Aftenposten har trekt eit debattinnlegg som vart publisert av ein forretningsmann onsdag kveld.
– Me har fått informasjon no i løpet av dei siste par timane som tyder på at det er sendt frå ein falsk profil, seier debattredaktør Erik Tornes til NRK.
Forfattaren av debattinnlegget oppgav å vera ein jødisk forretningsmann og kommenterte debatten som har følgt eit nyleg innlegg frå Asle Toje i Nobelkomiteen.
Etter at dei fekk vita at forfattaren kanskje ikkje var ein ekte person, byrja Aftenposten å kontakta Facebook-venene til den påståtte forretningsmannen for å finna ut om han faktisk eksisterer.
– I sum så har me ikkje kontroll på opplysningane. Altså er me ikkje sikre på om denne personen eksisterer. Det ser ut til at me har vorte lurt. Det er grunnen til at me har avpublisert innlegget no i ettermiddag, seier Tornes vidare.
Han vil likevel ikkje fastslå at personen ikkje eksisterer.
– Eg berre seier at det er stor grunn til å tru at me har vorte lurt. Men alt som kan skapa tvil om det me publiserer, er veldig uheldig, understrekar han.
Fagbladet Journalisten omtalte saka fyrst.
Langt liv på internett
Etter avpubliseringa har Aftenposten publisert ein eigen artikkel om saka.
Personen som sende inn innlegget, kalla seg Kutz Schmeiner. Ifølge Aftenposten har denne personen hatt eit liv på internett i fleire år.
«Ifølge Facebook-profilen hans, har Schmeiner gjennom årene deltatt i bryllup, vært på fotballtur til Manchester og oppfylt drømmen om en liten tur til Sydpolen. Men man trenger ikke se lenge for å se at alt er falskt», skriv avisa.
Dei har mellom anna gjort eit omvendt bildesøk på internett, som har vist at eit fjes er manipulert over ekte bilete.
Det er ikkje fyrste gong Aftenposten har vorte lurt. I oktober fekk forlaget Aschehoug hjelp av eit reklamebyrå til å lura både Aftenposten og VG til å publisera fiktive spørsmål i ulike spalter.
Gjorde undersøkingar på førehand
Debattredaktøren seier til NRK at avisa hadde kontakt med personen via e-post før innlegget vart publisert.
– Me fekk dette innlegget på e-post og svarte. Eg hugsar ikkje heilt dialogen, men me fekk to eller tre e-postar frå vedkomande. Det var ein korrespondanse, seier han.
Han seier at dei aldri snakka med personen på telefon.
Redaksjonen var òg innom Facebook-kontoen til personen før innlegget vart publisert. Der så dei at personen hadde vore aktiv i fleire debattar, og at han hadde fleire reelle vener.
– Så her har me jo sjekka, men me har ikkje sjekka godt nok når me har vorte lurt. Det er berre sånn det er. Det er veldig beklageleg, seier Tornes.
Debattredaktøren erkjenner at han òg er overraska over saka.– Det er eit ganske vanleg debattinnlegg i ein pågåande debatt. Det er ikkje noko spesielt i det innlegget som skulle tilseia at ein treng å skrive under ein falsk profil, seier han.
Mogleg manipulert bilete
Ifølge Journalisten er bylinebildet som vart brukt i det no avpubliserte innlegget manipulert, og viser opphavleg USAs tidlegare utanriksminister Mike Pompeo.
NRK har køyrt teksten gjennom fleire såkalla KI-detektorar for å finna ut om teksten kan vera generert av kunstig intelligens.
Det er ikkje nokon fasit, men:
Fleire av tenestene konkluderer med at teksten truleg er skriven av eit menneske.
Ei av tenestene meiner derimot at det er fleire teikn som tyder på at teksten kan vera generert av kunstig intelligens.
Publisert 08.01.2026, kl. 16.25 Oppdatert 08.01.2026, kl. 16.58










.jpg)





English (US)