Eg har i løpet av mine seksogseksti år fått oppleva og sett mykje i denne verda, både godt og vondt.
Eg har også fått kjenna på kva krig er, gjennom mi tid som soldat i FN.
Eg, og truleg mange med meg, har ikkje alltid vore så flinke til å stilla spørsmål ved det me ser, og det som skjer. Livet går sin vante gang, i alle fall for oss som ikkje er råka av urett.
Eg har vore så heldig å få mange barnebarn, åtte i talet til no. Eit av barnebarna mine kom ein dag bort til meg og sa: «Hvorfor det, bestefar?» Ho var då fire år gammal, og hadde ikkje heilt forstått noko ho hadde høyrt i farten.
Kvifor stiller me ikkje dette spørsmålet oftare?
Eg er sterk tilhengjar av demokrati, og eg meiner at eit diktatur aldri vil vera berekraftig. Difor er dei folkevalde nettopp folkevalde, og ikkje tildelt makt og styringsrett på anna vis. Det er nettopp dette som er grunnsteien i eit demokrati. Dette gjeld i vårt eige land, og dette trudde eg også gjaldt i USA.
Å få ei leiarstilling i ei privat verksemd er ofte ein omfattande prosess, der kandidaten vert vurdert ut frå svært mange kriterium. Så mange at det vert for mykje å liste opp i dette innlegget.
Å få ei leiarstilling som president, derimot, til dømes i USA, er underlagt heilt andre føringar, sjølv om dette inneber å vera verdas mektigaste leiar. Ifølgje den amerikanske grunnlova må kandidaten kun oppfylla følgjande krav:
Minst trettifem år gammal. Fødd som amerikansk statsborgar («natural born citizen»). Busett i USA i minst fjorten år. Kandidaten må vera juridisk valbar og ikkje vera diskvalifisert gjennom riksrett med påfølgjande utestenging. Det finst ingen krav om utdanning, yrke, religion eller politisk erfaring.
«Hvorfor det, bestefar»?






English (US)