Denne 70 år unge kjerringa er flittig farmor og frivillig, så ikkje kall meg eldrebølgje!

7 hours ago 5



DEBATT: Eg er i ferd med å bli dritlei av dette ordet – eldrebølgja. Ja, eg blir sint av framstillinga av eldre berre som ein budsjettpost. Eg veit ikkje heilt kven som er inkludert i omgrepet, men eg antar at eg er med der.

På grunn av farmor kan dei unge jobba og bidra meir til samfunnet. Foto: Shutterstock
  • Jorunn Hagesæter

    Stavanger

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Me eldre er faktisk ikkje ein utgiftspost som er større enn for resten av befolkninga før me eventuelt treng litt hjelp på slutten av livet. Her kjem ei «realitetsorientering» til politikarar og journalistar frå ei 70 år ung kjerring som er ein del av bølgja – eg skriv for meg sjølv, men der er mange, mange som bidrar meir enn meg.

Eg har slutta å jobba og dermed fått betre tid. Det er ingen økonomisk grunn til å jobba i det offentlege etter fylte 67, pensjonen som me har betalt inn til gjennom store delar av livet, trekkjer staten tilbake litt og litt for kvart år me jobbar etter 67. Det vert kalla «samordning», ran er eit betre ord.

Eg gjer mykje

Det betyr ikkje at der ikkje er att krefter, energi og vilje til å bidra i samfunnet. Difor bidrar eg mykje!

  • Eg tar meg av barnebarn så ofte eg kan, fordi det er ei stor glede. I tillegg hjelper det neste generasjon med å få utfordrande tider til å gå greitt, og dei kan jobba meir og bidra meir enn utan farmor.
  • Eg jobbar som frivillig i ein «jazzklubb», slik at konsertane går greitt med rydding før og etter, og med kontroll og vakt undervegs.
  • Eg bidrar som eksamensvakt på min tidlegare arbeidsplass. Det er ein jobb som naturleg nok må gjerast av nokon som ikkje har annan jobb, sidan alle eksamenar er i ordinær arbeidstid.
  • Eg er til dels fysisk aktiv slik at kroppen skal halda seg brukande i fleire år og eg kan bidra lenger.
  • Eg betaler skatt og avgifter – ja, me betaler skatt av pensjon, og ingen får reduserte kommunale avgifter fordi ein er pensjonist. Eg har betalt skatt og trygdeavgift på lønna mi i meir enn 40 år, i tillegg har eg betalt 2 prosent av lønna til pensjonskassen.
  • Eg bidrar med mitt til at kino, teater, konsertlokale, butikkar, frisør, tannlege, kaféer og andre «instansar» tener pengar.

Me snakkar om bølgjeenergi

Eg går berre unntaksvis til lege – foreløpig og heldigvis – så eg er lite til belastning. Andre stader der folk som meg bidrar med store mengder frivillig arbeid til nytte for samfunnet: Innanfor ulike aktivitetar i Røde Kors, Den Norske Turistforeininga, Norsk Folkehjelp, frivilligsentralar i kommunane, med alt frå hjelp med praktisk arbeid til datahjelp, religiøse organisasjonar, og mykje eg ikkje har nemnt Dette kallar eg bølgjeenergi – ikkje gløym han i dette «eldrebølgjerekneskapet». Tenk om de skulle betalt for alle desse tenestene, de som står på land og ser på.

Publisert:

Publisert: 19. juni 2025 11:26

Read Entire Article