Denne endringa gjer at mjølkebonden Hågen endeleg kan satse

1 month ago 28



På innsida av eit gammalt fjøs, heng det strimlar av plast frå taket og ein ser rett ned på restane av ein møkkjellar.

Det verkar kanskje ikkje slik, men dette er synet av renovasjon og oppgangstid for bonden Hågen Bentzen frå Drevsjø i Engerdal kommune.

Ei oppgangstid vil det kanskje også bli for resten av det norske landbruket.

I endring

Dei siste åra har kvart sjette gardsbruk blitt nedlagde. Ei utvikling som spår dårleg for norsk landbruk.

Nå kan ei forskrift frå Finansdepartementet bidra til at trenden snur.

Det bygges nytt fjøs. Elisabeth Gjems og Hågen Bentzen

Her skal det byggast nytt fjøs. Dette hadde ikkje vore mogleg utan den nye forskrifta.

Foto: Armann Martesønn Kippersund / NRK

Dei såkalla «risikovektene» for landbrukseiendomslån blei i slutten av juni redusert frå 100 til 50 prosent.

Risikovektene er eit ganske teknisk begrep, men betyr kor mykje risiko som er innvolvert i det ein søkjar lån til.

Jo høgare risikovekt, jo høgare risiko.

Altså er det ein måte for bankane å sikra seg, viss dei låner bort pengar til næringar og personar som risikerer å ikkje kunna betala tilbake.

For bøndene vil det i denne samanhengen bety at dei kan låna pengar til ein lågare pris.

Bentzen utvidar blant anna fjøset, og renoverer det gamle. Han kan derfor ha 27 mjølkekyr, i motsetning 23.

Det høyrest ikkje så mykje ut, men sett at ei mjølkeku på eit år kan produsere mellom 7 og 8 000 liter mjølk, så er det snakk om ein del.

Armann Martesønn Kippersund

Kostar også meir pengar

Forskrifta gjer det likevel ikkje bera lettare og starta opp og å utvida.

Den er òg viktig for at fleire bønder kan fortsete drifta framover.

Grunnen er det omstridde lausdriftskravet.

Kravet går ut på at ein i 2034 skal ha gått vekk frå å ha dyr bunde på bås, eller vere stengt inne – til å la dyra gå lause i eit inngjerda området.

Dette vil bli føre til større kostnader for landbruket.

For Bentzen er det tydeleg korleis framtida som bonde hadde sett ut, viss ikkje Finansdepartementet hadde strekt ut ei hand.

Hågen Bentzen og Elisbeth Gjems

Elisabeth Gjems, leder for Innlandet Bondelag, meiner at ordninga, saman med andre tilskot frå staten, kom i grevens tid. Avbildet her med Hågen Bentzen.

Foto: Armann Martesønn Kippersund / NRK

– Da måtte eg drive i det gamle fjøset, så lenge det hadde gått. I 2034 måtte eg ha gitt meg, og funne ein annan jobb, seier han.

Vil gjere livet litt enklare.

– Det har vore for høg rente for mange landbrukslån, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Han meinte det derfor var feil å stille for høge krav til landbruket.

I tillegg held han fast ved at det er fagleg forsvarleg.

– Det er mykje mindre tap i landbruket.

Ifølge statistikk frå SSB (sjå nedanfor), så er det altså færre konkursar i landbrukssektoren enn i andre sektorar.

Vi ønsker ikkje at kapitalkostnadene skal vere for høge. For det er dyrt viss du skal investere t.d. til eit fjøs, eller gjere andre grep, svarer Vedum.

– Kva er risikoen i å senke kapitalkravet?

– Vi har kapitalkrav i Noreg for å ha solide bankar. Det vil seie at viss noko går konkurs, så skal bankane kunne stå imot det.

Det er viktigare med inntekt

Styreleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner det er bra at den nye forskrifta har blitt fastsett, men meiner at den ikkje ordnar opp i det faktiske problemet i landbruket.

Tor Jacob Solberg, leder i Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Styreleiar i Norsk Bonde-og Småbrukarlag meiner at Stortinget må operere med et anna talgrunnlag for å utbetre betre vilkår for landbruket.

Foto: Norsk Bonde- og Småbrukarlag

– Lenge har bønder berre tent nok til å nedbetale gjelda. Nå ser vi at dei slit seg ut. Så det vi eigentleg trenger er å auke lønnsemda i jordbruket.

Han legg til at å sjå utelukkande på dei lave konkurstallene, ikkje gir heilskapsbildet som trengst for å gi landbruket et reelt løft.

Publisert 05.08.2024, kl. 04.58

Read Entire Article