Arbeidsgjevar stadfestar: Han er ikkje tilbake

3 hours ago 4



Mannen som vart namngitt som eigar av eit selskap i Bulgaria som skal ha selt person­søkjarar til Hizbollah, er ikkje tilbake på jobb.

Nordmannen var ifølgje arbeidsgjevaren på et kurs i USA førre veke. Måndag skulle han vore tilbake på jobb. Det er han altså ikkje.

– Han er ikkje på kontoret i dag.

Det seier arbeidsgjevaren til mannen.

– Vi har ingen informasjon om at han har kome til Noreg i løpet av helga som vi hadde håpa.

Han opplyser til NRK at dei har ikkje vore i kontakt med nordmannen sidan onsdag førre veke.

Ikkje meldt han sakna

Arbeidsgjevaren har så langt ikkje meldt mannen sakna, men seier det er ei løpande vurdering dei må gjere.

Utanriksdepartementet stadfestar at arbeidsgjevaren hans har teke kontakt med dei om mannen.

Sprengt personsøker

Foto: Skjermdump / Telegram

UD vil ikkje kommentere saka utover det. Heller ikkje PST vil kommentere kring saka.

Det var tysdag førre veke at fleire personsøkjarar eksploderte i Libanon og Syria.

Ein personsøkjar er eit enkelt apparat samanlikna med smarttelefonar. Dei fungerer med radioteknologi og er vanskelegare å spore for utanforståande.

Desse har Hizbollah nytta til å kommunisere med kvarandre.

Ifølgje Amnesty International har minst 37 menneske vorte drepne og omlag 3000 skadde.

Ingen har teke på seg ansvaret for åtaket, men fleire har peika fingeren mot Israel, mellom anna Hizbollah.

Sundag kunne NRK melde at mannen hadde profil på israelsk nettverksside.

Ifølgje den ungarske nettstaden Telex var eit ungarsk og eit bulgarsk selskap involvert i handelen med personsøkarane.

Nordmannen står som eigar av det bulgarske selskapet. Det har ikkje vore mogleg å oppnå kontakt med nokon av selskapa.

Samstundes avviser både ungarske og bulgarske styresmakter at det har vore importert eller eksportert pakkar med desse personsøkarane gjennom deira land.

Sjå steg for steg korleis åtaket skal ha vore planlagt og skjedd:

Et selskap i Ungarn utga seg for å produsere personsøkere, som Hizbollah skal ha bestilt 5000 av.

Det de ikke visste, var at Israel sto bak selskapet. I personsøkerne gjemte de sprengstoff og sendte det til Libanon.

Hizbollah visste fortsatt ingenting om Israels innblanding og tok i bruk utstyret.

Sekunder etter at Israel trykket på knappen, eksploderte det i hele Libanon. Flere ble drept og veldig mange ble skadd, både voksne og barn.

Kilde: Anonyme kilder til New York Times (NYT) og undersøkelser gjort av BBC Verify. Israel har nektet for at de sto bak angrepet.

Noreg har åtvara

Utanriksminister Espen Barth Eide uttala førre veke at åtaket er eit veldig stort koordinert åtak på tusenvis av menneske.

– Eg opplever dette som ein eskalering i ein allereie svært farleg situasjon. Vi har lenge åtvara mot ein slik eskalering. Dette kan føre til at ein allereie svært alvorleg situasjon i Midtøsten blir enda meir alvorleg om vi nå får ein utvikling mot ein regional storkrig, seier Eide.

Han la til at Israel i dei siste dagane har vore veldig tydeleg på at dei ønskjer å sjå nordover mot Libanon.

Publisert 23.09.2024, kl. 18.00

Read Entire Article