Anbefaler redusert skjermbruk

21 hours ago 3



– Dette er ei av vår tids store sosiale utfordringar. Barna våre må ikkje bli overlata til algoritmar og teknologiselskap aleine, seier barne- og familieminister Lene Vågslid.

Skjermråda blei først offentlege 5. juni i fjor, og har sidan den gong vore på ekstern høyring. Helsedirektoratet har teke imot over 3500 høyringsinnspel, og no er dei endelege skjermråda klare.

Råda er dei første av sitt slag i Noreg.

I oppdateringa av skjermråda kjem det no eit eige råd om at foreldre bør avgrense barn sin tilgang til digitale einingar med internett, som for eksempel smarttelefonar.

– Mange har etterspurt tydlegare faglege råd og eg håper at dette kan vere eit nyttig verktøy, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

– Nokre av dei historiene me høyrer frå foreldre om kva ungane blir utsette for på nett, er frykteleg. Derfor meiner me at det er viktig å avgrense barn sin tilgang til internett.

En mann i dress står bak et podium med mikrofon under en pressekonferanse. Det er et kunstverk på veggen bak ham som viser ulike motiver, inkludert bygninger og landskapsbilder. Flere personer er til stede i rommet, og en av dem sitter foran. Omgivelsene bidrar til en formell atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Regjeringa presenterer nye råd for skjermbruk.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Dette er råda

  • Mange foreldre har etterspurt råd om kor mykje tid barn burde bruke på skjerm. Helsedirektoratets råd er anbefalingar for den daglege bruken av skjerm for barn og unge:
  • Barn under 2 år bør unngå skjerm heilt, og vaksne som er saman med dei bør avgrense sin skjermbruk
  • Barn mellom 2–5 år bør maksimalt bruke 0,5–1 time per dag på fritida, gjerne mindre.
  • Barn mellom 6–12 år bør maksimalt bruke 1–1,5 time per dag på fritida, gjerne mindre.
  • Ungdom mellom 13–18 år bør maksimalt bruke 1,5–3 time per dag på fritida, gjerne mindre.

Regjeringa legg fram råda på vegner av Helsedirektoratet.

Det er første gong det blir lansert nasjonale faglege råd.

Råda er basert på forsking og erfaringar frå barn, unge og føresette.

Unngå skjerm under amming

Mange av råda blir verande uendra, også etter siste eksterne høyringsrunde.

Kort oppsummert handlar god skjermbruk om å:

  • Ikkje bruk skjerm som trøyst eller for å avleie barn frå negative kjensler
  • Unngå å bruke skjerm under måltid (inkludert amming og flaskemating)
  • Ikkje ha på skjerm i bakgrunnen
  • Unngå skjerm siste timen før leggetid
  • Ikkje ha mobil eller nettbrett ved senga
  • Skjermbruk skal ikkje gå utover fysisk aktivitet, leik, skule, måltid eller sosialt liv

Publisert 08.01.2026, kl. 09.07 Oppdatert 08.01.2026, kl. 09.54

Read Entire Article