Dansk politi siktar svensk 25-åring for å ha hatt to handgranatar

1 month ago 19



14. august 2024 kl. 08:54

Politiet meiner mannen hadde som føremål å sprengje desse i København.

Politiet i København har arrestert ein 25 år gammal, svensk statsborgar som hadde to handgranatar på seg. Det melder den danske avisa DR.

Mannen vert framstilt for varetektsfengsling i ein domstol klokka 09.30 i dag.

Politiet skriv på X at dei vil be om lukka dører under fengslingsmøtet.

Sidan april har det vore fleire kriminelle hendingar der dansk politi meiner at svenskar er involverte. Det har gjort at Danmark har skjerpa grensekontrollen til Sverige, det inneber mellom anna at dansk politi aukar nærværet i tog som kjem frå Sverige til Danmark.

Read Entire Article