Ber folk i Valle om å koke vatnet

2 hours ago 5



Etter ein lekkasje i Valle torsdag må alle i Vallebygda koke vatnet inntil vidare, skriv kommunen på deira nettside.

Lekkasjen oppstod då ein vasslange vart riven av under graving. Lekkasjen er nær ein gjødselskjellar.

– Så langt me veit har alle vatn. Likevel kan me ikkje garantere for vasskvaliteten, difor sender me ut kokevarsel. Det gjeld inntil me har reparert lekkasjen og ikkje minst fått sendt vatnet til testing og får klarsignal, seier leiar teknisk i Valle kommune, Magnus Berg.

Det er uvisst kva tid vatnet i Vallebygda kan friskmeldast att.

Read Entire Article