Det påståtte byggeforbodet i strandsona er ein illusjon

15 hours ago 1



Den politiske diskusjonen bygger på feil oppfatning, om at vi har eit byggeforbod i strandsona. Det har vi ikkje. Foto: Fredrik Refvem
  • Bård Magnus Fauske

    Landskapsarkitekt MNLA, byplanleggjar, juss-student UiO

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Kommunane dispenserer for bygging i strandsona. Altså set dei reglane til side og opphevar byggeforbodet. Ut få mi lange røynsle, vil eg ta opp ei grunnleggande misforståing av reglane i plan- og bygningslova. Les du dei slik eg som fagyndig konsulent gjer, då ser du ei oppskrift på korleis sikre byggeløyve i vasskanten.

For i plan- og bygningslova paragraf 1–8 står:

«I 100-metersbeltet langs sjøen og langs vassdrag skal det takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser. Andre tiltak etter § 1–6 første ledd enn fasadeendringar kan ikkje setjast i verk nærmare sjøen enn 100 meter frå strandlinjen målt i horisontalplanet ved alminneleg høgvatn. (…) Forbudet etter andre ledd gjeld så langt ikkje annan byggegrense er fastsett i kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan, jf. §§ 11–9 nr. 5 og 12-7nr. 2.»

Slik les eg regelen:

1) Ta vare på og sikre omsyna.

2) Byggegrense er 100 meter.

3) Fastsett ei anna byggegrense i arealplan enn 100 meter.

4) Søk byggeløyve.

Eller om du søker dispensasjon:

1) Hopp over plankravet

2) Søk dispensasjon frå byggegrensa

3) Sikre omsyna i paragraf 1–8.

4) Søk byggeløyve.

Det er den siste tilnærminga mange vel, og som kommunane legg hand på. Difor har bygging i strandsona blitt eit gode for dei få, som kan betale for eksempel fagkyndige som meg til å hjelpe seg med å få gjennomslag.

Den politiske diskusjonen bygger på feil oppfatning, om at vi har eit byggeforbod i strandsona. Det har vi ikkje. Skal vi sikre verneinteresser, lyt dei fastsetjast i reguleringsplanar som friområde, naturområde, strandsone eller gjennom vern heimla i naturmangfaldlova kapittel 5, altså landskapsvernområde, nasjonalparkar og liknande. Dei prosessane krev også politiske fleirtal, som sit lenger inne enn å gi byggeløyve.

Det påståtte byggeforbodet i strandsona er ein illusjon.

Publisert:

Publisert: 10. januar 2026 13:41

Read Entire Article