«Bobby» Kennedy vurderer å gje opp kampen for å bli president

1 month ago 25



Kennedy-kampanjen varslar onsdag at «Bobby» Kennedy (70) vil halde ein tale fredag der han fortel om held fram eller gir seg.

Kennedy sin visepresidentkandidat Nicole Shanahan seier i eit intervju med Fox News at ho støttar han - uavhengig av kva som skjer.

– Det er Bobby si avgjerd. Eg gjekk i dette støtta han heilhjarta for å vinne dette valet, seier Shanahan til TV-kanalen.

Det har ei tid blitt spekulert i om Robert F. «Bobby» Kennedy kjem til å avslutte sin eigen valkamp.

No meiner Nicole Shanahan at det er Demokratane sin feil.

– Det er berre eit parti som har hindra rettferdig val for oss, og dessverre var det Demokratane, seier ho til Fox.

Nicole Shanahan

Nicole Shanahan har hatt stor suksess som investor og advokat i California.

Foto: Eric Gay / AP

– Viser forakt

Kennedy skriv sjølv på X at han er villig til å snakke med einkvar leiar i eitkvart politisk parti for å nå måla sine.

Samstundes opplever han kraftig juridisk motbør.

Seinast måndag avgjorde høgsterett i staten New York at Kennedy sitt namn ikkje kan stå på dei offisielle valsetlane.

– Demokratane viser forakt for demokratiet, sa Kennedy etter rettsavgjerda.

Søksmåla kjem frå grupper med tilknyting til Demokratane, blant anna i New York. Der gjekk gruppa Clear Choice Action til sak mot Kennedy.

Dei og retten meiner at han ikkje bur på adressa han har ført opp i New York, men at han faktisk bur i California med kona Cheryl Hines.

I ein video han har delt på X legg han ikkje skjul på misnøya med sakene han må igjennom.

– No saksøker dei meg over heile landet, seier Kennedy i videoen.

Gav millionar

Visepresidentkandidaten Nicole Shanahan er ein svært rik jurist med bakgrunn frå teknologimiljøet i California.

Kontakten mellom dei oppstod då ho starta med å gje pengar til Kennedy sin kampanje. Etter kvart byrja ho å gi millionar.

Trass i at ho no visepresidentkandidat, har ho i liten grad vore synleg i den pågåande valkampen.

Det har også kome fram at ho og «Bobby» Kennedy er usamde om fleire saker. Blant anna har Kennedy uttalt seg som «anti waxxer», det er ikkje Shanahan.

Men dei siste dagane har ho uttalt seg til fleire medium. På ein podkast ramsar ho opp to alternativ:

  • Avslutte kampanjen og støtte Trump
  • Bli med vidare og starte eit «tredje parti»

– Men då risikerer vi siger til Kamala Harris og Tim Walz fordi vi trekker stemmer vekk frå Trump, seier Shanahan.

Publisert 21.08.2024, kl. 21.40 Oppdatert 21.08.2024, kl. 21.45

Read Entire Article