Som ungdom vart fløytist Christina Trulsen veldig nervøs når ho skulle opptre. Kroppen hennar skalv, noko som gjorde det vanskeleg å prestere på instrumentet.
– Eg var innom fleire psykologar og terapeutar for å snakke om det, for det gjekk ut over andre delar av livet også, både vennskap og familierelasjonar.
I denne perioden fekk ho fleire gonger tilbod om å teste betablokkarar. Det er ein hjartemedisin som senkar hjarterytme, hjartefrekvens og blodtrykk. I februar meldte Aftenposten at bruken har auka kraftig dei siste åra, spesielt blant unge kvinner.
Trulsen takka nei til medisinen fleire gonger, då ho var redd for at han skulle vere avhengnadsskapande.
– Eg høyrde frå alle kantar at eg ikkje burde byrje på betablokkarar, seier ho.
Trulsen er no ferdig utdanna og jobbar som kulturskulelærar. Her underviser ho på Skøyen Skole i Oslo.
Foto: Siri Storheim / NRKFekk resept av nevrolog
Etter ein prosess på fleire år, vart Trulsen tilvist til nevrolog, og fekk til slutt resept på betablokkarar. Då gjekk ho siste året på bachelorgraden i musikk på Griegakademiet.
– Eg hadde eigentleg nådd eit punkt der eg ikkje klarte meir.
Ho var framleis skeptisk til å bruke medikament, men fyrste gong ho testa, forsvann skjelvinga.
– Eg var skikkeleg nervøs og hadde dei same tankane, men eg skalv ikkje. Det var lettande å vite at eg kunne gjennomføre utan å vere redd for å skjelve.
For Trulsen har nervane vore eit stort hinder, som nokon gonger har gjort ho ute av stand til å halde konsertar.
– Etter å ha slite veldig lenge, fann eg ein veg ut av det.
Ikkje godkjent bruk
Fastlegen meiner at legar har eit ekstra ansvar når dei skriv ut medisinar til anna bruk enn det er laga for.
Foto: Privat / PrivatSynnøve Nattland Lilleberg er fastlege på Askøy. Ho har hatt nokre få pasientar som har brukt betablokkarar spesifikt mot prestasjonsangst.
– Adrenalin fyrer opp pulsen og pusten, og betablokkarar blokkerer betarespetorane, slik at dei kan dempe hjarterytmen. Dei dempar fysiske angstsymptom som hjartebank, sveitte og høg puls, men behandlar ikkje frykta eller angsten i seg sjølv.
Betablokkarar er eit vanleg legemiddel, men det kan vere farleg om ein til dømes har astma eller lågt blodtrykk.
– Det er jo ikkje godkjent for bruk mot stress og angst, så ein lege som føreskriv dette vil ha eit spesielt ansvar for å vurdere effekt og biverknadar, seier Lilleberg.
Ho meiner likevel at det kan vere riktig for nokon.
– Viss du er hindra i å gjere det du er god på eller gjere jobben din, kan det vere skilnaden på sjukdom og normale symptom.
Tema blant studentane
Audun Sandvik synest betablokkarar kan vere eit nyttig verktøy, men berre for ein kort periode.
Foto: Bård Gundersen / Audun SandvikAudun Sandvik er førsteamanuensis i cello ved Griegakademiet. Han snakkar mykje med studentane sine om nervøsitet.
– Eg pleier å seie at ein bør vere glad for at ein er nervøs. Det er ein energi, som betyr at du bryr deg om det du held på med. Ein kan øve på å kanalisere det til ein styrke.
Han opplever at temaet betablokkarar er stigmatisert og ønskjer meir openheit i miljøet.
– Kvifor skal det vere noko ein gjer i skjul? Viss ein er musikkstudent og øver sju timar om dagen, men ikkje klarar å gå på scenen fordi ein får fullstendig angst, er det forferdeleg kjipt.
Viktig med gode opplevingar
Sandvik meiner at medisinen kan vere eit verktøy for å skape gode opplevingar.
– Viss det gjekk bra sist, er det større sjanse for at det går bra igjen. Og viss det har gått dårleg 90 gonger, så er det sannsynleg at det går dårleg neste gong også.
Det er Trulsen einig i. Kort tid før ho testa betablokkarar fyrste gong, spelte ho ei rekke konsertar med Stavanger Symfoniorkester. Ho klarte å levere det ho skulle, men nervane vart altoppslukande og skapte negative opplevingar.
– Eg kjente på så mykje nervar at eg ikkje visste kva eg skulle gjere med meg sjølv. Dei dagane i Stavanger klarte eg nesten ikkje gjere noko anna enn å sitte på hotellrommet å gråte.
Betablokkarane kan dempe fysisk skjelving, som kjem med nervøsitet.
Foto: Siri Storheim / NRKKombinerer med mental trening
Trulsen kombinerer bruken av betablokkarar med mentale øvingar, og brukar det berre ved store konsertar.
– Eg prøvar å utfordre meg sjølv. Viss eg til dømes skal spele på store fløyter føler eg meg litt tryggare. Då tek eg det ikkje.
Ifølge fastlege Lilleberg, er ikkje medisinen er avhengnadsskapande. Audun Sandvik meiner likevel at ein ikkje bør gå på han over tid.
– Eg trur ikkje naudsynt det er skadeleg, men å bli avhengig av kjemikaliar over lang tid, trur eg ikkje er lurt.
Som blokkfløytist spelar ein på fløyter av ulik storleik. For Trulsen er skjelvingane verst når ho spelar på mindre fløyter.
Foto: Siri Storheim / NRKUggen kjensle
Men bør ein ikkje takle nervar viss ein skal vere profesjonell musikar? Det har Trulsen reflektert mykje over.
– Eg har tenkt på det, og eg har nokon gongar ei uggen kjensle over at eg trenger betablokkarane. Men nokon taklar nervane annleis enn andre, og har likevel lyst å vise fram musikken sin. Eg trur ikkje det er gale.
Trulsen fortset å jobbe aktivt med nervane på ulike måtar.
–Eg håpar eg etter kvart kan slutte heilt.
Publisert 26.03.2026, kl. 21.38












English (US)