Det heile starta med eit avslag.
Ein ung mann og ei ung kvinne var nyleg blitt medstudentar og hadde delt ein middag og så ein kaffi.
Kvinna avlyste det tredje treffet. Kort tid etterpå starta marerittet.
Dei neste åra skulle ho, venninnene hennar, foreldra hennar og arbeidsgivarar bli plaga med hundrevis av trakasserande meldingar og trugslar.
Sjølverklært «stalker»
I tida mellom våren 2023 og hausten 2025 har mannen periodevis kontakta kvinna over 100 gongar dagleg, ifølgje ein dom frå Hordaland tingrett.
Gjennom SMS, Vipps, Snapchat, Facebook og e-postar, sende han nedsetjande, trakasserande, seksualiserte og truande meldingar til kvinna.
I meldingane erklærte han seg sjølv som stalkeren hennar og sa at han var ein psykopat. Han sa også at han skulle plage henne resten av livet.
Han har sendt meldingar og ringt henne frå andre sine telefonar, mellom anna frå telefonar lånt av tilfeldige drosjesjåførar.
Ifølgje dommen tyda meldingane på at han hadde følgd med på kvinna og visste kvar ho hadde vore og kva ho hadde gjort på. Han forlangte ei orsaking frå henne, fordi han meinte ho hadde mobba han.
Truslane gjekk mellom anna på at han skulle sende nakenbilete av henne til alle ho jobba med, at han skulle kontakte faren hennar om ho ikkje beklaga seg og at han håpa at han øydela henne.
Kvinna sjølv har forklart at situasjonen var ekstremt belastande. Ho har kjent seg utrygg og redd, og ho frykta at ho måtte leve med dette resten av livet.
– Dette har vore ein stor belastning for henne, og det har vore fleire år med unntakstilstand, seier bistandsadvokat Maren Eide til TV 2.
Ho presiserer at dei ikkje hadde ein romantisk relasjon før trakasseringa begynte.
Kontakta familie og vener
Etter over eitt år med hyppige og trakasserande meldingar, fekk mannen besøksforbod då kvinna melde han til politiet.
I denne perioden begynte mannen også å kontakte familie og vener av kvinna, både før og etter besøksforbodet.
Ei venninne forklarte at ho kunne bli ringt opp opptil femti gongar på ein dag. I meldingane trua han mellom anna med å publisere nakenbilete av kvinna. I tillegg kom han med trakasserande og grove meldingar retta direkte mot henne.
Både til faren og til venninna skreiv han at han hadde planar om å fortsette trakasseringa av kvinna heilt til ho tok sitt eige liv.
Både faren og venninna fekk truande meldingar om korleis han skulle øydelegge kvinna sitt liv og omdømme hennar. Han tok også kontakt med mora og søstera hennar.
Når dei har forsøkt å blokkere mannen, har han oppretta nye kontoar for å ta kontakt, står det i dommen.
Truga arbeidsgjevar
Mannen stod også tiltalt for å ha trakassert og trua eigen arbeidsgjevar, etter at han fekk eit varsel mot seg på arbeidsplassen.
Då han ikkje fekk innsyn i varselet, begynte han å kontakte to av leiarane på arbeidsplassen. Ein av dei fekk 50 oppringingar i løpet av ei natt.
I meldingane viste han til at han hadde plaga ei kvinne i ein lang periode, og at han ville gjere det same med direktøren.
Mellom anna skreiv han:
«Jeg har trakassert hun jenta i 2 år, og likevel tenker folk at jeg er en hyggelig fyr. Hvis det er en sterk side jeg har, så er det at jeg kan komme meg unna med hva som helst.»
og:
«Er det så lurt å kødde med en sånn fyr? Er det verdt det?»
Høgt alkoholforbruk
I rettssaka sa mannen seg skuldig på alle punkt.
Han forklarte at det starta av at han blei mobba av kvinna då ho peika på han og lo av han på lesesalen, men at «han kanskje misforstod og at det som skjedde var relativt bagatellmessig.»
I rettspsykiateren si vurdering av mannen, blei dette trekt fram som ei hending som kan ha medført eit formidabelt slag mot sjølvfølelsen hans, og at dette førte til psykisk smerte og eit behov for stadfesting og gjenreising for den urett han opplevde seg utsett for.
Det er ikkje noko som tilseier at mannen har alvorleg psykisk sjukdom eller at han er utilrekneleg.
Mannen har hatt eit skadeleg høgt alkoholforbruk, og han forklarte at mange av meldingane blei sendt då han var påverka av alkohol.
Våren 2025 fekk han behandling ved eit distriktspsykiatrisk senter. Han seier sjølv at han er blitt noko betre, men at han framleis treng behandling og hjelp til å drikke mindre.
Dømt til fengsel
I retten fekk han spørsmål om korleis han trudde opplevinga hadde vore for kvinna.
Då svara han at det må ha vore ekstremt ille og at ho nok hadde vore livredd.
Han blei dømt til fengsel i 1 år og 3 månader, der 5 månader vert gjort på vilkår med ei prøvetid på to år.
TV 2 har ikkje lukkast med å få ein kommentar frå mannens forsvarar. Til Bergensavisen, som omtala dommen først, seier advokaten Nils Christian Nordhus at det kan bli aktuelt å anke delar av dommen.
– Min klient har tilstått og var førebudd på straff. Han skal tenke seg godt om, men ei anke over storleiken på delen om vilkår kan vera både aktuelt og fornuftig.
Dette er han dømt for
Straffeloven § 266a for gjentatte ganger å ha truet, fulgt etter, iakttatt, kontaktet eller gjennom andre sammenlignbare handlinger forfulgt en annen på en måte som var egnet til å fremkalle frykt eller engstelse.
Straffeloven § 266
for ved skremmende eller plagsom opptreden eller annen hensynsløs atferd å ha
forfulgt en person eller på annen måte krenket en annens fred.
Straffeloven § 168 bokstav b for å ha krenket besøksforbud etter straffeprosessloven § 222 a.
Straffeloven § 263
for i ord eller handling å ha truet med straffbar atferd under slike omstendigheter
at trusselen var egnet til å fremkalle alvorlig frykt
Han får også kontaktforbod overfor kvinna i ein periode på fem år, og må betale oppreising til kvinna og venninna hennar på høvesvis 65.000 og 20.000 kroner.
Bistandsadvokaten seier kvinna er glad for at saka blei tatt på alvor og at ho håpar ho no kan legge dette bak seg.












English (US)