Bygdefolk i Geiranger lei alle turistane: – Fullt overalt. Ikke trivelig

1 hour ago 1



I fjor blei folk i Geiranger spurt om kva dei synest om å få besøk av rundt ein million turistar som kjem til bygda på sommaren.

Måndag kveld blei funna presentert på eit folkemøte i Geiranger.

Der kjem det fram at alle turistane skaper frustrasjon og sinne blant dei vel 200 fastbuande i den vesle bygda.

folk rundt bord i Geiranger

Det var mange som møtte fram til folkemøtet i Geiranger måndag kveld.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

– Sentrum er kaos på alle måter. Fullt på parkeringsplassen, fullt i butikker, fullt på restauranter, fullt i gatene. Fullt overalt. Ikke trivelig, seier ein av dei som blei intervjua i fjor sommar.

Han truar med å ta med seg familien og flytte.

– Det er umulig å dra på sjøen med båt. Det er overfylt av aktører av alle slag, svarar ein annan.

Turistar kjem på land frå cruiseskip i Geiranger

Turistar fyller gatene i Geiranger og på dei mest hektiske dagane kjem det over 15.000 menneske til bygda med rundt 200 fastbuande.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

70 prosent seier det er for mange

72 prosent av dei som er spurt har svart at det er for mange turistar i bygda, og over 40 prosent av dei seier det er alt for mange.

Det kjem også fram at bygdefolket opplever at det er alvorleg press på infrastrukturen, med villcamping, manglande parkering, trafikkfarlege situasjonar og kaos i dei kjende Ørnesvingane.

– Forurensing, menneskelig avfall og forsøpling. Dårlig luft på grunn av all busstrafikken, svarar ein av dei andre som har deltatt i innbyggarundersøkinga.

en gruppe mennesker på en taubane over en dal med Geirangerfjorden i bakgrunnen

Det er mange turistar som vil stoppe i dei spektakulære Ørnesvingane for å fotografere.

Foto: Remi Sagen / NRK

Tilrår maksgrense på 11.000 turistar dagleg

På dei verste dagane kan det vere over 15.000 besøkande i Geiranger. Det skaper kaos i gatene, men klingande mynt i kassa.

Trond Amland i konsulentfirmaet 2469Reiseliv står bak rapporten og har klare tilrådingar til dei som driv turisme.

Først og fremst meiner han turistbygda tek mot alt for mange, og at reiselivsnæringa bør sette ei maksgrense på 10.000-11.000 menneske per dag.

– Vi går drastisk til verks og foreslår at ein bør innføre restriksjonar og sette ei grense for kor mange som rett og slett skal komme inn, og tørre å seie at det er fullt, seier han.

mann som snakkar

Trond Amland i konsulentfirmaet 2469Reiseliv.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Vil spreie turisttrafikken

Like bastant er ikkje reiselivssjefen i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre. Tom Anker Skrede er meir oppteken av å spreie trafikken.

– Vi må spreie det godt utover for at det skal vere godt både for dei som bur her og dei som kjem på besøk her.

Også hotelldirektør Monja Mjelva etterlyser ein jamnare sesong.

– Det er viktig at vi er ei levande bygd heile året og ikkje berre fullt på sommaren. Det er ein ubalanse i samfunnet no. Det er viktig å få opp talet på barnehageplassar og skuleplassar.

ein mann som held ein tale

Reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Seier det er over smertegrensa

Funna er no samla i ein rapport, som er bestilt av Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Målet med analysen er å få tydlegare svar på kva kommunane Fjord og Stranda toler av turistar frå cruisebåtar og via land.

– Slik det er i dag, er det langt over smertegrensa for kva ein skal måtte tole som innbyggjar, heiter det i eitt av svara.

Destinasjon Ålesund og Sunnmøre vil ikkje gje frå seg den fullstendige rapporten måndag kveld. Analysen skal leggast fram for kommunar, fylkeskommunen og reiselivsaktørar tysdag.

Publisert 09.02.2026, kl. 20.49 Oppdatert 09.02.2026, kl. 20.59

Read Entire Article