Påstanden om at vi har late Fred og rettferd (FOR) diktere «Debatten», er feil.
Publisert: 22.05.2025 11:09
Fred og rettferd (FOR) er eit forholdsvis nytt, mykje omtalt og svært kontroversielt parti. Dei har meiningar som går på tvers av anerkjende og utbreidde folkerettslege oppfatningar. «Debatten»-sendinga tysdag hadde som mål å la dei bli møtt med kritiske spørsmål, harde fakta og tøff debatt. Det er ein viktig og riktig ambisjon for eit debattprogram som skal spegle breidda i den politiske diskusjonen i Noreg.
Påstanden om at vi har late Fred og rettferd (FOR) diktere «Debatten», er feil. Det var redaksjonen som tok alle val knytte til innhaldet i sendinga. Men det er rett at FOR ikkje ønskte å avsløre namnet på pengegivaren før mot slutten, og bakgrunnen for det burde vi bora meir i frå start.
Ei av dei aller viktigaste oppgåvene til pressa er å leggje til rette for eit inkluderande, faktabasert og ope ordskifte, der også røyster frå ytterfløyene i samfunnet får uttrykke seg.
FOR har fått stor merksemd den siste tida. Dei har meldt inn vallister til alle 19 valdistrikt ved stortingsvalet i haust og har vore synlege i bybiletet i hovudstaden med ein omstridd reklamekampanje på T-banen. Det for nyleg svarlause spørsmålet om kven som har finansiert kampanjen, har ført til brei mediedekning.
Difor inviterte vi FOR
FOR står for eit syn som meir eller mindre fell saman med den aggressive krigspropagandaen og usanne narrativet til Russland om bakgrunnen for den folkerettsstridige annekteringa av Krym i 2014, og den følgjande fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022. FOR har fått ein plattform der dei når ut til folk, dei har kome inn i den norske offentlegheita, og dei står for ein kontroversiell politikk. Nettopp difor ønskte vi å rette søkelyset mot standpunkta deira og invitere dei inn i Debatten.
Når vi gjer eit slikt val, forpliktar det oss til å gjere grundig og god research, slik at vi kan møte påstandar som kjem, med fakta og oppfølgingsspørsmål. Det forpliktar oss til å setje saman eit panel der motstemmene er godt representerte og kjem tydeleg til uttrykk. I dette tilfellet var det Ine Marie Eriksen (H), leiaren av Stortingets utanriks- og forsvarskomité, Aage Borchgrevink, spesialrådgjevar i Helsingforskomiteen, og Sven G. Holtsmark, professor ved Institutt for forsvarsstudium.
Vi skal ikkje bli eit talerøyr for aktørar som ønskjer å framføre ein bodskap utan kritisk kontekst. Samstundes er det avgjerande at NRK også kastar lys over meiningar som går på tvers av den utbreidde oppfatninga, og som mange beskriv som farlege og antidemokratiske — ikkje minst når dei kjem frå eit parti som stiller til demokratisk val. Desse kreftene finst, uavhengig av om vi løfter dei inn i flatene våre eller ikkje. Ved å løfte dei inn, tvingar vi dei til å forhalda seg til motargument og fakta.
Vi tek avgjerda
Dei fleste som deltek i «Debatten» og andre debattprogram, har ein agenda. Difor jobbar vi aktivt med å finne dei rette motdebattantane til dei vi inviterer.
Ofte har debattantane ønske og tankar om korleis dei ønskjer å delta. Vi lyttar til dei og vurderer ulike omsyn, men tek alltid avgjerda om oppbygginga og utforminga av «Debatten» på eit sjølvstendig og uavhengig grunnlag. Slik var det også i denne sendinga, og det var dette programleiar Fredrik Solvang prøvde å gjere greie for i utsegnene sine etter sending. Vi ser at desse utsegnene kan misforståast.
I fleire dagar har FOR fått spørsmål frå ulike medium om kven som donerer pengar til partiet. Dei har ikkje ønskt å svare.
Då vi spurde om dei kunne dele denne heilt sentrale informasjonen i «Debatten», var dei opne for det. Undervegs i planlegginga var intensjonen vår heile vegen å eksponere FOR sine politiske standpunkt og debattere dei.
Namnet på personen bak pengeoverføringane til partiet var ikkje eit hovudpoeng i seg sjølv, men ei heilt vesentleg opplysning som vi sjølvsagt, som dei fleste andre medium, har jobba med å få ut. Kven vedkomande er og kva han står for, har høg journalistisk relevans. Men det er ikkje slik at vi kjøpslo med FOR om at vi skulle få dette namnet mot at dei fekk snakke om politikken sin.
Krevjande gråsone
Desinformasjon og påverking er ei uoversiktleg gråsone som er krevjande å navigere i. Det er det som gjer henne både effektiv og skadeleg.
Når det er sådd ei uvisse rundt kva som er sant eller kven som eigentleg står bak ein bodskap, er skaden allereie skjedd. Det må vi som redaktørstyrte medium vere klare over i alt vi gjer. Utfordringa dette utgjer for oss, vart også adressert av programleiaren i innleiinga til «Debatten».
Uavhengig av kven som har ei interesse av at FOR kjem til orde i nasjonale debattflater, ligg vårt oppdrag fast. Det er ein viktig verdi i det norske samfunnet at det er rom for å kunna setje søkjelys på kontroversielle meiningar og møte desse med argument i den offentlege debatten. Alternativet er at desse meiningane blir verande i understraumar på sosiale medium og utanfor redaktørstyrte medium.
Og la det vera heilt klart: «Debatten» sine redaksjonelle val er aldri til sals.
Kronikken ble først publisert på NRKs nettsider.