Bio­grafien om den einaste stats­ministeren frå Rogaland kunne blitt spennande, men er eit uferdig arbeid

1 day ago 10



Biografien om den einaste statsministeren frå Rogaland kunne blitt spennande, men forfattarane har levert frå seg eit uferdig arbeid.

Jens Hundseid var statsminister frå mars 1932 til mars 1933. Foto: SCANPIX / NTB
  • Tom Hetland

    Tom Hetland

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

Thor Geir Harestad og Torvild Sveen:

Jens Hundseid

Den bortgjemte statsministeren

216 sider

Vatninga Forlag

 2 out of 6

Jens Hundseid (1883-1965) er den einaste norske statsministeren som er oppvaksen i Rogaland. Han var fødd i Vikedal, men levde heile sitt vaksne liv på Austlandet. Hundseid sat på Stortinget frå 1924 til 1940, som representant for Telemark og den siste perioden for Buskerud. Han var partileiar i Bondepartiet frå 1929 til 1938, og statsminister i den reine Bondeparti-regjeringa 1932-1933.

Hundseids karriere rommar fleire paradoks. Han var antisosialisten som dreiv fram kriseforliket mellom Bondepartiet og Arbeidarpartiet i 1935. Han var Quislings fiende som utan hell forsøkte å kasta den omstridde forsvarsministeren ut av Bondeparti-regjeringa. Men han let seg også skremma til å melda seg inn i NS i 1940 og skriva propagandaartiklar for det nye nazistyret. For det vart han dømd til ti års tvangsarbeid og fekk eit ettermæle i skam. Då Hundseid døydde, var han den einaste statsministeren som ikkje fekk ein minnetale i Stortinget, og portrettet av han var lenge borte frå biletveggen i regjeringsbygget.

Det er altså nok av politisk og menneskeleg drama i Hundseids liv til å gjera ein biografi om han til spennande lesnad. Forventningane er store også fordi den eine av forfattarane, Thor Geir Harestad, tidlegare har vist seg som ein både kunnskapsrik og skarpsynt historikar, blant anna i boka frå 2012  om den lokale nazitoppen Gulbrand Lunde.

Men denne gongen vart eg skuffa.

Klipp og lim

Boka, særleg den første delen, artar seg mest av alt som ei uferdig skisse. Språket er stikkordprega, med mange ufullstendige setningar. Utsegner heng i lause lufta, resonnement vert ikkje førte til endes. 

Fakta- og skrivefeil florerer. Ap-politikaren Alfred Madsen heiter av og til Anders, avisene Tidens Tegn og Tidens Krav blir forveksla. Her er også surr med kronologien: Etter at forfattarane har slått fast at Fedrelandslaget vart stifta i 1925, får me vita at «Fedrelandslagets ideologiske fokus og propaganda handlet entydig om hva som skulle skje inn mot Ap-landsmøte (sic!) i 1918».

Det mest irriterande er likevel den hemningslause sitatbruken. Her er endelause klipp frå stortingsdebattar, partiprogram, talar og avisartiklar, mange av dei både uvesentlege og uleselege. Forfattarane slit med å skilja mellom stort og smått, viktig og uviktig. 

Eg skal nøya meg med eitt eksempel. Stortingsdebatten om Lilleborg-konsesjonen i 1931, som førte til statsminister Johan L. Mowinckel frå Venstre gjekk av og Bondepartiet tok over, er utførleg og detaljert referert. Det overraskande valet av statsminister i den nye regjeringa vert derimot omtala på knappast mogleg vis: «Et aldri så lite drama utviklet seg i kulissene da partiet skulle velge statsminister. Stortingsgruppen ville ha Peder Kolstad som statsminister, ikke partilederen.» Punktum. (Hundseid tok over då Kolstad døydde året etter.)

Boka manglar rett og slett ei tydeleg forfattarstemme som ryddar, tolkar, forklarer og drøftar.

Frykta for livet

Dermed blir heller ikkje det som finst av gode ansatsar følgt skikkeleg opp. Forfattarane har innsikt i dei indre motsetningane i den norske bonderørsla, mellom ei åndeleg-idealistisk retning («muldens mænd») med tyngdepunkt blant storbøndene på Austlandet, og ei fløy som la mest vekt på materiell interessekamp. Hundseid sjølv høyrde til den siste, og formulerte dette klart i avskjedstalen som partileiar i 1938: «Det hjelper lite å være fri odelsbonde med romantikk og tradisjon og gammel glorie, når arbeidsfortjenesten er liten og gjelden stor og med tvangsauksjonen for døren.»

Likevel var ikkje vegen over til Arbeidarpartiet enkel, heller ikkje for Jens Hundseid, og forfattarane kunne gjerne ha grave djupare i denne materien. Det same gjeld Quislings rolle i Bondepartiet og forholdet til Hundseid spesielt.

Etter krigen forsvarte Hundseid knefallet for NS med at han frykta for sitt eige liv. Han innsåg at han hadde vore feig, men var redd for kva ein hemngjerrig Quisling kunne finna på.  Den nervøse Hundseid passar dårleg med biletet av den robuste og kampglade politikaren som blir teikna elles i boka. Men det blir verande ei gåte, for forfattarane lar oss i liten grad koma under huda på Hundseid som menneske. Mangelen på brev og andre private kjelder kan vera ein del av forklaringa på det.

Forfattarane meiner tydeleg at Hundseid vart straffa for strengt. Han vert samanlikna med andre som tilsynelatande slapp lettare, men ei grundigare drøfting av spørsmålet får me ikkje.

Denne boka kunne blitt langt betre om Harestad og Sveen hadde brukt meir tid. Ja, det var på tide at Jens Hundseid fekk sin biografi. Men når det først hadde gått så lenge, kunne me gjerne ha venta eit par år til.  

Publisert:

Publisert: 28. januar 2025 21:28

Read Entire Article