Når besøksforbod blir brote, er konsekvensen oftare og oftare fotlenke med tilhøyrande forbodssone.
Sidan lovendringa i fjor har talet på personar med omvendt valdsalarm skote i taket:
I fjor og i år har altså 546 personar fått fotlenke.
Av desse er det to personar som har forsøkt å bryte forbodssona.
Hendingane var på Austlandet, og i begge tilfella rakk politiet fram før gjerningspersonen nådde fornærma.
Det låge talet viser at tiltaket er ein suksess, meiner fleire.
Til samanlikning har ordinær valdsalarm blitt løyst ut 217 gonger berre så langt i år.
Roser ordninga
– Ein skulle nesten ikkje tru det, seier Hans Christian Dragvoll om tala.
Han er fagansvarleg for valdsalarmar i Øst politidistrikt, og nasjonal fagforvaltar for ordninga.
Hans Christian Dragvoll i Øst politidistrikt.
Foto: NRK– Omvendt valdsalarm fungerer veldig bra i nesten alle saker. Han gir politiet ein sjanse til å reelt beskytte fornærma.
Personen med fotlenke veit at politiet heile tida kontrollerer at dei held seg innanfor forbodssona, noko som gir ein preventiv effekt, meiner Dragvoll.
Positivt for begge partar, meiner advokat
Lise Ligaard i Elden advokatfirma har erfaring som advokat både for fornærma og for personar som er ilagt omvendt valdsalarm.
Ho kallar fotlenka for «et svært nyttig verkemiddel» og som «gjennomgåande effektiv».
– For fornærma inneber tiltaket nesten utelukkande fordeler. Det er langt mindre belastande enn tradisjonell valdsalarm, fordi ansvaret for å reagere blir flytta frå den utsette til politiet.
Lise Ligaard i Elden Advokatfirma.
Foto: Sturlason AS Polyfoto / Sturlason AS PolyfotoSom advokat har ho sett at varetektsfengsling ofte har vore alternativet til den som blir ilagt omvendt valdsalarm.
– Med elektronisk kontroll kan vedkommande som regel fortsette i arbeid og oppretthalde meir av kvardagen.
Ligaard jobbar for tida med ein klient der besøksforbod blir brote gong på gong, noko som har gjort situasjonen uhaldbar.
– Med ein gong den omvende valdsalarm blei sett i verk vart ho letta, og no kan ho bevege seg ut i nærmiljøet utan konstant frykt.
Det er ikkje berre Ligaard som meiner at omvendt valdsalarm bør brukast i endå større grad enn i dag:
Sett få tilfelle
– Vi skulle ønske vi kunne seie at vi har ein del erfaringar med omvendt valdsalarm, men vi har dessverre få.
Det seier seksjonsleiar i Oslo krisesenter, Torill Halvorsen.
Krisesenteret tar inn personar som er utsette for vald i nære relasjonar, noko som er den vanlegaste bakgrunnen for at omvendt valdsalarm blir aktuelt.
Eit venterom inne på Oslo krisesenter, som har hemmeleg adresse.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK– Eit gjennomgåande problem er at vernetiltak som besøksforbod blir brote gjentekne gonger utan at det får konsekvensar. Det i seg sjølv er ein risiko og kan i verste fall føre til drap, seier ho.
Inngripande tiltak
Sjølv om advokat Lise Ligaard meiner at omvendt valdsalarm kan vere positivt også for personen som må bruke han, påpeiker ho at kontrollen kan vere krevjande.
– Utstyret må vere oppladd, GPS-dekninga må sikrast, og ein må heile tida følge dei pålagde bevegelsesgrensene. Det må difor gjerast jamlege, forholdsmessige vurderingar av om det er rettsleg grunnlag for kontrollen.
Nasjonal fagforvaltar for omvendt valdsalarm i politiet, Hans Christian Dragvoll, viser kor stor ei forbodssone kan vere:
Her bur personen som skal beskyttast på Grünerløkka. Den personen som har omvendt valdsalarm får forbod mot å bevege seg i heile Oslo, med meir.
Her bur personen som skal beskyttast på Grünerløkka. Den personen som har omvendt valdsalarm får forbod mot å bevege seg i heile Oslo, med meir.
– Kva om dei to partane bur nær kvarandre?
– Då må vedkommande med fotlenke flytte, svarer Dragvoll.
Det er ikkje sjeldan at det skjer, heller ikkje at vedkommande må slutte i jobben sin.
– Vi har i dag forbodssoner som er veldig små, og som berre dekker eit litt stort burettslag, til forbodssoner som dekker nesten heile Sør-Noreg, forklarer Dragvoll.
Forbodssona skal vere stor nok til at politiet ved utløyst alarm har ein reell sjanse til å nå fram til fornærma før ein gjerningsperson.
Slik ser ein omvendt valdsalarm ut.
Foto: NTBPå Austlandet vil området derfor vere mellom 600–1000 kvadratkilometer. På andre stader med meir spreidd busetnad, vil det vere mykje større.
– Dette er ganske inngripande?
– Ja, det er det. Men tidlegare var det fornærma som måtte flytte.
Publisert 03.12.2025, kl. 18.32

















English (US)