Atle Berge i e-post: – Det er totalt snakk om millionbeløp, og det kan bli meir

5 hours ago 3



NRK har vore i kontakt med Berge ei rekke gonger dei siste dagane, han har ikkje avvist at det var han som står bak.

– Dette må vi kome tilbake til, har vore Berge sitt svar.

Måndag kveld skriv han i ein e-post at han har gitt til partiet Fred og rettferdighet (FOR).

– Eg har gitt og skal gi ytterlegare beløp til partiet FOR. Det er totalt snakk om millionbeløp, og det kan bli meir, skriv Berge.

Atle Berge

Atle Bergen i 2015.

Foto: Bård Wormdal

– Same syn

Atle Berge har sterke næringsinteresser i Russland og seier til NRK tysdag at han framleis driv stort med verksemd i landet.

I sosiale medium skriv han at for tida bur i Murmansk og at han der driv ei bedrift med om lag 50 tilsette.

– Vi skal levere inn anbod på ei rekkje store prosjekt, seier Berge til NRK tysdag.

Partileiar i FOR, Marielle Leraand, stadfesta Berge sitt namn i Debatten på NRK TV tysdag kveld.

Marielle Leraand seier til NRK at Berge deler deira politiske syn.

– Han gjer det fordi han har det same synet som vi har, på at det som trengs i krigen er fredsforhandinger, sa Leraand under Debatten.

Partileder i FOR seier det er den norske milliardæren Atle Berge som betalte for alle plakatane som partiet fekk hengd opp på T-banen i Oslo.

Avslutta måndag

Kampanjen til partiet FOR skapte stor merksemd då det blei sett opp svært mange plakatar i T-banevognene i Oslo.

Kampanjen blei brått avslutta måndag kveld, men partileiar Marielle Leraand var godt nøgd.

– Kampanjen vår har vore vellukka. Vi har nådd ut med bodskapen vår, seier Leraand til NRK.

Bygde formue i Noreg

Mannen med pengane, Atle Berge har lenge vore kritisk til norsk utanrikspolitikk og har blant anna markert synet sitt mot Nato-basar på norsk jord.

– Dei mange USA-basane i Noreg er først og fremst ein reiskap mot Russland, skreiv Berge på Facebook i 2024.

Berge skapte seg ei formue heime i Ølen på Vestlandet og eig no 50 prosent av det svært lønsame selskapet Nordic Concrete Group.

Ifølgje økonomimagasinet Kapital er Berge den 179. rikaste i Noreg, med ei formue på rundt 2,5 milliardar kroner.

Mange vestlege selskap trakk seg ut av Russland etter fullskala-invasjonen av Ukraina i 2022.

Men Berge valde å halde fram verksemda si der.

en kvinne som har på seg rød frakk og rulleskøyter

Partileiar i FOR, Marielle Leerand, på veg inn til Debatten på NRK TV tysdag kveld.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Saksøkte staten

Berge blei for alvor kjend i norsk offentlegheit då han i 2016 blei pågripen av den russiske tryggingstenesta FSB.

Dei skulda han for spionasje for Noreg, noko Berge hardnakka nektar for.

Han saksøkte deretter den norske staten for at dei skulle ha forsøkt å rekruttere han som spion. Han vann ikkje fram med søksmålet.

Oppheld seg i Kina

Han blei forsøkt nekta innreise til Russland etter denne saka, men Berge stadfestar til NRK at han stadig er i aktivitet i landet.

Då NRK snakka med han tysdag føremiddag var han i Kina med ein delegasjon norske næringslivsleiarar og fredsaktivistar.

Han nekta då å svare på konkrete spørsmål om finansieringa av partiet FOR sin kampanje.

– No skal eg i middag med bra folk, var Berge sitt svar.

Publisert 20.05.2025, kl. 21.55 Oppdatert 20.05.2025, kl. 22.27

Read Entire Article