tidstapet vis-à-vis Benjamin var da allereie godt i gang.

Grafikken viser kven av dei to som var raskast mellom kvar hekkepassering:

– Eg kan kanskje miste éin tidel mellom hekkane undervegs, mens på slutten er det plutseleg tre–fire tidelar. Det blir eit hopp i tidstap som kanskje kjem av noko anna enn berre mjølkesyre, fortel Warholm.

– Karsten har tidlegare fått kritikk for å opne for hardt, men eg pleier å svare at han avsluttar for sakte, spøker Alnes.

Valet som avgjer

Så kva kunne Warholm gjort annleis denne dagen mot Benjamin? Og kva skal han gjere for å forhindre at det er amerikanaren som henger OL-gullet rundt halsen?

– Du må få ein stegrytme som ikkje gjer at du taper fart. Den må kjennast naturleg, og som avgrensar bremsinga på slutten. Eg må avgrense tidstapet maksimalt.

– Det handlar både om stayerevna, å vere trena til å stå distansen ut. Men også om teknisk-taktiske val, forklarer friidrettsstjerna.

Her kjem stegrytmen inn. Warholm har ofte føretrekt å bruke 13 steg fram til hekk 9, for så å byte til 15 steg fram til hekk 10. Slik blei den allereie legendariske verdsrekorden i Tokyo-OL sett.

Athletics - Men's 400m Hurdles - Final

Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Men det betyr ikkje at det er fasit kvar gong. For same oppskrift blei brukt da Benjamin spurta frå han.

I sesongoppkøyringa har Warholm utvida verktøykassa. Repertoaret er større, valmoglegheitene fleire. Ei alternativ løysing er å kutte frå 15 til 14 steg før hekk 10.

Ulempa med 15 steg er at det lett blir meir tripping – kortare steig – inn mot den siste hekken. Mens med 14 steg må han ta sats med «sølvfoten», som Alnes kallar Warholm venstre bein.

– Det gjeld å ha autopilot på dei gode løysingane, slik at ikkje panikken tar deg. Nå er det fleire kjente løysingar, og det ville vore dumt å ikkje nytte seg av det. For det er gått mange treningstimar til det, seier Warholm.

– Vi har brukt mykje tid på å forstå algoritmen. Kva skal til for kva løysing han vel, supplerer Alnes.

Leif Olav Alnes

TRENAR: Leif Olav Alnes nyt varmen i Spania før ein ny sesong med Warholm.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Warholm må bestemme seg for kva taktikk han skal velje mens han flygar over hekken. Hjernen jobbar på høggir, det står om millisekund.

– Korleis veit du kva løysing du skal gå for?

Warholm nøler og tenker.

– Du må kjenne igjen ei kjensle. For du har ikkje tid til å stoppe opp og reflektere. Det må vere ein ryggmergsrefleks. «OK, nå kjentest det slik ut, da går vi for den løysinga». Det må vere ekstremt enkle og primitive val, men du må ha trena ekstremt mykje på det for at det skal fungere så enkelt.

– I ein heilt eigen klasse

NRK møter Warholm og Alnes i Spania i samband med dei siste sesongførebuingane. Onsdag starta han sesongen i Bergen, der han berre var to hundredelar bak si eiga rekordtid på den noko uortodokse øvinga 300 meter hekk.

Alnes er perfeksjonist. Han vil vere best i alt han gjer, men som trenar fell det naturleg å ause av kunnskapen over på andre. Så når han ser NRKs utsende fomle med kamera, nøler han ikkje med å strekke ut ei hjelpande hand.

Han vil at lesarane verkeleg skal få sjå råskapen i treninga Warholm driv.

Karsten Warholm

FLYR HØGT: Warholm lettar frå bakken med vektene på slep.

Foto: Leif Olav Alnes, med utstyr lånt av NRK

På den spanske solkysten skal duoen terpe vidare. Dei siste 100 meterane skal sitte når sesongen trør til for fullt.

– Eg trur Karstens hjernekapasitet og taktiske evner er veldig undervurderte. Han er utruleg reflektert, og har ei unik evne til å ta til seg coaching og forstå kva han skal gjere. Eg kjenner meg utruleg privilegert som har fått jobbe med han så lenge.

– Kor god er han på taktiske disposisjonar? Skil han seg ut frå dei andre?

– Ja, eg trur han er i ein heilt eigen klasse.

Karsten Warholm spring sesongens første 400 meter hekk under Bislett Games på torsdag. Stemnet ser du på NRK 1.

Viser frem rumpa til NRK: – Det er et knottemerke der 00:18

Publisert 28.05.2024, kl. 05.54

Read Entire Article