Altfor få vil bli yrkessjåfør: – Bransjen skrik etter folk

14 hours ago 7



Me slit med å få tak i nok unge og flinke folk. Bemanningssituasjonen er kritisk i åra framover, seier Arne Slinde Ahlin, daglegleiar, Slinde Transport AS

Tonnevis med varer og tusenvis passasjerar blir kvar dag frakta på norske vegar. Transportbransjen har i mange år slite med å rekruttere nok yrkessjåførar innan gods og persontransport, melder Noregs Lastebileier-Forbund (NLF).

Ein av dei som merkar mangelen, er Ahlin som held til i Lærdal i Vestland.

– Kva må gjerast for at yrket skal bli meir attraktivt?

– Kostnadsnivået på transport må opp, og forbrukarane må førebu seg på å betale meir. Det er status og økonomi det handlar om til sjuande og sist, meiner Ahlin.

Nils Slinde Ahlin, dagleg leiar i Slinde Transport

– Me slit med å få tak i nok unge og flinke folk, seier Ahlin

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Manglar ungdom

– Bransjen skrik etter folk, både på gods og persontransport, seier styreleiar Jim Nybø. Me møter han under Yrkes-NM 2025 i Førde.

Han er dagleg leiar på eit opplæringskontor og styreleiar i samleforumet SOTIN. Dei reknar at Noreg manglar kring 2000 sjåførar per år dei neste åra.

Det er mange grunnar til at bransjen manglar nye føter på pedalane, meiner han.

– Me slit litt med kapasitet på mellom anna førarkort. Det fører til at fleire fell frå, når ventetida blir for lang, seier Nybø.

Manglande kryssløp, få skuleklassar innan teknologi- og industrifag (TIF) og lang reiseveg er nokre av grunnane, meiner han.

NLF illustrasjonsbilder

Foto: Jon Terje Hellgren Hansen

– Det er ei myte om at det er dårleg betalt å vere yrkessjåfør. Løna er bra, vil eg påstå. Me har tariffavtaler med mange verksemder, så det skal ikkje stå på det, seier Nybø.

NLF har tidlegare skrive at den nedgåande trenden også skuldast manglande fleksibilitet i utdanningslaupet og kapasitetsmangel på førarkortopplæring.

Det finaste yrket som finst

Nicolai Sander Yggeseth er nyutdanna yrkessjåfør. Han køyrer matvarer for ASKO Oslofjord AS. Han er ein av dei som deltek på Yrkes-NM i Førde denne våren. Han tykkjer det er trist at ikkje fleire vel sjåføryrket.

– Eg meiner dette er det finaste yrket som finst. Du har «hjørneplass» og vegen som kontor, fortel Yggeseth.

Den nyutdanna yrkessjåføren Nicolai Sander Yggeseth står framfor lastebilen har køyrer for ASKO Oslofjord

Yggeseth er glad i yrket sitt.

Foto: Privat

– Om du er ein person som likar å jobbe, og jobbe mykje, er det absolutt å anbefale, legg sjåføren til.

Yggeseth tykkjer det er trist at ikkje fleire vel sjåføryrket. Han trur noko av grunnen er at tittelen har eit stigma over seg.

– Det er noko anna å sitte bak rattet enn å lese om det i nyheitene. I ulukker med store køyretøy involvert blir ofte skulda lagt på yrkessjåføren.

Han meiner medium må skrive meir positivt om sjåføryrket.

– Det er mange negative artiklar om juks, sjølv om det er få som faktisk juksar med tryggleiken.

Lastebil i fart

Noreg manglar fleire tusen som denne på norske vegar

Foto: NLF

Ljos i tunnelen

– Me ser litt ljos i tunnelen, med tanke på auka i søkjartal til yrkesfag, fortel Jim Nybø i SOTIN.

Men han understrekar at det gjeld å få nok skuleplassar for VG2 Transport og logistikkfag på vidaregåande som er SOTIN sin rekrutteringsarena.

– Det er ein stor arbeidsmarknad. Me har ein sjåførmangel. Så lenge du er villig til å stå på og villig til å lære, så er det svært få firma som ikkje har lyst på deg, seier Yggeseth.

Publisert 12.04.2025, kl. 22.03

Read Entire Article