«Den neste Zlatan» speler i Eliteserien – det overraskar trenaren

1 week ago 9



– Da er i så fall eg den neste Nils Arne Eggen.

Strømsgodset-trenar Jørgen Isnes humrar lett av eige utspel om 22 år gamle Nikolaj Möller.

Kallenamnet den nye spissen til klubben fekk da han spelte i Italia og England har openbert ikkje nådd Godset-sjefen.

– Eg tenker vel om at han allereie var den neste Zlatan Ibrahimovic, så ville han ikkje vore her i Drammen, følger han opp.

Engelske avisoverskrifter kalte Nikolaj Möller «den neste Zlatan».

SKAPTE OVERSKRIFTER: Engelske avisoverskrifter kalla Nikolaj Möller «den neste Zlatan» da han herja på Arsenals U23-lag.

Foto: Faksimile: Goal.com/The Sun

Men det er nokre likskapar, og kallenamnet er dermed kanskje ikkje heilt ugrunna:

  • Han er frå Helsingborg sør i Sverige, faktisk berre om lag 40 kilometer unna Rosengård, der superstjerna voks opp
  • Dermed snakkar han også ganske likt som Ibrahimovic
  • Han spelte ungdomsåra sine i Malmö FF
  • Som Zlatan, så gjekk han tidleg til utlandet, blant anna Italia

I tillegg finn Isnes, som henta Möller til Godset på eit 12 månaders lån for to veker sidan, andre likskapar når NRK spør igjen.

– Når det er sagt, så har han rå fysikk, han er bra som oppspelspunkt og han har fart. Så kan han vere enda råare som ein 1.94 høg muskelbunt og bruke det enda meir.

– Vi veit at han har kvalitetane til å kanskje kunne bli så god som Zlatan på eit tidspunkt, seier han.

– Høyrest ikkje dei kvalitetane du ramsar opp der som ein ung Zlatan?

– De er jo ute etter dei store overskriftene, flirer han.

– Eg skjønner samanlikninga. Så er det å samanlikne ein eliteseriespelar med ei verdsstjerne kanskje litt tidleg, men det er nokon likskapstrekk.

Jørgen Isnes har forlenget med Strømsgodset.

INNRØMMER LIKSKAPSTREKK: Etter litt gjekk Strømsgodset-trenar Jørgen Isnes på at det kanskje er nokon likskapstrekk mellom Zlatan Ibrahimovic og Nikolaj Möller.

Foto: Christoffer Andersen / NTB

– Skal ikkje seie så mykje om det

Möller sjølv har også fått med seg både overskriftene og kallenamnet.

– Eg høyrde litt om det der. Eg er stor, frå Sverige og spelte i Malmö, ler han mens han trekker på skuldrene.

– Det er ikkje noko eg skal fokusere på akkurat nå. Eg må først vise kva eg kan før folk skal begynne å kalle meg Zlatan. Det er litt for tidleg, seier han til NRK.

Foreløpig har han hatt to innhopp frå benken og starta éin kamp i Eliteserien. Han skåra i debuten mot Lillestrøm, som er Strømsgodsets einaste siger på dei siste 11 kampane.

– Eg håpar jo eg kan gjere det bra i Eliteserien, men Zlatan er eit heilt anna nivå.

– Først må eg skåre nokre mål og vise meir. Akkurat nå skal eg nok ikkje seie så mykje om det.

– Alle er ikkje Martin Ødegaard

Mange lurar nok framleis på korleis ein spelar med dette stempelet endar opp i norsk klubbfotball.

Forklaringa inneheld mange skarpe svingar:

Fleire europeiske toppklubbar såg tidleg noko unikt i Nikolaj Möller. Han hadde knapt fylt 16 da italienske Bologna plukka han opp.

Så returnerte han til heimlege trakter i Malmö. Der var han ikkje lenge før sjølvaste Arsenal henta han. Suksesstrenar Mikel Arteta tenkte høgt om han.

– Frå Arsenal tok eg med meg utruleg mykje. Eg trena med A-laget kvar dag i tre månader. Det er utrulege spelarar, og ein lærer så mykje kvar dag, fortel han.

– Berre det å vere i det miljøet gjer at ein eg får trua på at «dette kan eg gjere sjølv også». Så da handlar det berre om å vise det fram, så håpar eg å ein dag vere på det nivået igjen.

Men sjølv om han gjorde seg merka både på A-lagstrening og i kampar for U23-laget blei det aldri moglegheiter i Premier League.

Nikolaj Möller for St. Gallen

UTLÅN PÅ UTLÅN: Også da han sikra permanent overgang til St. Gallen, blei det omsider eit nytt utlån. Her i kamp mot Yverdon-Sport i 2023.

Foto: FRESHFOCUS

Möller blei i staden sendt på lån ut i Europa. To gonger. Før det til slutt blei ein permanent overgang til sveitsiske St. Gallen.

Likevel ikkje meir permanent enn at han hamna på eit utlån til Drammen denne sommaren.

– Det ser eg ikkje på som negativt i det heile. Alle spelarar har kvar si reise. Dette er min. Den var meint til å vere sånn. Det er berre å vere positiv og å sjå framover.

Akkurat den innstillinga liker Jørgen Isnes veldig godt. For det er fleire vegar til Rom.

– Eg synest det er ei ganske kul reise. Det er mange vegar ein kan ta for å bli ordentleg, ordentleg god. Alle er ikkje Martin Ødegaard.

– Nikolaj har fått oppleve litt i utlandet, gått på mange lån hit og dit. Så må ein stundom ta eit steg tilbake for å kunne komme seg opp og fram. Det er det få spelarar som vil erkjenne. Men dei som tør å gjere det, dei kan få ein veldig solid karriere.

Og når det gjeld Zlatan-kallenamnet, som han ikkje ville seie så mykje om:

– Viss vi kjem tilbake om nokon månader da?

– Da kan eg nok seie litt meir, ja!

Publisert 12.09.2024, kl. 08.26

Read Entire Article