– Det viktigaste var vel å sørga for at barnets stemme blir høyrt? Ikkje direktørens?

2 weeks ago 15



KOMMENTAR: Rogaland Revisjon meiner barns stemme ikkje blir godt nok varetatt i barnevernet i Stavanger. Og gir sjølv god plass til kommunedirektørens stemme.

Kommunedirektør Per Kristian Vareide får over fire sider koma med sine kommentarar. I den eksterne rapporten av barnevernet han sjølv har øvste ansvaret for. Foto: Pål Christensen / Aftenbladet
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Barnevernet har makt over barns liv. Over familiars liv. Dei kan endra alt. Til det betre, eller til det verre. Dei kan bestemma at heile livet ditt, slik du kjenner det, og alltid har kjent det, skal endrast. At du skal flytta frå den familien, den byen og dei vennene du har kjent heile livet ditt, til far din, som du nesten ikkje kjenner, og aldri kan hugsa at du har budd med. Ikkje ein gong overnatta hos. Og di stemme, som 11-åring, blir ikkje høyrt. Den er borte.

Eller barnevernet kan bestemma at desse barna, dei må vi beskytta, mot vald frå både mor og far. Vi tar dei ut av familien, akutt, og melder foreldra til politiet. Men så får barnevernet ny sjef. Som bestemmer at dei skal førast tilbake til familien. Og gjer det. Der blir eitt av dei igjen utsett for vald. Og får i tillegg med seg ei ny erfaring av at vaksne må du aldri stola på. For eitt av dei andre, fører sjølve beskjeden om at dei skulle flyttast tilbake, til at det blir dårlegare. Og ikkje lenger er friskt nok til å få koma i fosterheim, men må på institusjon.

Knusande kritikk

Desse to sakene førte til knusande kritikk av barnevernet i Stavanger. Knusande. Frå Statsforvaltaren. Det skulle jo faktisk berre mangla.

Politikarane? Dei reagerte. Dei såg alvorleg på det. Dåverande ordførar, Sissel Knutsen Hegdal, ville forsikra seg om at barnet som hadde blitt flytta frå fosterheimen sin faktisk hadde ein vaksen tillitsperson med seg i saka. Kommunedirektøren stadfesta det. Men det var feil. Det skal vera ei misforståing mellom dei to. Ei slags forbisnakking.

Politikarane ville ha grundige svar. Dei ville bruka tid. På bakgrunn av fosterheimssaka bad dei i desember i fjor om ekstern gransking, utført av Rogaland Revisjon. Dei skulle sjå på om det var enkeltsaker dette, der barnevernet i Stavanger ikkje høyrde på barnet, eller om det var endå meir enn det. Om det gjekk igjen.

Arnt-Heikki Steinbakk (Ap), leiar for kontrollutvalet, sa i vinter at dette også kunne få følger for leiarar i kommunen.

Rapporten

Ja vel. Nå er rapporten her. Rogaland Revisjon slår fast at «I en betydelig andel av sakene mangler tilstrekkelig dokumentasjon av barns meninger og deres medvirkning.» Og meiner det viser at barns medverknad i barnevernssaker ikkje blir godt nok varetatt av kommunen. Dei minner om at manglande dokumentasjon i barnevernssaker kan få alvorlege konsekvensar både for barn, familiar og barnevernstenesta sjølv. Det kan føra til brot på barns rettar.

Altså: Stavanger kommune tar ikkje godt nok vare på barns medverknad, i saker som kan endra heile livet deira. Det er alvorleg.

Men så skriv Rogaland Revisjon også at ting har blitt betre, for kommunen har sett i verk tiltak. For å sørga for at ein ikkje berre snakkar med barna, men dokumenterer det. Og dei håpar at rapporten deira ikkje fører til meir uro i organisasjonen.

Alt på side 13 slepp dei til kommunedirektør Per Kristian Vareide, som over fire sider får koma med sine kommentarar til rapporten. Han har fått lese heile. Han set også pris på at Rogaland Revisjon vil bidra positivt. Men kommenterer blant anna at «helheten i arbeidet med medvirkning burde gjenspeiles bedre i rapportens vurderinger og anbefalinger.»

For meg er dette heilt uforståeleg. Denne rapporten skal vera ekstern. Den har eit mandat som også ville kunna få følger for leiarar i kommunen. Den mektigaste av dei, er sjølvsagt kommunedirektør Per Kristian Vareide. Han er sjefen, og sjefen for dei andre sjefane som eventuelt kunne risikera jobben. Alt etter kva rapporten avdekka, og kor alvorleg politikarane måtte finna det.

Kvifor får han då kommentera rapporten, i sjølve rapporten? Sånn at kommentarane hans ligg der, alt første gongen politikarane les dette? Før dei har kome til kapittel to? Han har det øvste, administrative ansvaret for barnevernstenesta i Stavanger, altså nettopp det som skal granskast. Og som kunne få følger for han.

Og så?

I Bergen måtte heile Byrådet gå av som følge av svært alvorlege barnevernssaker. I Stavanger er modellen ein annan, her ville det eventuelt vera nokon i leiinga, dersom politikarane ville det slik.

Det er vel bra at kommunen her alt har sett i gang tiltak? At ingen vil ha meir uro, men få jobba konsentrert med dette? At sjølv om Rogaland Revisjon finn manglar, trur dei også at det alt har blitt betre?

Det skulle verkeleg berre mangla. Kommunen kunne ikkje la vera. Kritikken var knusande, det var lovbrot på lovbrot. Sjølvsagt måtte dei setja i gang tiltak. Og sjølvsagt er det bra viss det til og med er tiltak som treffer riktig.

Men?

Kor stor makt har eigentleg barnevernet i Stavanger kommune? All makt i eit barns liv, eller ein families liv. Men den makta blir på ingen måte tatt så alvorleg at nokon set sjefen i kommunen på sidelinja, mens barnevernet han har ansvaret for, blir granska.

Tvert imot, han får ei aktiv rolle. Og dei er alle rørande einige om at sjølv om barna ikkje har blitt godt nok varetatt av kommunen, er det viktig at barnevernet nå får ro. Sjølv Arnt-Heikki Steinbakk (Ap), som seier rapporten gjer sterkt inntrykk, meiner likevel arbeidsro er det viktigaste.

Eg trudde det viktigaste ville vera å sørga for at barns rettar ikkje blir brotne, i saker som kan endra liva deira. Sørga for at barnets stemme blir høyrt og dokumentert. Ikkje kommunedirektørens.

Sjølv om det ville føra til uro.

Publisert:

Publisert: 7. november 2024 18:57

Read Entire Article