Avdekker tidlegare synder i Mjøsa

1 month ago 23



Den liknar ein svær sjøorm som snor seg gjennom djupet. Men den seks meter unike slangen skal brukast til å ta bilete av forsvarsavfall som ligg i innsjøen.

– Vi håper å få meir kunnskap om tilstanden på ammunisjonen, kor mykje det er og aller helst vil vi vite om det er noko fare for lekkasje.

Det seier Øyvind Ødegård, forskar i marinarkeologi ved NTNU.

Gjennom 30 år vart det dumpa fleire hundre tonn ammunisjon, bomber og granatar i Mjøsa.

Fryktar lekkasjar i drikkevatn

Spesielt viktig er funna sidan Mjøsa er ei drikkevasskjelde for 100 000 menneske i fem kommunar.

– Det viktigaste for oss er å finne ut av er om det er noko fare i samband med det. Om det er lekkasjar eller noko som tilseier at noko må bli gjort.

Undervannsdrone Mjøsa

Øyvind Ødegård, forskar i marinarkeologi ved NTNU, fortel om særs gode bilete frå undervassroboten «Eely» som er i aksjon denne veka.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Det var under krigen og fram til 1970-talet at store mengder forsvarsavfall vart dumpa i Noregs største innsjø. Forsvaret og Raufoss Ammunisjonsfabrikker (seinare Nammo), stod for størstedelen av forureininga.

Ammunisjonen er dumpa hovudsakeleg i to område – mellom Gjøvik og Mengshol, samt utanfor Totenvika. Teknologien til undervassroboten har aldri vorte brukt i ferskvatn tidlegare.

– Vi håper den kan ta gode bilete av dumpefeltet som er dårleg dokumentert. Mange av granatane er i dårleg forfatning, og ser ut som at de har begynt å korrodere, seier Jørn Wroldsen, programleiar for forskingsprosjektet «Oppdrag Mjøsa».

  • Les også om at det har blitt dumpa mykje meir ammunisjon i Mjøsa enn det ein tidlegare har trudd:

– Gjeld innsjøar i heile Noreg

«Eelume» har slynget seg rundt i området mellom Gjøvik og Mengshol, kor det har vorte dumpa mest.

Roboten er proppfull av sensorar, og i front har den ein sokalla hyperspektral avbildar. Den kan fotografere 800 fargar, og slangen har også ledd slik at den kan byte vinkel og retning, ifølge Ødegård.

undervannsbilder-281024

Det er fyrste gongen ein slik undervassrobot har vorte brukt og den gje unike bilete frå Mjøsa.

Foto: NTNU / NRK

Måndag var fyrste dag slangen bukta seg rundt Mjøsas botn.

– Vi har sett ein god del, og det er overraskande gode forhold og sikt. Det fører til at vi har fått klare bilete, seier Ødegård.

Han fortel at slangen skal drive på heile veka og så skal data den sender inn behandlast fram til jul.

Svara kan gje mange svar og professor ved institutt for marin teknikk ved Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet (NTNU), Asgeir Johan Sørensen, håper at dette kan vere ein vekker. Han meiner utfordringa med dumping av avfall i innsjøar er store.

– Problemstillinga gjeld ikkje berre Mjøsa. Den gjeld også innsjøar i Noreg og i Skandinavia. Vi har brukt både hav og innsjøar til å dumpe avfall. Eg meiner eigentleg at vi må få på plass eit nasjonalt forvaltningsregime i Noreg, seier Sørensen.

  • Les om Bjørn som var med å dumpe ammunisjon i Mjøsa:

Roser kommunane

I tillegg til dumping av avfall peiker han på dei store mengdene med mikroplast som stadig veks.

– Den har vore eksplosiv og er noko av det verste vi har. Vi har grunn til å vere bekymra, seier Sørensen.

Undervannsdrone Mjøsa

Den er seks meter lang og er proppfull av dingsar.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Han meiner forskingsprosjektet på Mjøsa er eksemplarisk og roser kommunane rundt Mjøsa som har slutta opp om prosjektet.

– Det er ekstremt motiverande at dei tek dette på alvor. Vi i Noreg har kompetanse på dette og nå må dette kome på dagsorden. Det er eit aukande problem, og bokstaveleg talt er dette ei tikkande bombe, seier Sørensen.

Undervassroboten skal tråle i området mellom Gjøvik og Mengshol i Ringsaker.

Publisert 30.10.2024, kl. 18.01

Read Entire Article