– Det er meiningsfullt. Du lagar mat til folk. Det er dette som er grunnlaget for at folk overlever, seier den ferske bonden medan han passar på at kyrne får høy.
I snart eit år har han vore eigar av det største bruket i bygda. Over 80 dyr i fjøsen, ved sidan av full jobb som maskinførar, skremmer ikkje 23-åringen frå Bjørkedalen i Volda.
– Ein må kome seg opp om morgonen. Ha noko å henge fingrane i, elles dovnar ein heilt vekk, seier han.
Det var ganske tilfeldig at han fekk kjøpe akkurat denne garden. Med ein stolt arv å ta vare på.
Nedgang
Talet på bønder går stadig nedover her i landet.
Men Landbruksdirektoratet kom nyleg med eit lite lyspunkt i heimfylket til Daniel Bjørkedal: Møre og Romsdal og i Agder.
Der har det litt fleire bønder frå i fjor. Ikkje ein stor auke, men i alle fall ikkje nedgang.
Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap)
Foto: Sophie Lorch-FalchLandbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen feirar gjerne den positive nyheita.
– Det betyr at det er folk som er interessert i å drive vidare, og at det også kjem nye næringsdrivande til. Det er veldig gledeleg og viktig for matsikkerheita vår i ei uroleg tid i verda.
– Sjeleglad
Daniel Bjørkedal er oppvaksen på ein gard på andre sida av Bjørkedalsvatnet.
Men sidan eldre søsken kan tenke seg å ta over der, forstod han at han måtte skaffe seg sin eigen gard om bondedraumen skulle bli noko av.
Han hadde tidlegare jobba på garden til Jakob Bjørkedal (70) som dreng. Same etternamn, men ikkje i slekt.
Jakob har ikkje barn, og ingen av onkelbarna kunne tenke seg å ta over garden.
Då var han ikkje i tvil om kven han skulle spørje først.
– Eg var sjeleglad for at nokon her i bygda kunne tenke seg å overta. At det ikkje kom nokon heilt framande hit, seier han.
Daniel slo til og kjøpte garden, sjølv om han enno ikkje hadde fylt 23. No får han gratis hjelp både morgon og kveld av gamlebonden.
– Eg har jo fått pengar for garden, så det går fint, seier Jakob.
Fjøsen er automatisert med både fôring og mjølking, men det er likevel mykje arbeid og godt å ha ein assistent.
Jakob Bjørkedal kjem framleis stort sett i fjøsen både morgon og kveld.
Foto: Remi Sagen / NRKBåtbyggeri på kjøpet
Garden Daniel Bjørkedal har kjøpt er ikkje ein heilt som andre gardsbruk.
På Bjørkedalen er det lange tradisjonar for båtbygging.
I Jakobsgarden har det vore bygd trebåtar sidan 1600-talet. No går Daniel i lære også som båtbyggar.
– Det var ikkje noko must at den som tok over her skulle lære seg båtbygging, men det er jo greitt at han kan det i tilfelle nokon ønsker å kjøpe ein trebåt i framtida, seierJakob Bjørkedal.
Han har sjølv vore med på å bygge spektakulære vikingskip som Myklebustskipet, Saga Siglar og ein kopi av Osebergskipet.
Daniel Bjørkedal tar utfordringa på strak arm.
– Det er fint å ha noko å røle av, seier han medan han slår inn ein nagl i båten som er under bygging i båtskotet på garden.
– Det er ikkje alle som kan seie dei kan å bygge trebåt. Draumen er å bygge noko skikkeleg stort. Var det ikkje slik at Lothepus skulle ha seg vikingskip?
– Det er kjekt å kunne føre arven vidare, slår han fast.
Heilt sidan vikingtida har folket i Bjørkedalen laga båtar. Tusenvis av båtar. No vil dei sette krona på verket og bygge det råaste vikingskipet verda har sett: Myklebustskipet, det største vikingskipet det er funne restar av i Noreg.
Publisert 20.12.2025, kl. 21.03




















English (US)