«Cancer Alley» – staden der folk døyr av kreft

1 month ago 25



Gul-grå røyk siv ut av fabrikkanlegget i den vesle staden Taft sør i delstaten Louisiana.

Lufta er klam og påtrengande. Som om den vil deg noko vondt.

– Det er ekstra ille i dag fordi det er så varmt i lufta, seier Suzanna Alexander.

NRK, med Thomas Seltzer i front, møter ho eit steinkast unna dei store grå mastodontane som rugar i bakgrunnen.

Dei er her i forbindelse med siste sesong av UXA.

Suzanna Alexander har budd i nabolaget heile livet sitt. På same stad. I den same tunge lufta.

Ein stad som i dei siste åra har fått eit oppsiktsvekkande kallenamn:

«Cancer Alley».

– Det er ikkje før nå at vi begynner å forstå konsekvensane av å bu her, seier Alexander med alvor og vemod i blikket.

Ei dame ved namn Suzanna Alexander på ein kyrkjeard i byen Taft i USA i møte med Thomas Seltzer

REDD: Suzanna Alexander er redd for kva som vil skje med ho og dei andre i «Cancer Alley».

Foto: Thomas Søbstad / NRK

Usynleg klimakatastrofe

Når ein høyrer om Louisiana tenker ein ofte på jazz, Cajun-kjøkken og sumpar med alligatorar.

Men det er også lett å tenke på dei svære naturkatastrofane som har ramma delstaten.

Som har kome kjapt. Og uventa.

I 2005 tok orkanen Katrina livet av totalt 1392 menneske. Fleire tusen mista husa sine, og øydeleggingane var så omfattande at den er rangert som den dyraste naturkatastrofen i USAs historie.

I 2021 kom enda ein dødeleg og destruktiv orkan, orkanen Ida.

Nå trefte orkanen Milton nabostaten Florida, og kom faretruande nær.

  • Etter Katrina

    KATRINA: Orkanen Katrina førte til store øydeleggingjar i 2005.

  • Etter orkanen Ida i 2021

    IDA: Orkanen Ida er den nest mest øydelggjande orkanen i Louisianas historie etter Katrina.

  • Samantha Dubberly consoles her daughter Alexa Haight as medics takes her grandfather into care after he got injured by a reported tornado that hit his house in Fort Myers, Florida on October 9, 2024, as Hurricane Milton approaches. Florida residents fled or just hunkered down in the final hours October 9 before Milton pummels the state, as government emergency relief efforts were dragged to the center of the US election

    MILTON: Orkanen Milton skapte store øydeleggjingar i delstaten Florida, og fleire millionar måtte evakuere heimane sine.

Men det mange ikkje veit er at det også finst ein like faretruande miljøtrussel, men som er nærmast usynleg.

Som beveger seg sakte, men sikkert, og tærer på menneskekroppen frå innsida.

Ein miljøtrussel som kjem av jaget etter pengar.

Og som fyrst og fremst rammar marginaliserte grupper.

«Cancer Alley» er eit av dei områda. Eit område som har blitt ein viktig del av valkampen i USA.

Men kvifor?

Giftige kjemikaliar

Jo, «Cancer Alley» er namnet på ei 13 mil lang strekning langsmed Mississippi-elva – frå byen Baton Rouge og heilt til New Orleans.

Køyrer du denne strekninga vil du sjå enorme anlegg som driv med petrokjemisk industri. Eller oljeindustri, om du vil. Ei rekke anlegg som skapar død og forderving. Men som også lagar produkt vi alle behøver:

Plast, syntetisk gummi, måling, frostvæske og vaskemiddel.

Og marknaden takkar og bukkar. For dette tener delstaten Louisiana mykje pengar på.

Men for å få til det må ein ha fabrikkar. Mange fabrikkar. Og i «Cancer Alley» er det 200 slike. Dei spyr ut giftig avfall. Døgnet rundt.

Og når det regnar så kan det kome i form av store, gule dropar.

Øydelagt liv og helse

Tidlegare i år slo ein rapport frå Human Rights Watch fast at «fabrikkane har øydelagt helsa, liva og miljøet» til dei som bur der.

Studiar har også vist at om du bur i «Cancer Alley», har du opptil 40 gongar høgare risiko for å få kreft enn i resten av USA.

Det har Suzanna Alexander opplevd på nært hald.

For når NRK møter ho er det ved kyrkjegarden Holy Rosary Cemetery.

Suzanna Alexander kjem nemleg rett frå ei gravferd til ein god ven. Han døydde av kreft.

– Det følest veldig skummelt å bu her etter å ha lese om alt som er skrive om «Cancer Alley», seier Suzanna Alexander.

Barnegraver

I tillegg til risikoen for kreft, er omfanget av kvinner som føder prematurt, får babyar som er undervektige eller som spontanaborterer større her enn andre plassar.

På kyrkjegarden skimtar vi fleire barnegraver.

  • Ei barnegrav på ein kyrkjegard i byen Taft i Louisiana

    EIN ENGEL I HIMMELEN: Wren Anthony Lewis. 15 august 2002.

  • Kirkegården Holy Rosary Cemetery  Louisiana

    HOLY ROSARY CEMETERY: Fabrikkane har blitt installert rett ved gravplassen.

Som mange andre er Suzanna Alexander frustrert over eigarane til fabrikkane. Ho vil at politikarane skal ta grep.

– Sjølv når dei veit kor mykje det skadar oss, vil dei ikkje ta ansvar for det dei har gjort. Utsleppa er jo heilt hinsides, seier ho.

Men kor opptatt er eigentleg Kamala Harris og Donald Trump om dei usynlege naturkatastrofane?

Kven er villige til å gjere noko for Suzanna Alexander og hennar medborgarar?

Trump vs. Harris

– Det er stor forskjell på klimapolitikken til presidentkandidatane Donald Trump og Kamala Harris.

Det seier Eirik Løkke. Han er rådgjevar i Civita, og har stor interesse og kunnskap om amerikansk politikk.

Når ei naturkatastrofe inntreff har Donald Trump vist seg å vere blant dei fyrste som kjem til «the rescue».

På den andre sida er han ikkje like villig til å snakke om årsaka til desse katastrofane. Altså klimaendringane.

– Den viktigaste forskjellen er at Harris meiner at klimaendringar er ein alvorleg trussel, mens Trump i avgrensa grad trur på klimaendringar, fortel han.

Donald Trump under et valgkampmøte i Las Vegas i Nevada 13. september. På scenen løfter han en knyttet neve mens han ser på publikum.

PRESIDENTKANDIDAT: Donald Trump under eit valkampmøte i Las Vegas i Nevada 13. september.

Foto: Piroschka Van De Wouw / Reuters

Vil fjerne klimatiltak

Det var også grunnen til at Trump valde å trekke USA frå Paris-avtalen (internasjonal klimaavtale), mens Biden-Harris administrasjonen tok USA inn i avtalen igjen.

Igjen har Trump varsla å fjerne fleire klimatiltak, og at han vil ta USA ut av internasjonalt klimasamarbeid viss han blir vald som president.

Harris er derimot opptatt av å beskytte klima gjennom konkrete reguleringar og økonomiske insentiv.

I fjor haust tok ho blant anna opp utfordringane i «Cancer Alley»:

«Barna som veks opp i desse samfunna, som pustar inn giftig luft, som drikk giftig vatn ... Eg meiner fyrst og fremst at alle barn og alle menneske burde ha rett til å drikke reint vatn og puste inn rein luft», sa ho til applaus frå publikum den gongen.

 Kamala Harris

PRESIDENTKANDIDAT: Kamala Harris under eit valkampmøte tidlegare i år.

Foto: AFP

Nytt giftig anlegg

Men trass i politisk snakk, nyare studiar og mykje merksemd rundt «Cancer Alley» vart det så seint som i 2018 foreslått å bygge ut eit nytt anlegg.

Anlegget heiter Formosa og skal bestå av 14 fabrikkar.

Totalt sett vil det sleppe ut så store mengder klimagassar at det vil bli eit av dei mest giftige anlegga på jordkloden.

Forslaget har blitt heftig debattert dei siste åra, og møtte umiddelbar motstand frå miljøorganisasjonar og innbyggjarar som hevda at delstaten hadde gitt løyve utan å vurdere godt nok helseskadane det ville påføre.

På den andre sida fann ein argument om ei betre økonomisk framtid for Louisiana, 8000 nye jobbar og ein måte for delstaten å tene milliardar av kroner på.

  • From left, Myrtle Felton, Sharon Lavigne, Gail LeBoeuf and Rita Cooper, medlem av bevegelsen RISE i St. James, har ein livestream på tomta som er eigd av Formosa in St. James Parish, La., Wednesday, March 11, 2020.

    I KAMP MOT KREFTENE: Grasrotbevegelsen RISE, som kjempar for miljørettferd, står på tomta som Formosa-komplekset har kjøpt. Dei demonstreret mot det nye anlegget. Frå venstre: Myrtle Felton, Sharon Lavigne, Gail LeBoeuf og Rita Cooper.

  • Gail LaBoeuf, eit medlem av RISE St. James i Louisiana i USA held ein bukett med blomster på ein gravstad på ei tomt som er eigd av det kjemiske anlegget Formosa. Formosa har kjøpt land som kan omfatte opp til sju kyrkjegardar der tidlegare slavar er gravlagt.

    GRAVSTAD FOR SLAVAR: Gail LaBoeuf, eit medlem av RISE, er på ein tidlegare gravstad for slavar, som nå er kjøpt av Formosa. Det finst fabrikkar som har omringa gravplassar, slik at dei etterlatte ikkje får sjansen til å besøke grava til sine kjære.

  • Medlem av RISE St. James kjem ein gravstad for å ha ein live video-stream, på tomta som er eigd av det jemiske anlegget Formosa. Formosa har kjøpt land som kan omfatte opp til sju kyrkjegardar der tidlegare slavar er gravlagt.

    DEMONSTRASJON: Medlem i grasrotbegevegelsen RISE gjer seg klar til demonstrasjon mot det kjemiske anlegget Formosa i Louisiana i USA.

Det som derimot har skapt mest sinne, og som Biden/Harris-administrasjonen også har sett fokus på, er at fabrikkane blir plassert i området som hovudsakeleg består av svarte folk med lite ressursar.

Og det er her sakas kjerne ligg.

For er plasseringa av fabrikkane rasistisk motivert?

Ja, meiner mange.

Frå plantasje til industriell kjempe

For majoriteten av menneska som bur i «Cancer Alley» er afroamerikanarar med ei beskjeden inntekt.

Grunnen til det er at dei små byane ved Mississippi-elva tidlegare bestod av sukkerplantasjar.

Dette er eit bilde av ein bomullsplantasje i nord-Mississippi 24. oktober 1949. Menneska står i åkeren og plukkar bomull.

Foto: Ap

Da dei gamle slaveplantasjane vart lagt ned, vart tomtene seld til industrien. Dette skjedde samtidig som at tidlegare slavar og deira etterkommarar slo seg ned i området.

På nokre få tiår forvandla den grøne dalen seg frå hyttar med blikktak, frodige kornåkrar til ein industriell, grå kjempe.

Politikarane stod i front for denne forvandlinga. Dei ville så gjerne løfte delstaten ut av fattigdom. Derfor bød dei på rause skatteinsentiv for at fabrikkane skulle slå seg ned der.

Miljøurettferd

Etter kvart vart fabrikkane etablert lenger og lenger vekk frå storbyane som New Orleans, til mindre stadar med ei befolkning, der majoriteten er svarte afroamerikanarar, som lever i dårlege kår.

Innbyggjarane har gått til sak mot staten på bakgrunn av det som i USA blir kalla for «environmental injustice».

Altså urettferd i kven som må bere byrda når miljøet blir forureina.

For dét er ulovleg.

I borgarrettigheitsslova er det nemleg nedfelt i paragraf VI at inngrep eller tiltak som kan påverke helsa til borgarar ikkje skal diskriminere på bakgrunn av rase, farge eller nasjonalt opphav.

Demonstrantar utanfor det kvite hus i Washington i 2022. Demonstrasjon for at Biden skulle erklære unntakstilstand i forbindelse med Cancer Alley.

AP

Ei gruppe menneske frå St. James Parish, eit område sør i «Cancer Alley» samla seg til demonstrasjon utanfor Det kvite huset i Washington D.C. i 2022.

Demonstrantar utanfor det kvite hus i Washington i 2022. Demonstrasjon for at Biden skulle erklære unntakstilstand i forbindelse med Cancer Alley

AP

Dei demonstrerte for at Biden skulle erklære unntakstilstand i «Cancer Alley».

I prosesjonen bar dei bilde av venar og familie som hadde døydd som følgje av utsleppa.

AP

I prosesjonen bar dei bilde av venar og familie som hadde døydd av sjukdommar som følgje av utsleppa.

Kan bidra til sterkare miljøvern

Dei siste par åra har miljøorganisasjonar og grasrotbevegelsar i Louisiana brukt denne paragrafen som sitt skarpaste sverd i kampen mot Formosa.

I starten av oktober gjekk representantar av «Cancer Alley» i retten. Der argumenterte dei for at plassering av det potensielle giftanlegget var rasistisk motivert.

Nå står dette og vippar frå den eine sida til den andre. Mellom det nasjonale rettssystemet og rettssystemet i delstaten Louisiana.

Miljøorganisasjonane og grasrotbevegelsen kjempar sitt livs kamp, og har ikkje tenkt å gi seg enda.

Sjølv om «Cancer Alley» er eit av dei verste eksempla på ein ekstremt forureinande industri, er det fleire område i USA som lid same skjebne.

– Dersom borgarane i «Cancer Alley» skulle vinne fram med sine krav, så vil det ha implikasjonar både for minoritetars vern mot rasisme, men også sterkare miljøvern, understrekar USA-eksperten Løkke.

Ei gruppe mennesker står samla nær eit oljeanlegg i Louisiana, USA.

MILJØKAMP: Leiaren i miljøorganisasjonen EPA snakkar med medlem av gruppa RISE i St. James.

Foto: Gerald Herbert / AP

Spørsmål om klasse

Tilbake ved kyrkjegarden, står Suzanna Alexander frustrert og oppgitt.

60-åringen meiner at det ikkje lenger handlar om diskriminering av rase eller etnisitet, men om klasse.

– Altså, bolegfelta som er rundt her, dei ser jo ikkje akkurat ut som Beverly Hills, seier ho.

– Det er eit spørsmål om klasse fordi det handlar om at viss du er tilsett på fabrikkane og får ein sekssifra lønnsslipp, så har du råd til å bu ein annan plass, ein plass lenger unna fabrikkane.

Mange av jobbane går til personar som har utdanning og erfaring innanfor petrokjemisk industri.

Dei som allereie bur der har ikkje alltid det privilegiet.

– Giftstoffa er ikkje-diskriminerande. Det speler ingen rolle kva farge du har. Er du fattig, er du ikkje lenger sett på som viktig, seier ho.

Blomster på ei grav i Taft i Louisiana med oljefabrikkar ståande i bakgrunnen

KREFTBELTET: Hotel Rosary Cemetery i området Taft i Louisiana i USA.

Foto: Thomas Søbstad / Thomas Søbstad?

Fordelane kjem med ein høg pris

Suzanna Alexander ser bort mot fabrikkane. Dei har blitt ein del av landskapet anten ho vil eller ikkje.

Ho er klar over at utdanninga ho har fått, skulesystemet, kulturtilboda og alt anna som borgarane kan nyte godt av, kjem av inntektene skapt av fabrikkane.

– Men fordelane kjem med ein høg pris, ikkje sant?, seier ho nedstemt.

– Eg trur ikkje forfedrane våre hadde tatt avgjerda om å tillate desse fabrikkane her, hadde dei visst at det ville øydeleggje barna våre, og helsa vår i generasjon etter generasjon.

Sjå UXA og lær meir om klimaendringane USA står overfor her.

Read Entire Article