Brann i butikklokale i Kristiansand – naboar blir evakuerte

3 hours ago 2



– Per no har vi ikkje kontroll på brannen. Vi driv framleis aktiv sløkking, og det er synlege flammar gjennom taket på bygget, seier Emilie Gjertsen, vaktleiar ved 110-sentralen.

Brannvesenet opplyser at dei har sett inn ressursar frå Vennesla og Søgne, og at mannskap frå Mandal er på veg.

Naboar blir evakuerte

Brannvesenet opplyser at innsatsen no er retta mot å sløkke brannen i bygget det brenn i, og hindre spreiing til to nabobygg.

Brannen er i Kvadraturen, eit område med fleire verneverdige bygningar, men brannvesenet har per no ikkje opplysningar om det aktuelle bygget har vernestatus.

– Det brenn framleis med opne flammar frå taket. Det er mykje røyk i området og bebuarar, særleg sør for brannstaden, blir beden om å lukke vindauge, skriv operasjonsleiar Linn Andresen i Agder politidistrikt i politiloggen, like etter klokka 06.

Bebuarane i etasjen over er evakuerte. I tillegg blir naboar evakuerte.

Publisert 28.12.2025, kl. 06.39 Oppdatert 28.12.2025, kl. 06.59

Read Entire Article