– Dommen er anka av fleire grunnar, seier forsvararen til mannen, Erik Dammen Stoltz til NRK.
6. januar i fjor blei latviske Laura Putane knivstukken og drepen av kollegaen sin på Fefor Høyfjellshotell i Gudbrandsdalen.
Kollegaen hennar, ein mann frå Serbia, har erkjent straffskuld og blei i desember dømt for drapet.
Han blei dømt til 13,5 år i forvaring, med ei minstetid på ni år.
Det er for streng straff, meiner han. Saka ligg no til ankevurdering hos lagmannsretten.
- Les også om då den drapsdømde mannen fortalde i retten at han angra djupt på det han hadde gjort.
Meiner ubetinga fengsel er rett straff
– Dommen er anka både fordi ein meiner tingretten har brukt lova feilaktig, og at ein meiner også det er feil ved straffeutmålinga, seier forsvararen.
– Spesielt då med tanke på spørsmålet om forvaring.
Han meiner vilkåra for forvaring ikkje er til stades.
– Etter vår oppfatning er det tilstrekkeleg med ubetinga fengselsstraff.
Lagmannsretten har enno ikkje vedtatt om saka skal behandlast på nytt i ankedomstolen.
Brutalt drap
Då saka var oppe i tingretten i desember, bad statsadvokat Johan Petter Bærland om at mannen skulle bli dømt til forvaring i 15 år.
Statsadvokaten meinte vilkåra for forvaring var oppfylte, og la blant anna vekt på at drapet var svært brutalt, med 21 knivstikk i overkroppen.
Mannen hadde også fleire valdsdommar i heimlandet sitt, og over tid skal han ha hatt ei åtferd som viser at det kan vere fare for gjentaking.
Difor meinte statsadvokaten at straffa måtte vere streng.
NRK har spurt statsadvokaten om ein kommentar til anken. Han har foreløpig ikkje svart på førespurnaden.
– Stor belastning
Nina Emilie Braathen Hjortdal er bistandsadvokat for dei pårørande. Ho har formidla til dei at saka er anka.
– På generelt grunnlag kan eg seie at det heilt sikkert er ei stor belastning for dei pårørande.
– Dei var glade for at det kom ein dom, og at saka var behandla. Det blei ein forvaringsdom, og det synest dei var rett, seier ho.
Denne veka vart den dømde mannen varetektsfengsla i 12 veker fram til ei eventuell behandling i lagmannsretten.
Publisert 15.01.2025, kl. 12.10 Oppdatert 15.01.2025, kl. 12.13