Dei som ikkje planlegg ferien får det best: – Treng ikkje å planleggje alt

1 month ago 25



Det er sommarferie, og du har planane klare.

Det blir surfing, soling, fjellturar, reising, shopping, familiebesøk og camping.

Men er det så lurt å ha ferien stappfull av planar?

Ikkje ifølge forsking.

– Vi opplevde at dei som planla meir naut ferien mindre, seier Ondrej Mitas.

barn ved sandesanden

Ikkje planlegg ferien for mykje, ver heller open for det uventa når du reiser på ferie.

Foto: Andrine Gald Myklebust / NRK

Han er ferieforskar ved Breda-universitetet i Nederland, og har kome fram til dette i ein ny studie.

– Folk som brukte meir tid på å planlegge ferien og planla lenger fram i tid, var mindre fornøgd med ferien, seier han til NRK.

Han seier dei var mindre lykkelege, og tvilte heile tida på avgjerdene sine.

– Og grubla over moglegheitene for å få til ein betre avtale eller ei betre oppleving.

Sommerkledde turister går langs kaia i Svolvær. Sola skinner og havet er helt stille. Fjellene brer seg over landskapet.

Ikkje planlegg ferien for mykje, ver heller open for det uventa når du reiser på ferie.

Foto: Malin Nygård Solberg / NRK

– Treng ikkje å planleggje alt

Dette kjenner 25 år gamle Marianne Alise Dørmænen frå Vadsø seg igjen i.

– Eg treng ikkje å planlegge alt til punkt og prikke.

I sommar var ho på segleferie med kjærasten og familien hans. Det likte ho veldig godt. Både fordi ho gjorde noko nytt og fordi dei kunne vere fleksible.

– Viss vi fann ut at det var fint ein plass så drog vi dit. Det likte eg veldig godt, seier ho og utdjupar kvifor:

– Eg liker å ha høve til å endre planane om det er noko eg har meir lyst til.

Men litt planlegging er bra.

– Eg liker å ha planlagt litt, slik at eg har noko å sjå fram til, men om det blir for mykje og har eit for tett program, kan det bli litt stress, seier Dørmænen.

Er positivt å bli overraska

Ondrej Mitas er ekspert på velvære og livskvalitet. Han seier det ikkje er bra å maksimere ferieplanlegginga fordi det kan øydeleggje føremålet med å reise på ferie.

– Det forårsakar stress og frustrasjon. Det gir også endelause samanlikningar med forventningane, og øydelegg den fantastiske kjensla av merksemd og nærvær som kjem av å vere på ferie, når det går bra.

Likar du å planlegge ferien?

Til Svenska Dagbladet sa han at han har funne ut at den sterkaste positive opplevinga folk kan ha når dei er på ferie, er å bli positivt overraska.

– Jo mindre forventninga du har, desto meir positivt overraska vil du bli.

– Og jo mindre du har planlagt, desto meir rom er det for at uventa ting kan skje.

Ifølge Forskning.no har folk generelt sett det betre i ferien enn i kvardagen.

I ein annan forskingsartikkel frå Mitas, blir det forklart at folk har det betre på ferie fordi det i stor grad heng saman med det å oppleve noko nytt.

Men det handlar ikkje om å presse inn mykje nye inntrykk og opplevingar på kortast mogleg tid, understrekar Mitas til Svenska Dagbladet. Då blir du berre utmatta.

Renter Ferie

Forskar Ondrej Mitas seier det ikkje er bra å maksimere ferieplanlegginga fordi det kan øydeleggje føremålet med å reise på ferie.

Foto: Yann Belov / NRK

– Ver nysgjerrig

Kva for råd har du til folk som snart skal på sommarferie?

– Ha ei fantastisk tid og slapp av. Sjå nye ting og ta vare på augeblinken for eksempel ved å ta ei kreativ tilnærming til å fotografere, teikne eller snakke om det du ser, seier han.

Han tipsar også om å besøke stader tidleg om morgonen før dei blir overfylte av andre turistar.

– Møt nye menneske og lytt autentisk og nysgjerrig til historiene deira, seier han og legg til:

– Ikkje legg for mykje energi i planlegginga, og sjølv om du har gjort det, la forventningane dine vere igjen heime.

Kva er dine tips for å få ein fin ferie?

Kommenter under:

Publisert 27.07.2024, kl. 09.31

Read Entire Article