Derfor kan Arne Bye få kortare straff

2 hours ago 2



– Dei uttrykker skuffelse. Dei uttrykker nesten litt vantru over at me har lovgjevarar som meiner at i denne saka skal det vere maks 16 år.

Det seier koordinerande bistandsadvokat, Tove Røddesnes, på vegner av dei fornærma kvinnene.

Endring i lovverket gjer at den tidlegare kommuneoverlegen maksimalt kan dømmast til 16 år i fengsel.

– Dei meiner at det riktige her er 21 år i fengsel, legg ho til.

Etter at Arne Bye trakk anken over skuldspørsmålet, blir tingretten sin dom over skuldspørsmålet ståande:

Arne Bye er dømd for 70 valdtekter og 82 tilfelle av å ha misbrukt sin stilling som lege for å oppnå seksuell omgang.

Men lagmannsretten skal avgjere kva straff den tidlegare kommuneoverlegen skal dømmast til.

Lovendring kan gje lågare straff

Når Frostating lagmannsrett no skal behandle Bye si anke over straffeutmålinga, gjer ei lovendring at han maksimalt kan dømmast til 16 år i fengsel.

Den tidlegare kommuneoverlegen blei i Trøndelag tingrett mellom anna funnen skuldig i 38 brot av § 292 i straffelova.

Frosta-saka

  • Kvifor skal saka mot Arne Bye gå for retten igjen?

    Den 6. juni blei den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta dømt til 21 år i fengsel i Trøndelag tingrett. Han blei funnen skuldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av stilling for å oppnå seksuell omgang.

    Men så anka Arne Bye dommen, både straffeutmålinga og skuldspørsmålet. Han ville ha ei ny vurdering av om kvinnene var ute av stand til å motsette seg det som skjedde på legekontoret.

    Frostating lagmannsrett avgjorde at Bye si anke over straffeutmålinga og anke over skuldspørsmålet for 18 tiltalepostar skal fremmast til ankeforhandling.

    Men så trakk Bye anken over skuldspørsmålet, men lagmannsretten skal framleis behandle Bye si anke over straffeutmålinga.

    Dermed er skuldspørsmålet rettskraftig avgjort, men lagmannsretten skal i ankeforhandlinga avgjere kva straff han skal dømmast til for desse lovbrota.

  • Kva skal lagmannsretten behandle i ankesaka?

    Frostating lagmannsrett skal behandle Arne Bye si anke over straffeutmålinga – altså kva straff Bye skal få for lovbrota han blei funnen skuldig i ved Trøndelag tingrett sin dom frå 6. juni.

    I tingretten blei han funnen skuldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av stilling for å oppnå seksuell omgang. Dette er med andre ord rettskraftig avgjort.

  • Kvifor har maksstraffa Arne Bye kan får blitt kortare?

    Når Frostating lagmannsrett no skal behandle Bye si anke over straffeutmålinga, gjer ei lovendring at han maksimalt kan dømmast til 16 år i fengsel.

    Den tidlegare kommuneoverlegen blei i Trøndelag tingrett mellom anna funnen skuldig i 38 brot av § 292 i straffelova.

    Paragrafen inneheldt bestemmingar knytt til valdtekt ved innføring av gjenstandar.

    Strafferamma for brot på denne lova var 15 år. Når ein blir dømt for fleire brot, kan ein få seks år ekstra straff.

    Dermed blei Arne Bye dømd til 21 år fengsel i Trøndelag tingrett, den 6. juni 2025.

    Då lovendringane som blir kalla «samtykkelova» trådde i kraft 1. juli finst ikkje denne paragrafen lenger.

    I tillegg fjerna lovendringa minstestraffa på tre år og øvre strafferamme på 15 år ved valdtekt til samleie.

    Dermed vil strafferamma for lovbrota Bye er dømd for vere 16 år etter lovverket som er gjeldande i dag.

    Dersom han skal dømmast til 21 år i fengsel, må det bevisast at ei av valdtektene har vore grov.

  • Det har kome fleire nye saker mot Arne Bye. Kva skjer med dei?

    Ankesaka som no går for retten påverkar ikkje etterforskinga av dei nye sakene mot Arne Bye.

    Dette er to parallelle løp: Sakene som går for retten og dei nye sakene som er under etterforsking.

    Den tidlegare kommuneoverlegen er sikta for 33 nye valdtektshandlingar overfor 16 fornærma.

    Dette har vore under etterforsking sidan desember 2024 – parallelt med at saka mot Bye er under behandling i rettssystemet.

    Politiet har bekrefta at dei leiter etter manglande videomateriale i forbindelse med denne etterforskinga.

Paragrafen inneheldt bestemmingar knytt til valdtekt ved innføring av gjenstandar.

Strafferamma for brot på denne lova var 15 år. Når ein blir dømt for fleire brot, kan ein få seks år ekstra straff.

Dermed blei Arne Bye dømd til 21 år fengsel i Trøndelag tingrett, den 6. juni 2025.

Då lovendringane som blir kalla samtykkelova trådde i kraft 1. juli finst ikkje paragraf §292 lenger.

Lovendringa fjerna også minstestraff på tre år og øvre strafferamme på 15 år ved valdtekt til samleie.

Dermed vil strafferamma for lovbrota Bye er dømd for vere 16 år etter lovverket som er gjeldande i dag.

Påtalemakta har tidlegare varsla at dei vil be om 16 år i fengsel dersom det berre er straffeutmålinga som skal behandlast i ei ankesak.

Aktor Rikhard Haugen Lyng. Vi ser også ryggen til aktor Eli Nessimo

Statsadvokatane Rikhard Haugen Lyng og Eli Reberg Nessimo under rettssaka i Trøndelag tingrett.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Likevel vil ikkje statsadvokat Rikhard Haugen Lyng avslø kva straff påtalemakta kjem til å be om i ankesaka.

– Vårt syn på dei rettslege konsekvensane av lovendringa kjem me til å adressere under ankeforhandlinga.

Dersom han skal dømmast til 21 år i fengsel, må det bevisast at ei av valdtektene har vore grov.

– Rettsapparatet ser alvorleg på kvar einaste valdtekt

I Noreg er det slik at Stortinget bestemmer kva som skal vere straffbart og kva strafferammene skal vere.

– Dersom lova blir endra til gunst for tiltalte, så bruker me den nye lova. Berre tenk kor urimeleg det kan følast dersom du blir dømd til ei strengare straff enn det som Stortinget har bestemt at skal gjelde i dag.

Det seier Espen Skjerven i dommarane si mediegruppe. Han jobbar som tingrettsdommar i Sør-Rogaland tingrett og har ikkje hatt noko med Frosta-saka å gjere.

– I Noreg summerer me ikkje med kalkulatoren, straffa for alle valdtektene som er gjort. Det som skjer i praksis er at dommarane bereknar straff ut frå det mest alvorlege tilfellet og så gjer ein eit betydeleg påslag. I dag er dette nivået 16 år, før var det opp til 21 år.

Espen Skjerven

Tingrettsdommar Espen Skjerven uttalar han seg på generelt grunnlag om lovendringa som får følger for Bye si straff.

Foto: Kjetil Birkedal Pedersen

– Dette handlar om Noreg sitt straffesystem og korleis me behandlbehandlar straffbare forhold samtidig. Rettsapparatet ser alvorleg på kvar einaste valdtekt, legg han til.

Straffa i saka mot Arne Bye er ikkje endeleg avgjort før dommen mot han er rettskraftig avgjort.

Og det er lagmannsretten som skal endeleg avgjere kva straff Bye skal dømmast til.

Letta for at dei slepp å forklare seg

– Me merker at denne saka har vore ein berg og dal-bane, emosjonelt. Det har vore tøffe tak, seier Røddesnes i forkant av ankesaka.

Sidan skuldspørsmålet er avgjort i tingretten, slepp dei fornærma kvinnene å forklare seg i lagmannsretten.

Tove Jensen Røddesnes er koordinerende bistandsadvokat i Frosta-saken. Hun sitter i rettssalen og kikker til sin venstre side med et noe betenkt blikk

Bistandsadvokat Tove Røddesnes under rettssaka i Trøndelag tingrett.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Men dei uttrykker samstundes lette over at ingen av dei fornærma treng å forklare seg i ankeforhandlinga.

Arne Bye sine forsvararar ønsker ikkje å kommentere saka i forkant av behandlinga i retten.

Det er sett av tre dagar til behandling av ankesaka i Frostating lagmannsrett.

Hei!

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven eg burde snakke med?

Då vil eg veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt. 

Publisert 26.11.2025, kl. 05.12

Read Entire Article