Ber folk respektere stor snøskredfare: – Ta ingen sjansar

2 days ago 7



Etter ein enn så lenge snøfattig vinter i Sør-Noreg, har det no begynt å lave ned.

Men mykje snø og vind fører også med seg høg snøskredfare.

Fredag er det raudt farevarsel for snøskred Trollheimen, Romsdal, Sunnmøre og indre del av Sunnfjord og Nordfjord (Indre Fjordane).

Tørre flakskred vil kunne losne av seg sjølv på grunn av nysnø og sterk vind natt til fredag, skriv varsom.no. Skreda kan treffe utsett infrastruktur eller busetnad.

Skjermdum skredafre

Det er stor skredfare fleire stader i landet fredag.

Foto: Skjermdump / varsom.no

Laurdag er det oransje varsel for snøskred. Faren for naturlege utløyste skred minkar, men ein skiløpar kan framleis løyse ut store skred.

– Viss folk ikkje tek varselet på alvor, så kan det bli ulykker i helga, seier Tormod Eldholm.

Han er leiar i skredgruppa til Røde Kors i Ørsta og Volda. Dei er no på tå hev.

– Det er absolutt ei helg der vi har litt ekstra beredskap og er meir på hogget. Det kan fort gå skred.

– Ta ingen sjansar, legg han til.

Lokale variasjonar

Sjølv om snøskredfaren er avtakande mot helga, vil det ta tid før snøen har stabilisert seg, forklarar Jostein Aasen i snøskredvarslinga hos NVE.

– På plassane med høgst skredfare vil det vere mogeleg for skiløparar å løyse ut skred, også store skred, gjennom helga.

Årsaka til skredfaren er det polare lågtrykket tidlegare i veka.

Det har vore venta oppimot 50 centimeter med snø enkelte stader, og sterk vind.

– Det er klassisk skredvêr. Når det er mykje snø og vind, aukar skredfaren, seier Aasen.

Det er lokale forskjellar i kor det er komme mest snø, og det er derfor lokale forskjellar i kor snøskredfaren er høgast.

Faren er høgast der det er komme mest snø.

– Ein bør ikkje vere i skredterreng, der det er skredfare.

Skredterreng er terreng som er brattare enn 30 grader. I tillegg bør ein vere obs på utløpssoner i nærleiken av bratt terreng.

Betydeleg snøskredfare i Troms

Også Tromsø og Sør-Troms har betydeleg snøskredfare inn mot helga.

Her er det meldt oransje farevarsel og faregrad tre for snøskred, på ein fareskala som går frå ein til fem.

Årsaka til snøskredfaren er eit vedvarande svakt lag i snødekke, ifølge Aasen.

– Utgangspunktet er eit svakare snødekke frå tidlegare som ikkje toler så mykje når det kjem ny snø oppå.

– Kor lenge er det venta at snøskredfaren skal vere høg på Nordvestlandet og i Troms?

– Vi varslar berre for morgondagen og ein prognose for dag to. For å følge med på skredfaren, må ein følge med på oppdaterte snøskredvarsel.

Publisert 03.01.2025, kl. 15.40

Read Entire Article