– Det var faktisk deilig å bli blind

2 hours ago 2



Heilt vanlege smertestillande førte til at Mette Havnaas mista synet.

Etter ein brutal allergisk reaksjon på fire Ibumetin, starta eit smertehelvete for Mette Havnaas.

Då synet forsvann heilt fleire år seinare, var det ikkje sorg ho følte, men lette.

– Det var faktisk deilig å bli blind.

Mette Havnaas (57) er aktuell som ein av deltakarane i TV-programmet «Tabu», der temaet er det å vere blind.

Men historia om kvifor Mette vart blind, er alt anna enn vanleg.

Det heile starta då ho var 28 år gamal i 1996 med at ho tok heilt vanlege, reseptfrie smertestillande tablettar.

– Eg fekk ein autoimmun reaksjon som heiter Stevens-Johnson syndrom etter å ha teke fire Ibumetin, fortel Havnaas.

Reaksjonen kom raskt og brutalt.

Huda byrja å boble og såg brannskada ut, med store sår og blemmer.

Ho tok tablettane søndag og måndag, og allereie torsdag vart ho lagt inn på sjukehus.

En mann og en kvinne i 50-årene sår og holder rundt hverandre. De smiler, og fremfor dem er en golfbag. De er sportslig antrukket og det er grønn golfbane bak de.

Birger er Mette sin mann og trufaste følgesvein gjennom livet som blind.

Foto: Guro Hatlo

Kroniske sveiseblink

Sjølv om den akutte fasen var dramatisk, var det langtidskonsekvensane som skulle prege livet hennar mest.

Då ho fekk syndromet i 1996 forsvann tåreproduksjonen.

Det førte til svært smertefulle infeksjonar og kronisk hornhinnebetennelse.

– Det er frykteleg vondt. Det blir som å få sveiseblink, men du har ikkje tårer, forklarer ho.

Etter fleire år med store smerter og mange mislykka forsøk på behandling, tok Mette eit drastisk livsval.

I 2000 fjerna ho først det eine auget, i 2003 det siste auget.

Smertene forsvann, det gjorde også synet.

Men for Mette var ikkje dette eit tap, men byrjinga på eit nytt liv.

– Eg synst det var deilig å bli blind. Då eg miste synet, var eg frisk igjen. Eg hadde ikkje vondt.

Spelar internasjonalt

Den dagen synet forsvann, følte ho seg fantastisk.

Ho kunne endeleg gjere ting igjen, etter fleire år i mørke rom med smerter. Ho hadde to små barn og var innstilt på å ta livet tilbake.

Ho gjekk på kurs for å lære å gå med kvit stokk og få førarhund.

Det var likevel ikkje gitt at ho skulle ende opp på golfbana.

Det starta med at den yngste sonen byrja å spele, og ektemannen slang seg med.

– Mannen min lurte på om ikkje eg ville vere med på golf. Det tok litt tid, men så vart det ein vinn-vinn-situasjon, seier ho og ler.

To personer står på en golfbane med masse trær. Mannen står og ser på mens kvinnen står fremoverbøyd, klar til å slå ballen. I forgrunnen står en golfbag.

Ektemannen Birger assisterer på golfbana, men det er Mette som set putten.

Faksimile: NRK

No er ho biten av basillen. Då dette intervjuet blei gjort, var Havnaas i Portugal for å spele paragolf-turneringar.

– Første turneringa fekk eg 13. plass. Eg hadde ein totalkollaps på andre runde, men 13. plass av 32 er heilt greitt, seier ho nøkternt.

Når ho spelar golf får ho god støtte frå mannen sin og andre i paragolf-miljøet.

Ute på bana får ho informasjon og instruksjon frå ein medhjelpar. Til dømes om kor langt det er til holet.

Men det er 57-åringen som slår dei gode slaga.

Sterkt møte med Mette

Gjennom innspelinga av «Tabu», blei programleiar Lars Berrum inspirert av Mette si historie.

– Ho har hatt maksimal uflaks og måten ho handterer det på, vil eg seie er nesten er irriterande imponerande.

Fem personer står tett oppstilt og smiler til kamera. De holder rundt hverandre. To av personene har hvit stokk og solbriller på.

Steven Iglesias Årsnes, Mette Havnaas, Martin Olaussen og Fatuma Abdi er med komikar Lars Berrum i «Tabu».

Foto: NRK

Gjennom «Tabu» har Berrum møtt ei rekkje menneske som har store utfordringar i livet. Møtet med blinde Mette Havnaas blei sterkt.

– Eg veit ikkje om eg hadde klart å ikkje vere bitter, men det er nettopp det Mette klarar.

Berrum trekkjer også fram mannen hennar, Birger.

– Eg sat ofte og såg på dei to, det er eit samspel og ein kjærleik mellom dei som eg beundra på avstand. Dei treng kvarandre, vi treng kvarandre, seier Lars Berrum.

– Svært sjeldan reaksjon

Sjølv om reseptfrie medisinar er lett tilgjengelege i daglegvarehandelen, åtvarar overlege Ingrid Aas mot å tru at dei er utan risiko.

Ho jobbar til vanleg for Direktoratet for medisinske produkt (DMP).

Overlege Ingrid Aas smiler forsiktig til kamera. Hun har kort, lyst hår, blå øyne og lys hud. Hun har på seg en svart genser.

Ingrid Aas er overlege og ekspert på medisinske produkt.

Foto: DMP.no

– Sjølv om det er reseptfritt, betyr det jo ikkje at det er risikofritt med tanke på biverknader. Derfor oppmodar vi alltid til å lese pakningsvedlegget.

Ho understrekar samstundes at alvorlege reaksjonar er svært sjeldne, og at dei fleste kan bruke medisinane trygt så lenge ein følgjer tilrådde dosar.

– Det ho opplevde var ein svært sjeldan reaksjon, seier legen.

Kanskje viss du har lette symptom, så er det andre ting som verkar like bra som å ta eit legemiddel, meiner Aas.

Aas trekkjer fram Ibumetin som eit døme på eit legemiddel som ikkje passar for alle.

Mette er midt i et golfslag. Kølla er hevet over hodet og på vei i full fart ned mot ballen. Hun har på seg en hvit og blå jakke, grå golfcaps og mørke solbriller. Det er en fin dag med blå himmel og grønne trær.

Paragolf har blitt Mette Havnaas sin store lidenskap.

Foto: NRK

Ho peikar på at det kan kollidere med andre medisinar eller vere skadeleg for pasientar med hjarte- eller nyreproblem.

– Sjølv om tilgjengelegheita er ein fordel for eigenbehandling og avlastar helsevesenet, så føreset det at brukaren set seg inn i risikoen.

Vil gi håp til andre

Sjølv om livet tok ei uventa vending, er Mette tydeleg på at livskvaliteten kom tilbake då synet forsvann.

Ho angrar ikkje på vala ho har teke.

Ei kvinne og en mann sitter i en sofa og ler. Mette sitter oppreist og har på seg en hvit t-skjorte, dongrishorts og solbriller. Lars lener seg fremover i et latteranfall. Han er antrukket i svart.

I NRK-serien er det både alvor og humor under innspelinga.

Faksimile: NRK

Gjennom deltakinga i «Tabu» og sitt aktive liv på golfbana, ønskjer ho å vise at livet ikkje stoppar opp sjølv om ein mister synet.

– Eg kan ikkje køyre bil og eg kan ikkje sjå barnebarna mine, men elles gjer eg jo akkurat det same. Eg vaskar golv og vaskar klede, seier Havnaas.

No ønskjer ho å motivere og gi håp til andre som mistar synet.

– Ting tar kanskje litt lengre tid, men du lever eigentleg eit veldig godt og fullverdig liv utan syn, meiner Havnaas.

Publisert 31.01.2026, kl. 13.33

Read Entire Article